Erhalte eine Antwort von diesem Arbeitgeber
Dein Lebenslauf und dein Anschreiben, genau auf das zugeschnitten, was gesucht wird.
NAV Hjelpemiddelsentral Vestland i Førde søkjer ein controllar som skal bidra til gode tenester og vågar samfunnsoppdraget. Du får ansvar for budsjettering, prognosar, rapportering og analyser, samt innkjøp og fakturahandtering i ei travel driftsrolle.
Du blir ein viktig støttespelar for leiing og kollegaer, med varierte oppgåver og eit godt fagmiljø. Stillinga gir utviklingsmogelegheiter og delta i nasjonale fagnettverk.
Vi søker deg som ønsker å bidra til gode tenester og til NAV sitt viktige samfunnsoppdrag.
Vår controller går av med pensjon, og ved NAV Hjelpemiddelsentral Vestland, Førde har vi ledig ei fast 100% stilling som controllar med driftsoppgåver.
Du treng ikkje ha lang erfaring for å vere aktuell. Har du relevant utdanning innan økonomi og administrasjon, interesse for økonomistyring, analyse og verksemdsstyring, legg vi til rette for nødvendig opplæring og utvikling.
Som controllar blir du ein viktig støttespelar for leiarane våre. Du vil arbeide med budsjett, prognosar, rapportering og analysar. Stillinga omfattar òg oppgåver innan innkjøp, fakturahandtering, avtaleoppfølging og ulike administrative og driftsrelaterte oppgåver. Gjennom deltaking i nasjonale fagnettverk får du samarbeide med kollegaer frå heile landet og bidra til utvikling, læring og deling av erfaringar.
Du blir ein del av rådgjevingsavdelinga og får ein variert arbeidskvardag med stor innsikt i verksemda vår og tett samarbeid med både leiarar og kollegaer.
NAV Hjelpemiddelsentral Vestland, Førde har 36 tilsette og eit arbeidsmiljø prega av samarbeid, tillit og høg fagleg kompetanse.Saman arbeider vi for å gi brukarar, kommunar og samarbeidspartnarar gode tenester og løysingar som fremjar meistring, deltaking og sjølvstende.
NAV Hjelpemiddelsentral er eit ressurs- og kompetansesenter for hjelpemiddel og tilrettelegging. Vi er ein del av NAV Hjelpemiddel og tilrettelegging, med om lag 1 400 tilsette fordelt på 14 hjelpemiddelsentralar over heile landet.
Som controller vil du få ei viktig rolle i arbeidet med økonomi og drift ved hjelpemiddelsentralen. Du vil ha ansvar for oppfølging av fakturaer og rekneskap, utarbeide prognosar og rapportar, og bidra til god budsjettstyring og økonomisk oppfølging. Stillinga inneber òg oppfølging av innkjøp, avtalar og bestillingar. Vi ønskjer at du bidreg til å utvikle og forbetre rutinar, system og arbeidsmåtar, og er ein aktiv støttespelar for leiarane i arbeidet med planlegging, prioriteringar og ressursstyring. Samstundes vil du bidra til at den daglege drifta ved hjelpemiddelsentralen fungerer godt, og ta del i administrative og praktiske oppgåver ved behov. Andre oppgåver innan drift og administrasjon må også reknast med.
Krav til stillinga
Det er ønskjeleg at du har
For å trivast hos oss bør du lika å ha orden og oversikt, samstundes som du er fleksibel når nye oppgåver kjem på bordet. Du tek ansvar, finn løysingar og set deg raskt inn i nye ting. Vi treng ein som samarbeider godt med andre, byggjer tillit og skapar gode relasjonar. Du må også vere flink til å sjå samanhengar og forstå kva som er viktig for heile verksemda, ikkje berre ditt eige fagområde. Personlege eigenskapar vil bli tillagde stor vekt.