Obtenez une réponse de cet employeur
Votre CV et votre lettre de motivation, adaptés exactement à ce que l’employeur recherche.
Bygdelegane på Voss søker ein engasjert helsesekretær eller medisinsk sekretær til eit 80 % vikariat ved legekontoret. Du får ei viktig og allsidig rolle i den daglege drifta og vil møte pasientar, handtere timebøker og bidra i heilskapleg pasientomsorg.
Du blir ein del av eit lite team med legar, sekretærar og sjukepleiarar, og arbeidar i eit godt arbeidsmiljø med god opplæring og faste arbeidstider.
Bygdelegane på Voss søkjer ein engasjert helsesekretær, medisinsk sekretær eller deg med annan relevant helsefagleg bakgrunn!
Er du ein person som trivst med varierte arbeidsoppgåver, likar å møte menneske og held hovudet kaldt når det skjer mykje på ein gong? Då kan du vera akkurat den me leitar etter!
Hjå Bygdelegane på Voss møter du ein variert og spennande arbeidskvardag der ingen dagar er heilt like. Me er eit samansveisa team med fem legar, to sekretærar og to sjukepleiarar som jobbar tett saman for å gje pasientane våre best mogleg helsehjelp.
Som sekretær hjå oss får du ei viktig og allsidig rolle i den daglege drifta av legekontoret. Arbeidsoppgåvene omfattar mellom anna:
Me ser etter deg som er fagleg engasjert, serviceinnstilt og glad i menneske. Du trivst med ansvar, tek initiativ og likar at arbeidsdagen byr på både små og store utfordringar. Me ønskjer at du:
Erfaring frå legekontor er ein fordel, men ikkje eit krav. Personlege eigenskapar og motivasjon vil bli vektlagde.
Som sekretær hjå oss får du ei viktig og allsidig rolle i den daglege drifta av legekontoret. Arbeidsoppgåvene omfattar mellom anna:
Me ser etter deg som er fagleg engasjert, serviceinnstilt og glad i menneske. Du trivst med ansvar, tek initiativ og likar at arbeidsdagen byr på både små og store utfordringar. Me ønskjer at du:
Hjå Bygdelegane får du meir enn berre ein jobb. Du blir ein del av eit inkluderande og fagleg engasjert arbeidsmiljø, der me hjelper kvarandre og har det kjekt saman!
Stilling: 80 % vikariat i eitt år, med moglegheit for fast tilsetjing.
Oppstart: 1. april 2027. Det er mogleg med opplæring og ekstravakter før oppstart dersom det er ønskjeleg.
Har du spørsmål om stillinga? Ta gjerne kontakt med Elisabeth på telefon 56 53 03 70 eller e-post elhjornevik@gmail.com .