Helsefagarbeidar til 100% fast stilling ved Lokal sikkerheitspost (LS)

Helse Stavanger

Bergen

On-site

NOK 450,000 - 540,000

Full time

14 days+
Application generator

A complete application in a minute — tailored resume and cover letter, ready to send.

Get past ATS filters

Benefits offered by this job

Pensjonsordning
Forsikringsordningar

Job summary

Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, søker Helsefagarbeidar/hjelpepleiar til sikkerheitspsykiatri. Arbeidet krev erfaring frå psykisk helsevern og god samhandling med tverrfaglege team.

Stillinga inneheld 2-delt turnus og krav om politiattest. Eit inkluderande arbeidsmiljø og utviklingsmoglegheiter blir tilbydd.

Qualifications

  • Erfaring fra sikkerheitspsykiatri, psykisk helsevern og/eller rusomsorg.
  • Personleg eigna for å jobbe med pasientgruppa er viktig.
  • Gode språkferdigheiter og evne til å kommunisere med pasientar og kollegaer.

Responsibilities

  • Vurdere og handtere valdsrisiko og gi omsorg og behandling.
  • Arbeide i tverrfagleg team for å balansere tryggleik og behandling.
  • Bidra til eit trygt og godt behandlingsmiljø for pasientar og personale.
  • Sikre at krav til lovverk og prosedyrar blir følgde i daglege rutinar.

Skills

Sikkerheitspsykiatri erfaring
Personleg eigna
Gode kommunikasjonsferdigheter

Education

Norskkunnskap B2/NOR-U3 nivå

Job description

Vil du bidra til å skape meining i tilværet for menneske med vanskelege tankar, åtferd og følelsar og som har utfordringar med mellommenneskelege relasjonar?

Haukeland universitetssjukehus er eit av landets største og mest avanserte sjukehus. Vi jobbar for å fremme helse og livskvalitet.Når du blir tilsett i Helse Bergen, er det viktig for både oss og deg at du får ein trygg og god start.Vi tilbyr deg ein arbeidsplass med høg fagleg standard og moglegheiter for å videreutvikle kompetansen din.

  • Lokal sikkerheitspost (LS) har ledig 100% fast stilling som Helsefagarbeidar/hjelpepleiar, 2-delt turnus og 4. kvar helg i langturnus. For stillinga er det krav om godkjend politiattest. For å oppretthalde samansettinga i personalgruppa oppfordrast menn til å søke.


Klinikk for Sikkerheitspsykiatri består av fem seksjonar. Regional sikkerheitsavdeling, Lokal sikkerheitsavdeling, Sikkerheitspoliklinikk, Seksjon for fengselshelseteneste, og eit regionalt kompetansesenter for sikkerheits-, fengsels- og rettspsykiatri. Ansvaret vårt er å behandle pasientar lokalt frå Helse Bergen HF og frå Helseregion vest. Pasientar som blir innlagd ved sengepostane er underlagd tvungen psykisk helsevern etter § 3.3/ 3,2 i lov om psykisk helsevern eller dom til behandling etter §5.2 i lov om psykisk helsevern.

Eit viktig samfunnsoppdrag
Vårt samfunnsoppdrag er å gi behandling til alvorleg sinnslidande pasientar, som i tillegg treng høgt tryggleiksnivå for å verne samfunnet. Å finne ei optimal balanse mellom tryggleik og behandling for pasient, personalet og samfunnet for øvrig, er ei av våre viktigaste oppgåver. Målet vårt er å gi alle pasientane anledning til auka meistring i ulike fasar av sin sjukdom, samstundes som vi tar omsyn til samfunnets trong til tryggleik.

Sentrale oppgåver er å vurdere og handtere valdsrisiko og samstundes gi omsorg og behandling. Dette gjer vi gjennom fysisk utforming av sengepost, høg kompetanse og klare rutinar. Kvar pasient har ei tverrfagleg primærgruppe kor miljøpersonell, psykiater/ psykolog, ergoterapeut og sosionom arbeider saman om å balansere mellom utvikling for pasienten og tryggleik for alle. Våre pasientar kan vere innlagde over lang tid, mens andre har kortare opphald. Pasienten sine ressursar og sårbare sider er det uansett god anledning til å bli kjent med.
Vedkommande som får tilbod om tilsetting må legge fram tilfredsstillande politiattest (vandel), jfr psykisk helsevernloven § 4A-7 andre ledd.

Kvalifikasjonar
  • Det er ønskeleg med erfaring fra sikkerheitspsykiatri, psykisk helsevern og/eller rusomsorg
  • Personleg eigna for å jobbe med pasientgruppa er ein føresetnad
  • Gode språkkunnskapar er heilt avgjerande for forsvarleg pasientbehandling. Ikkje-nordiske statsborgarar må kunne dokumentere ferdigheiter i norsk på minimum B2/NOR-U3- nivå eller høgare
Personlege eigenskapar
  • Du behandlar pasientar profesjonelt, empatisk og er imøtekommande
  • Du har klare og effektive kommunikasjonsferdigheiter i samarbeid med kollegaer og pasientar
  • Du evnar å sette deg inn i andre sine kjensler og perspektiv
  • Du evnar å tilpasse deg ulike situasjonar og endringar i eit dynamisk arbeidsmiljø
  • Du er ein god teamarbeidar og likar å jobbe tverrfagleg
  • Du bidrar til eit godt arbeidsmiljø
  • Du etterspør rettleiing
  • Du får spennande og utfordrande arbeidsoppgåver i eit fagfelt som gir anledning til god fagleg og personleg utvikling
  • Vi har eit meget godt og inkluderande arbeidsmiljø med kompetente medarbeidarar
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar


Vi oppfordrer alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning fra utlandet, legg ved godkjenning fra Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av flere tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook .
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.

Get your free, confidential resume review.
or drag and drop your file here.