Get more replies from employers
Send a job-specific resume in minutes.
Helse Bergen søker fagbioingeniør til eit vikariat ved Avdeling for medisinsk biokjemi og farmakologi (MBF). Perioden er 12.10.26 til 30.07.27 med moglegheit for forlenging ved Preanalytisk seksjon i samband med utrulling av desentral prøvetaking.
Stillinga er dagstilling. Søkjar må ha norsk autorisasjon som bioingeniør og gjerne 2 års erfaring frå tilsvarande laboratorium. Lønn og vilkår følger gjeldande overeinskomst.
Avdeling for medisinsk biokjemi og farmakologi (MBF) er ein av i alt åtte einingar som er organisert under Laboratorieklinikken i Helse Bergen, og har om lag 370 tilsette. Avdelinga har 12 analytiske og 3 ikkje-analytiske seksjonar, tre legegrupper (medisinsk biokjemi, Hormonlaboratoriet og klinisk farmakologi), i tillegg til NAPOS, NOKLUS Vest, og RELIS.
Vi utfører ei rekkje analysar innan fagområda medisinsk biokjemi og klinisk farmakologi, og har moderne analyseinstrument. I tillegg til ei omfattande rutinedrift som inneber døgnkontinuerleg vaktordning blir det drive forsking og utviklingsarbeid.Laboratoriet er akkreditert etter ISO standard 15189.
Preanalytisk seksjon er den største seksjonen ved MBF og har mellom 40 og 50 bioingeniørar og helsesekretærar knytt til seksjonen til ei kvar tid. Prøvetakinga blir utført ved vår poliklinikk på sjukehuset samt i vår prøvetakingsstasjon i Bergen sentrum og i Nordhordaland. Seksjonen har også ansvar for mottak, registrering og fordeling av prøver til MBF og andre laboratorium ved sjukehuset. Store delar av prøvefordelinga er automatisert. I tillegg har seksjonen ansvar for alle kontorfaglege oppgåver som blir utført ved laboratoriet, samt oppgåver knytta til prosjekt.
Vi lyser no ut vikariat for stilling som fagbioingeniør for perioden 12.10.26 - 30.07.27 med moglegheit for forlenging på Preanalytisk seksjoni samband med utrullinga av desentral prøvetaking i Helse Bergen.
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook .
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.