Get a reply from this employer
Your resume and cover letter, tailored to exactly what they’re hiring for.
Valle kommune søkjer ein fagleg engasjert barnehagelærar til eit 100 % vikariat frå 1. januar 2027 til og med 8. august 2027.
Samarbeid med pedagogisk leiar om planlegging, gjennomføring, dokumentasjon og vurdering av det pedagogiske arbeidet. Vi arbeider med kunnskapsmodellen som felles fagleg grunnlag, med barnet sine behov som utgangspunkt for tilrettelegging og samarbeid med føresette. Helsefremjande oppvekst står sentralt, og inkluderande leik, aktivitet og uteopplevingar fremjar tryggleik
Vil du ta fagleg ansvar og vere med på å utvikle ein barnehage der omsorg, inkluderande leik og meistring står sentralt?
Valle kommune er i vekst, og me gleder oss over aukande barnetal i barnehagen.
Med visjonen «Robuste barn i leikande miljø» søkjer Valle og Hylestad barnehagar ein fagleg engasjert barnehagelærar til eit 100 % vikariat frå 1. januar 2027 til og med 8. august 2027. Saman med pedagogisk leiar får du medansvar for å planleggje, gjennomføre, dokumentere og vurdere det pedagogiske arbeidet.
Me arbeider med kunnskapsmodellen som eit felles fagleg grunnlag, med barnet sine behov som utgangspunkt for tilrettelegging og samarbeid med føresette. Helsefremjande oppvekst er eit sentralt satsingsområde. Gjennom inkluderande leik, fysisk aktivitet og varierte uteopplevingar fremjar me tryggleik, tilhøyrsle, rørsleglede og meistring. Målet er å fremje trivsel og utvikling og bidra til å utjamne sosiale forskjellar.
Barnehagen er organisert i to einingar, Valle og Hylestad.Hylestad-eininga ligg på Nomeland og har tre avdelingar. Valle-eininga ligg i skuleområdet i Valle.Stillinga er for tida lagd til Valle. Ved behov må du kunne arbeide ved begge einingane. Du må kunne arbeide på småbarnsavdeling.
Begge barnehagane har flotte uteområde og natur i nærmiljøet som gir gode høve til leik, utforsking og turar gjennom året.
Alle kvalifiserte kandidatar uansett alder, funksjonsevne, kjønn, seksuell orientering, religion eller etnisk bakgrunn vert oppfordra til å søkje. Arbeidsplassar i Valle kommune skal vere prega av mangfald.
Namnet ditt vil normalt bli offentleggjort i forenkla søkjarliste. Du kan be om å bli unnateke offentlegheit, men da må du grunngje dette skriftleg, jf. offentleglova §25. Kan ikkje kommunen imøtekome dette, vil du bli varsla før søkjarlista blir ferdigstilt.
Cathrine Dvergsnes,Styrar,41876397, cathrine.dvergsnes@valle.kommune.no
Arbeidsgivar: Valle kommune
Referansenr.: 5204090340
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Startdato: 01.01.2027
Sluttdato: 08.08.2027
Søknadsfrist: 22.11.2026