Barne- og ungdomsarbeidar

Valle og Hylestad barnehagar , Valle kommune

Valle

Presencial

NOK 320.000 - 420.000

Jornada completa

Hace 2 días
Sé de los primeros/as/es en solicitar esta vacante

Una candidatura completa en un minuto

Currículum y carta de presentación personalizados, listos para enviar.

Supera los filtros ATS

Ventajas ofrecidas por este puesto de trabajo

Bustadhjelp
Bedriftsleilighet i Kristiansand
Pensjonsordninger
Kultur- og fritidstilbud
Triveleg bygd

Descripción de la vacante

Valle kommune søker ein fagleg engasjert barne- og ungdomsarbeidar til eit 100 % vikariat frå 4. januar 2027 til og med 8. august 2027. Arbeidet skjer ved Valle og Hylestad barnehagar med fokus på omsorg, leik og meistring.

Barnehagen arbeider etter rammeplanen og vektlegg fysiske aktivitetar, uteopplevingar og godt samarbeid med føresette. Startdato er 04.01.2027 og sluttdato 08.08.2027; søknadsfrist 22.11.2026.

Formación

  • Fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar.
  • Søkjarar med anna relevant utdanning kan òg bli vurderte.
  • Politiattest av nyare dato må leggjast fram før tilsetjing.
  • Søkjarar med utanlandsk utdanning må leggje ved dokumentasjon.

Responsabilidades

  • Ha medansvar for planlegging, gjennomføring, dokumentasjon og vurdering av det pedagogiske arbeidet.
  • Ivareta barna sitt behov for omsorg, tryggleik og gode relasjonar.
  • Leggje til rette for inkluderande leik, medverknad og meistring.
  • Bidra til eit nært samarbeid med føresette.
  • Vere ein god rollemodell i møte med barn og vaksne.

Conocimientos

gode norskkunnskapar
kommunikasjon
samarbeid
digital kompetanse
IKT-verktøy

Educación

Fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar

Herramientas

IKT-verktøy

Descripción del empleo

Valle og Hylestad barnehagar , Valle kommune

Vil du vere med på å skape ein barnehagekvardag med omsorg, inkluderande leik og meistring?

Med visjonen «Robuste barn i leikande miljø» søkjer Valle og Hylestad barnehagar ein fagleg engasjert barne- og ungdomsarbeidar til eit 100 % vikariat frå 4. januar 2027 til og med 8. august 2027.

Me arbeider med kunnskapsmodellen og har helsefremjande oppvekst som eit sentralt satsingsområde. Gjennom leik, fysisk aktivitet og varierte uteopplevingar legg me til rette for meistring, rørsleglede og deltaking i fellesskapet. Målet er å fremje trivsel og utvikling og bidra til å utjamne sosiale forskjellar.

Barnehagen er organisert i to einingar, Valle og Hylestad. Hylestad-eininga ligg på Nomeland og har tre avdelingar. Valle-eininga ligg i skuleområdet i Valle. Stillinga er for tida lagd til Valle-eininga. Ved behov må du kunne arbeide ved begge einingane. Du må òg kunne arbeide på småbarnsavdeling.

Begge barnehagane har flotte uteområde og natur i nærmiljøet som gir gode høve til leik, utforsking og turar gjennom året.

Arbeidsoppgåver
  • Ha medansvar for planlegging, gjennomføring, dokumentasjon og vurdering av det pedagogiske arbeidet i tråd med rammeplanen og årsplanen
  • Ivareta barna sitt behov for omsorg, tryggleik og gode relasjonar
  • Leggje til rette for inkluderande leik, medverknad og meistring i det daglege arbeidet
  • Bidra til eit nært og tillitsfullt samarbeid med føresette
  • Vere ein god rollemodell i møte med barn og vaksne
  • Bidra til fagleg utvikling og oppfølging av barnehagane sine satsingsområde
  • Bidra til eit trygt og inkluderande lærings- og arbeidsmiljø for barn og tilsette
Kvalifikasjonar
  • Vi søkjer primært etter deg som har fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar. Søkjarar med anna relevant utdanning og/eller relevant erfaring frå arbeid med barn kan òg bli vurderte.
  • Det er ønskjeleg med relevant erfaring frå arbeid i barnehage, særleg med dei yngste barna
  • Gode norskkunnskapar, skriftleg og munnleg
  • Gode digitale ferdigheiter og evne til å nytte IKT-verktøy i planarbeid og dokumentasjon
  • Politiattest av nyare dato må leggjast fram før tilsetjing.
  • Søkjarar med utanlandsk utdanning må leggje ved dokumentasjon på utdanninga.
Personlege eigenskapar
  • Trygg, varm og tydeleg vaksen som møter barna med omsorg og nærvær
  • Ser alle barn som verdifulle og set barna sine behov i første rekkje
  • Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
  • Arbeider sjølvstendig og målretta
  • Løysingsorientert, positiv og engasjert
  • Merksam på barna sine uttrykk og behov, og tilpassar støtta til kvart enkelt barn
  • Tek medansvar for eit trygt og inkluderande fellesskap prega av respekt og open dialog
  • Personlege eigenskapar vil bli vektlagt
Kva vi tilbyr
  • Eit fagleg fellesskap med vekt på utvikling og samarbeid
  • Godt arbeidsmiljø og engasjerte kollegaer
  • Løn etter gjeldande tariff
  • Kommunen kan hjelpe til med å skaffe bustad
  • Bedriftsleilegheit i Kristiansand sentrum
  • Svært gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Gode kultur- og fritidstilbod for ulike interesser og aldersgrupper
  • Ei triveleg bygd å bu i
Kontaktinformasjon

Cathrine Dvergsnes,Styrar,41876397, cathrine.dvergsnes@valle.kommune.no

Arbeidsstad

Harstadvegen 69
4747Valle

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Valle kommune
Referansenr.: 5204131584
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Startdato: 04.01.2027
Sluttdato: 08.08.2027
Søknadsfrist: 22.11.2026

Valle kommune ligg midt i Setesdal, berre to timars biltur fra kysten. Kommunen har to bygdesentrum, Valle og Rysstad, flott natur med mange moglegheiter for ulike aktivitetar, og eit rikt kultur og fritidstilbod. Kommunen har om lag 1200 innbyggjarar.

Besøk gjerne heimesida vår: http://www.valle.kommune.no/

Consigue la evaluación confidencial y gratuita de tu currículum.

o arrastra y suelta tu archivo aquí

Similar jobs

Puestos de trabajo similares que vale la pena comparar

Barnehagelærar 100% Valle og Hylestad barnehagar,Valle kommune
Barnehagelærar 100% Valle og Hylestad barnehagar,Valle kommune

Valle kommune • Valle

Presencial
NOK 440.000 - 580.000
Bustad hjelp
Bedriftsleiligheit i Kristiansand
Pensjons- og forsikringsordningar
+2
Tilsynsførar
Tilsynsførar

Setesdal barnevern, Valle kommune • Valle

Presencial
NOK 276.000 - 413.000
Løn etter avtale (timesbasert)
Kjøregodtgjering og utgiftsdekning
Rettleiing i oppdraga
+1
Barne- og ungdomsarbeidere
Barne- og ungdomsarbeidere

Havåsen barnehage, Kristiansand kommune • Kristiansand

Presencial
NOK 480.000 - 560.000
Gode pensjons- og forsikringsordninger
Gratis parkering
Barne- og ungdomsarbeidere
Barne- og ungdomsarbeidere

Kristiansand kommune • Søgne

Presencial
NOK 380.000 - 420.000
Barne- og ungdomsarbeidere
Barne- og ungdomsarbeidere

Kristiansand kommune • Kristiansand

Presencial
NOK 420.000 - 540.000
Fagarbeider, vikariat
Fagarbeider, vikariat

Kjersti Saupstad • Leknes

Presencial
NOK 480.000 - 560.000
Inkluderende arbeidsmiljø
Kompetanseutvikling
Lønns- og forsikringsordninger
+1
Barnehagelærar i Golvsengane
Barnehagelærar i Golvsengane

Golvsengane barnehage, Stad kommune • Nordfjordeid

Presencial
NOK 600.000 - 700.000
Gode pensjons- og forsikringsordningar
Busette i Stad kommune i minst eitt år
Lånekassen-ordning for studielån avslå
Pedagogisk leder
Pedagogisk leder

Avaldsnes barnehage*, Karmøy kommune • Avaldsnes

Presencial
NOK 420.000 - 540.000
Gode pensjons og forsikringsordninger
Generelle lønnsplasseringer i henholdt
Me treng fleire dyktige ringevikarar til barnehagane på Varhaug
Me treng fleire dyktige ringevikarar til barnehagane på Varhaug

Hå kommune Barnehagene Varhaug • Varhaug

Presencial
NOK 262.000 - 372.000
Variert arbeidstid
Godt arbeidsmiljø
Veiledning ved behov
Fagarbeidar i barnehage
Fagarbeidar i barnehage

Ingunn Mo • Norheimsund

Presencial
NOK 320.000 - 440.000
Gode pensjons- og forsikringsordningar
Kommunale arbeidsvilkår
Ubicaciones