Enable job alerts via email!
En barnehage i Bergen søker engasjerte barnehagelærere til tre ledige stillinger, inkludert faste og midlertidige vikariater. Du vil jobbe med barns læring i et trygt og utviklende miljø. Kvalifikasjoner inkluderer godkjent barnehagelærerutdanning og kommunikasjonsevner. Vi tilbyr et støttende arbeidsmiljø og muligheter for faglig utvikling.
Helse Bergen eig og drift fire barnehagar med til saman om lag 250 plassar. Vinterdalen og Hunstad barnehage har no tre ledige barnehagelærarstillingar frå desember 2025. To av stillingane er faste – ei i Hunstad og ei i Vinterdalen – medan den tredje er eit mellombels vikariat i Vinterdalen frå 15.12.25 til 31.07.26. Vi søker engasjerte og varme barnehagelærarar til desse stillingane.
Vi ser etter deg som er positiv, raus og fleksibel i møte med både barn, kollegaer og føresette. Du er opptatt av å byggje gode relasjonar og bidra til eit trygt og utviklande miljø for alle i barnehagen. Du har eit ekte engasjement for barns leik og læring, og forstår verdien av å vere til stades i kvardagen – både som ein trygg vaksen og som ein aktiv deltakar i barnas opplevingar og utforsking.
Gjennom refleksjon og utvikling skal vi skape gode kvardagar for barn og tilsette, og vi er opptatt av erfaringsdeling og kompetanseheving i organisasjonen vår. Livsmeistring og helse er satsingsområdet vårt, og det er tett samarbeid mellom barnehagane kor vi hentar idear og inspirerer kvarandre i dette arbeidet. Vi har «Inkluderande leike- og læringsmiljø» som utviklingsprosjekt og er i startfasen når det gjeld leik med digitale verktøy; do:be er eit av våre digitale verktøy.
Barnehagane i Helse Bergen tar del i internasjonalt samarbeid gjennom EU-programmet Erasmus +; alle våre tilsette kan søke om å delta på studietur og besøke barnehagar i andre land. Internasjonalt samarbeid er ei unik moglegheit til å utvikle kvalitet ved å sjå på praksis i andre land og gjennom refleksjon med andre utdanningsinstitusjonar samtidig få eit blikk på eigen praksis.
Synest du dette verkar spennande, og ser på deg sjølv som ein fagleg og engasjert barnehagelærar, er du velkomen til å søke stillingane hos oss. Vi treng motiverte medarbeidarar som vil vere med å gi barna våre gode kvardagar.
Vi oppmodar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Arbeidsstad: Sandviksleitet 1, 5036 Bergen
Styrar Vinterdalen barnehage: Arnhild Baarøy, 99757095
Styrar Hunstad barnehage: Irene Becker Pedersen, 92249603
Arbeidsgivar: Helse Bergen HF
Referansenr.: 5018505268
Stillingsprosent: 100% (Fast, Vikariat)
Startdato: 01.12.2025
Søknadsfrist: 12.10.2025
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare 14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er også viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook. Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga.