Get a reply from this employer
Your resume and cover letter, tailored to exactly what they’re hiring for.
Stad kommune i Selje barnehage søkjer engasjert og omsorgsfull barne- og ungdomsarbeidar til ei 100% fast stilling frå 04.01.2027. Barnehagen har ca. 50 barn og 15 tilsette, og ligg sentralt i Selje med naturskjønne omgjevnadar.
Du vil bidra til tryggleik, leik og læring, samarbeid med foreldre og kollegaer, og delta i det daglege arbeidet med oppfølging av barna. Krav: fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar, eller omsøker med motivasjon til fagbrev.
Er du engasjert og omsorgsfull, og ønskjer å bidra til å skape ein trygg, kreativ og utviklande kvardag for barn?
Selje barnehage er ein kjekk og inspirerande arbeidsplass, og vi har ledig 100 % fast stilling som barne- og ungdomsarbeidar frå 04.01.2027.
Barnehagen ligg sentralt i sentrum av Selje og har eit mangfald av barn frå ulike land og kulturar. Barnehagen har tre avdelingar, Tyttebærtua, Blåklokka og Solsikka, med om lag 50 barn og 15 tilsette.
Hos oss får du vere med i eit inkluderande og støttande arbeidsmiljø.Vi legg stor vekt på samarbeid, fagleg utvikling og trivsel både for barn og personale.Barnehagen vår ligg i naturskjøne omgjevnader, med kort veg til hav, fjell og flotte turområde – ein perfekt plass for barn å vere ute og oppleve naturen på nært hald.
Er du klar for å skape gode opplevingar og minner for barna, samtidig som du bidrar til eit positivt og utviklande arbeidsmiljø?
Stad kommune har seks månader prøvetid. Politiattest skal leggjast fram ved tilsetjing.
Vi gjer merksame på at etter § 25 i offentleglova kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjar oppmodar om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Oppmoding om unnatak må grunngjevast.
Har du spørsmål eller ønskjer meir informasjon? Kontakt gjerne styrar Heidi Løvold, tlf 97 99 04 36.
Heidi Løvold,Styrar Selje barnehage,97 99 04 36,heidi.lovold@stad.kommune.no
6740 Selje