A complete application in a minute
Tailored resume and cover letter, ready to send.
Stad kommune søker barnehagelærar til 100% fast stilling ved Selje barnehage frå 04.01.2027. Barnehagen ligg sentralt i Selje og har ca. 50 barn og 15 tilsette.
Du skal arbeide systematisk og målretta med pedagogisk utvikling, bidra til eit inkluderande arbeidsmiljø og planlegge den daglege oppfølginga av barna, i tett samarbeid med føresette og kollegaer.
Er du engasjert og omsorgsfull, og ønskjer å bidra til å skape ein trygg, kreativ og utviklande kvardag for barn?
Selje barnehage er ein kjekk og inspirerande arbeidsplass, og vi har no ledig 100 % fast stilling som barnehagelærar frå 04.01.2027.
Barnehagen ligg sentralt i sentrum av Selje og har eit mangfald av barn frå ulike land og kulturar. Barnehagen har tre avdelingar, Tyttebærtua, Blåklokka og Solsikka, med om lag 50 barn og 15 tilsette.
Hos oss får du vere med på å utvikle og tilpasse det pedagogiske arbeidet i eit inkluderande og støttande arbeidsmiljø.Vi legg stor vekt på samarbeid, fagleg utvikling og trivsel både for barn og personale.Barnehagen vår ligg i naturskjøne omgjevnader, med kort veg til hav, fjell og flotte turområde – ein perfekt plass for barn å vere ute og oppleve naturen på nært hald.
Som barnehagelærar hos oss får du ansvar for å arbeide systematisk og målretta med det pedagogiske arbeidet, og du vil vere ein viktig del av eit engasjert team som har barnas beste i fokus!
Er du klar for å skape gode opplevingar og minner for barna, samtidig som du bidrar til eit positivt og utviklande arbeidsmiljø?
Stad kommune har seks måneder prøvetid. Politiattest skal leggjast fram ved tilsetjing.
Vi gjer merksame på at etter § 25 i offentleglova kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjar oppmodar om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Oppmoding om unnatak må grunngjevast.
Heidi Løvold, Styrar Selje barnehage, 97 99 04 36, heidi.lovold@stad.kommune.no
6740 Selje
Arbeidsgivar: Stad kommune
Referansenr.: 5201924605
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 22.11.2026