Stand out for this role — generate a tailored resume and cover letter in about a minute.
Vognstølen barnehage i Bergen ønskjer å tilsette ein engasjert assistent eller barne- og ungdomsarbeidar for å gi barna ein kvardag fylt med omsorg, leik og gode opplevingar.
Tilsette må ha fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar eller relevant utdanning/erfaring, samt gode norskkunnskapar og grunnleggande IKT-kompetanse. Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst og eit trygt arbeidsmiljø blir tilbydd.
Vognstølen barnehage er ein av fire barnehagar i Helse Bergen har plass til over 70 barn i alderen 1 til 6 år.
Hos oss står leik, fellesskap og trivsel i sentrum. Vi ser på leik som barnas viktigaste arena for læring, utvikling og vennskap, og dei tilsette deltek aktivt i leiken, byggjer videre på initiativa til barna og legg til rette for utforsking og meistring.
Barnehageåret 26-27 har vi i fokus på å bruke digitale verktøy som ein naturlig del av leik, utforsking og læring i barnehagen.
Humor, glede og gode relasjonar pregar kvardagen vår, og vi arbeider målretta for å skape eit trygt, inkluderande og utviklande miljø for både barn og vaksne. No søker vi ein engasjert assistent eller barne- og ungdomsarbeidar som ønsker å vere med og gi barna ein kvardag fylt med omsorg, leik og gode opplevingar.
Vedkommande som får tilbod om stillingamå legge fram tilfredsstillande politiattest jmf. Lov om barnehager §30.
Søknadsfrist:
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook .
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.