Turn this role into an interview — a resume and cover letter built around what this employer wants.
Helse Bergen HF søker engasjert barne- og ungdomsarbeidar/assistent i barnehage ved Haukelandsveien 38 i Bergen. Arbeidet inneber dagleg kontakt med føresette, samarbeid i team og ansvar for å skape eit trygt og godt barnehagemiljø for barn frå 0–6 år.
Vi ser etter fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar eller tilsvarande, gode norskkunnskapar og grunnleggande IKT-kompetanse. Tilbodet inkluderer eit triveleg arbeidsmiljø, god fagleg utvikling og lønn i tråd med gjeldande overeinskomst.
Stillingstittel Barne- og ungdomsarbeidar/ assistent i barnehage
Vognstølen barnehage er ein av fire barnehagar i Helse Bergen har plass til over 70 barn i alderen 1 til 6 år.
Hos oss står leik, fellesskap og trivsel i sentrum. Vi ser på leik som barnas viktigaste arena for læring, utvikling og vennskap, og dei tilsette deltek aktivt i leiken, byggjer vidare på initiativa til barna og legg til rette for utforsking og meistring.
Barnehageåret 26-27 har vi i fokus på å bruke digitale verktøy som ein naturlig del av leik, utforsking og læring i barnehagen.
Humor, glede og gode relasjonar pregar kvardagen vår, og vi arbeider målretta for å skape eit trygt, inkluderande og utviklande miljø for både barn og vaksne. No søker vi ein engasjert assistent eller barne- og ungdomsarbeidar som ønsker å vere med og gi barna ein kvardag fylt med omsorg, leik og gode opplevingar.
Vedkommande som får tilbod om stillingamå legge fram tilfredsstillande politiattest jmf. Lov om barnehager §30.
Irene Becker Pedersen