An application made for this job — a tailored resume and cover letter that speak straight to the posting.
Vognstølen barnehage i Bergen ønskjer ein engasjert assistent eller barne- og ungdomsarbeidar. Arbeidet fokuserer på leik, omsorg og tryggt miljø for barn i alderen 0–6 år, med samarbeid med tilsette og foresatte. Søkar må ha fagbrev eller relevant utdanning/erfaring, og beherske norsk godt skriftleg og munnleg, samt ha grunnleggande IKT-kunnskapar.
Stillinga er 100% fast, og lønn vert gitt i tråd med gjeldande overeinskomst. Vitnemål og utanlandsk utdanning må dokumenterast ved søknad.
Vognstølen barnehage er ein av fire barnehagar i Helse Bergen har plass til over 70 barn i alderen 1 til 6 år.
Hos oss står leik, fellesskap og trivsel i sentrum. Vi ser på leik som barnas viktigaste arena for læring, utvikling og vennskap, og dei tilsette deltek aktivt i leiken, byggjer videre på initiativa til barna og legg til rette for utforsking og meistring.
Barnehageåret 26-27 har vi i fokus på å bruke digitale verktøy som ein naturlig del av leik, utforsking og læring i barnehagen.
Humor, glede og gode relasjonar pregar kvardagen vår, og vi arbeider målretta for å skape eit trygt, inkluderande og utviklande miljø for både barn og vaksne. No søker vi ein engasjert assistent eller barne- og ungdomsarbeidar som ønsker å vere med og gi barna ein kvardag fylt med omsorg, leik og gode opplevingar.
Vedkommande som får tilbod om stillingamå legge fram tilfredsstillande politiattest jmf. Lov om barnehager §30.
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.