Stand out for this role — generate a tailored resume and cover letter in about a minute.
Haram kommune i Brattvåg søker ein motivert og engasjert tilsett som barne- og ungdomsarbeidar ved Brattvåg barneskule. Fast stilling, med snarleg oppstart og mogleg tilpassningar av stillingsprofilen, i eit godt kollegium og eit sosialt og lærande miljø.
Skulen har om lag 200 elevar, brukar nynorsk i opplæringa og har eit mål om tryggleik og godt læringsmiljø. Arbeidet skjer i samarbeid med andre kommunale tenester i Haram.
Brattvåg barneskule får ledig ei fast stilling som barne- og ungdomsarbeidar, med snarleg oppstart. Stillinga kan justerast.
Vi søkjer ein motivert og engasjert tilsett som har lyst til å gjere ein forskjell for elevane våre. Du vert då ein del av vårt flotte kollegie og får vere med å bidra til eit positivt, sosialt og lærande miljø.
Brattvåg barneskule er ein 1.-7. skule som ligg sentralt plassert i Brattvåg med fjell og sjø i nærleiken. Vi har i underkant av 200 elevar frå mange ulike nasjonar.
Skulen har innført leik og læring på dei minste trinna for å auke den sosiale tryggleiken, samt gjere overgangen mellom barnehage og skule mindre. Vi har også uteskule for alle trinna ein dag i veka for å gjennomføre ei annleis undervisning. Skulen har eit godt og tverrfagleg samarbeid med ulike instansar i kommunen.
Skulen har vore sertifisert som dysleksivennleg skule sidan 2017 og vi brukar nynorsk i opplæringa. Vi har eit særleg fokus på begrepsopplæring på trinna.
I kommunalområde Barnehage og skule har vi fleire kommunale barnehagar og skular. Vi ser etter deg som er engasjert og omsorgsfull, og som ønskjer å skape meiningsfulle og inspirerande kvardagar for barn. Bli med i teamet vårt og ver med å forme framtida.
I Haram kommune er gode, heilskaplege tenester i fokus. Vi er opptatt av å jobbe på tvers av tenestene, for å saman skape robuste tilbod for innbyggjarar og næringsliv.
Haram kommune har om lag 9400 innbyggarar. Haram er ein av fylket sine fremste industrikommunar, og med stolte skipsbyggartradisjonar er Haram ein viktig del av den maritime klynga på Sunnmøre.Heile 47 prosent av arbeidsplassane i kommunen er i industrien. I tillegg har Haram viktige framtidsretta arbeidsplassar i den marine næringsmiddelindustrien. Fiskeri er også ei viktig næring i kommunen.
Haram har eit rikt idretts- og kulturliv, med stor aktivitet innan kor, korps, teater og ungdomsarbeid.Fjord, fjell og nydeleg natur rett utanfor stovedøra gir også svært mange moglegheiter for ulike typar friluftsliv overalt i kommunen.
Haram kommune ligg lett tilgjengeleg på Sunnmøre, 40 minutts køyretur frå Ålesund sentrum, 35 minutt frå Moa-området og 45 minutt fra Ålesund Lufthavn, Vigra. Kommunesenteret finn du i Brattvåg, men kommunen har og fleire andre tettstadar; Vatne/Tennfjord, Søvik og Austnes.