Barne- og ungdomsarbeidar/assistent i skule og SFO

Ole André Lukkedal

Haram

On-site

NOK 168,000 - 252,000

Part time

14 days+
Application generator

Get a reply from this employer — a resume and cover letter tailored to exactly what they’re hiring for.

Get past ATS filters

Benefits offered by this job

Ny og moderne skule
God pensjonsordning
Godt arbeidsmiljø

Job summary

Haram kommune søker barne- og ungdomsarbeidar/assistent til Eidet skule og SFO i Haram. Ledige stillingar på 60% og 40% med snarlig oppstart, faste årsstillingar, startdato 01.10.2026, søknadsfrist 13.09.2026.

Stillinga gir trygg arbeidssituasjon i ein ny skule med fokus på inkluderande miljø og samarbeid mellom skule og SFO. Arbeidsplassen ligg i Vatnevegen 41, og det vert lagt vekt på omsorg, seriøsitet og god rapportering.

Qualifications

  • Fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar eller anna relevant utdanning/erfaring.
  • Erfaring med arbeid med barn i skule, SFO og barnehage.
  • Beherske norsk godt både skriftleg og munnleg.
  • Godkjent politi- og tuberkulinattest.

Responsibilities

  • Gje omsorg og vere ein trygg vaksenperson for kvart enkelte barn.
  • Gje barn positiv oppfølging og støtte.
  • Følgje opp enkeltelevar med særskilte og samansete behov.
  • Rettleie barn i leik og aktiviteter.
  • Legge til rette for og gjennomføre aktivititetar i skule og SFO.
  • Personleg assistanse i høve av- og påkledning, stell og pleieoppgåver og måltid.
  • Samarbeide med skulen sine tilsette.
  • Samarbeide med andre faginstansar ved behov.

Education

Fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar, eller anna relevant utdanning/erfaring

Job description

Har du lyst å vere med og arbeide som barne- og ungdomsarbeidar/ assistent på Eidet skule og SFO i Haram kommune? Vi har ledig to faste stillingar på 60% og 40% med oppstart snarast råd. Stillingane følgjer vanleg arbeidsår. Eidet skule er ein flott og heilt ny skule med om lag 400 elevar frå 1. til 10. trinn og om lag 120 barn på SFO. Skulen ligg fint til mellom bygdene Vatne og Tennfjord ved foten av Ramnfloget med Eidet kulturhall og Ravn Stadion som næraste naboar. Vi har flotte fasilitetar med topp moderne undervisningslokale, spesialrom til alle fag, gode arbeidsrom, 1-1 dekning med IPad/PC, elevkantine, amfi og bibliotek.

Vi fokuserer på å skape ein trygg og inkluderande skule som opnar dører mot verda og framtida for elevane våre. Det er tett samarbeid mellom skule og SFO. Vi ønskjer å skape ein skule som er ein nær del av lokalsamfunnet, og som elevar, tilsette og føresette er stolte over å vere ein del av.

I kommunalområde Barnehage og skule har vi fleire barnehagar og skular. Vi ser etter deg som er engasjert og omsorgsfull, og som ønskjer å skape meiningsfulle og inspirerande kvardagar for barn. Bli med i teamet vårt og ver med på å forme framtida

Haram kommune er ein ambisiøs kommune, der gode og heilskaplege tenester er i fokus. Vi er opptatt av å jobbe på tvers av tenesteområda våre, slik at vi saman kan skape robuste tilbod for innbyggjarar og næringsliv.

Arbeidsoppgåver
  • Gje omsorg og vere ein trygg vaksenperson for kvart enkelte barn
  • Gje barn positiv oppfølging og støtte
  • Følgje opp enkeltelevar med særskilte og samansette behov
  • Rettleie barn i leik og aktiviteter
  • Legge til rette for og gjennomføre aktivititetar i skule og SFO
  • Personleg assistanse i høve av- og påkledning, stell og pleieoppgåver og måltid
  • Samarbeide med skulen sine tilsette
  • Samarbeide med andre faginstansar ved behov
Kvalifikasjonar
  • Fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar, eller anna relevant utdanning/erfaring
  • Erfaring med arbeid med barn i skule, SFO og barnehage
  • Beherske norsk godt både skriftleg og munnleg
  • Godkjent politi- og tuberkulinattest
Personlege eigenskapar
  • Liker å arbeide med barn og unge og spesielt dei som treng ekstra støtte
  • God voksen rollemodell med gode omsorgsevner og med fokus for kvart enkelt barn
  • Kunne arbeide både sjølvstendig og saman med andre
  • Ansvarsfull, engasjert og tar initiativ
  • Trivast i ein aktiv kvardag med både inne- og uteaktivitetar
  • Har lyst å skape gode arbeidsdagar i lag med elevar og kollegaer
  • Positiv og godt humør
  • Personlege eigenskapar vert vektlagt
Vi tilbyr
  • Ei spanande stilling der du kan gjere ein positiv skilnad i barn sine liv
  • Ny og moderne skule og SFO
  • Eit godt arbeidsmiljø med dyktige medarbeidarar som er opptatt av å saman skape eit trygt og godt skulemiljø
  • Vere del av eit lokalsamfunn i vekst der mykje positiv aktivitet vert skapt
  • Løn i samsvar med gjeldande tariffavtale
  • God pensjonsordning
Kontaktinformasjon

Ole André Lukkedal,Rektor,48112398,ole.andre.lukkedal@haram.kommune.no

Arbeidsstad

Vatnevegen 41
6265VATNE

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Haram kommune
Referansenr.: 5166584691
Stillingsprosent: 60, 40%
Fast
Startdato: 01.10.2026
Søknadsfrist: 13.09.2026

Get your free, confidential resume review.
or drag and drop your file here.
Similar jobs

Similar jobs worth comparing

Barne- og ungdomsarbeidar/assistent i skule og SFO
Barne- og ungdomsarbeidar/assistent i skule og SFO

Arbeidsplassen • Vatne

On-site
NOK 250,000 - 350,000
Tariffavtale lønn
God pensjonsordning
Ny og moderne skule
Barne- og ungdomsarbeidar
Barne- og ungdomsarbeidar

Unni N Krogsæter • Brattvåg

On-site
NOK 420,000 - 520,000
Gode kollegaer
Opplæring vil bli gitt
Løn i følgje tariff
+1
Tilkallingsvikarar som lærar og assistent
Tilkallingsvikarar som lærar og assistent

Arbeidsplassen • Vatne

On-site
NOK 450,000 - 550,000
Betydning for barn
Moderne skule/SFO
Godt arbeidsmiljø
+2
Trygg barne- og ungdomsarbeidar i ny skule og SFO
Trygg barne- og ungdomsarbeidar i ny skule og SFO

Ole André Lukkedal • Haram

On-site
NOK 168,000 - 252,000
Ny og moderne skule
God pensjonsordning
Godt arbeidsmiljø
Tilkallingsvikarar Haram bustader og Solbakken bukollektiv
Tilkallingsvikarar Haram bustader og Solbakken bukollektiv

Linn Borgund • Brattvåg

On-site
NOK 400,000 - 500,000
Mulighet for personlig utvikling
Kreativt arbeidsmiljø
Lønn etter tariffavtale
Vikariat som Barne- og ungdomsarbeider
Vikariat som Barne- og ungdomsarbeider

Rune Myklebust Bratthammer • Stavanger

On-site
NOK 320,000 - 380,000
Yogatrening
Svømmehall-tilgang
PAN-kunstklubb
+1
Barne- og ungdomsarbeider /assistent
Barne- og ungdomsarbeider /assistent

Arbeidsplassen • Bergen

On-site
NOK 420,000 - 480,000
Gode pensjons- og forsikringsordninger
IA bedrift
Inkluderende IA-bedrift
+1
Barne- og ungdomsarbeider/assistent,
Barne- og ungdomsarbeider/assistent,

Anna Kristine Halvorsrud • Sørumsand

On-site
NOK 420,000 - 520,000
Gode pensjonsordninger
Forsikringer inkl. ulykkesforsikring
Bedriftsidrettslag
+1
Barne- og ungdomsarbeider/ helsefagarbeider
Barne- og ungdomsarbeider/ helsefagarbeider

Arbeidsplassen • Bergen

On-site
NOK 360,000 - 460,000
Engasjerte medarbeidere
Flott arbeidsmiljø
Barne og ungdomsarbeidere
Barne og ungdomsarbeidere

Vidar Monsen Thune • Stavanger

On-site
NOK 420,000 - 520,000
Gode velferdsordninger
Pensjons- og forsikringsordninger
Lønn etter tariffavtale