A complete application in a minute
Tailored resume and cover letter, ready to send.
Nissedal kommune i Telemark søkjer ein engasjert avdelingsleiar til heimebaserte tenester. Du vil leia dyktige medarbeidarar og vere ein viktig bidragsytar i utviklinga av tenesteområdet, med ansvar for fag, personal og økonomi.
Du samarbeider tett med brukarar, pårørande og samarbeidspartnarar, og bidrar til innovasjon og god ressursutnytting. Stillinga gir høve til påverkning, eit godt fagmiljø og konkurransedyktig lønn.
Vil du vere med og utvikle framtidas helse- og omsorgstenester i vakre Nissedal ?
Vi søkjer ein engasjert, tydeleg og utviklingsorientert avdelingsleiar til våre heimebaserte tenester.
Som avdelingsleiar får du ei sentral rolle i arbeidet med å sikre gode, trygge og framtidsretta tenester til innbyggjarane våre. Du vil leie dyktige medarbeidarar og vere ein viktig bidragsytar i utviklinga av tenesteområdet. Heimebaserte tenester består av heimesjukepleia, drift av korttidsavdelinga og KAD plass samt heimehjelp.
Vil DU vere med på laget vårt ?
Personlege eigenskapar vil bli tillagde stor vekt.
Ei spennande og meiningsfull leiarstilling
Moglegheit til å påverke og utvikle framtidas tenester
Eit godt fagmiljø med engasjerte medarbeidarar
Konkurransedyktig lønn
Gode pensjons- og forsikringsordningar
Vil du vere med og gjere ein forskjell for innbyggjarane våre? Då ønskjer vi å høyre frå deg.
Hannelore Karlsen, Kommunalsjef velferd, +47 92462619
Treungvegen 398
3855 Treungen
Arbeidsgivar: Nissedal kommune
Referansenr.: 5202898655
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 22.11.2026