A complete application in a minute
Tailored resume and cover letter, ready to send.
Øygarden kommune søker ein engasjert avdelingsleiar til MMNF i Straume. Du får ansvar for dagleg drift, fag- og personalansvar, og blir del av einingsleiing.
Stillinga ligg i Straume og har fleksitidsordning, 37,5 timars veke og støttefunksjonar innan HR, økonomi og lønn. Vi søkjer ein trygg, tydeleg leiar som kan utvikle tenestene og samarbeide tett med brukarar og tilsette.
Vi søkjer ein engasjert, tydeleg og utviklingsorientert avdelingsleiar til Straumehagen omsorgsbase og Straume Arbeids og aktivitetssenter Dette er ei spennande leiarstilling for deg som ønskjer å gjere ein forskjell kvar dag – både for tenestemottakarar og medarbeidarar.
Tenester til menneske med nedsett funksjonsevne (MMNF) består av 10 bufellesskap og omsorgsbustader med personalbase og 3 arbeids- og aktivitetssenter.
Ved Straumehagen omsorgsbase gir vi tenester til menneske med nedsett funksjonsevne som bur i omsorgsbustader, kommunale bustader og eigne bustader. Tenestene blir i hovudsak ytt gjennom eit ambulant team som følgjer opp den enkelte der dei bur, med mål om å fremje meistring, sjølvstende og deltaking i kvardagslivet.
Avdelinga har i dag om lag ni årsverk, men er i vekst, og både tenestetilbod og bemanning er venta å auke i åra som kjem.
Straume arbeids og aktivitetssenter har om lag åtte årsverk, i tillegg til følgjepersonell frå bufellesskapa i kommunen. Vi har omlag 30 tenestemottakarar som får dagtilbod fra SAAS.
Avdelingene har tilsette med variert fagbakgrunn, mellom anna sjukepleiarar, vernepleiarar, miljøterapeutar og helsefagarbeidarar.
Arbeidsplassen ligg sentralt på Straume, med kort veg til offentleg transport og kommunedelsenter.
Som avdelingsleiar blir du del av einingsleiar si leiargruppe. Du får ansvar for fag, personal og dagleg drift av avdelinga, og vil ha tilgang til støttefunksjonar innan HR, økonomi og løn. Stillinga har fleksitidsordning og 37,5 timars arbeidsveke inkludert betalt lunsj.
Personleg eignaheit vil bli tillagt stor vekt.
Kristin Straume
einingsleiar MMNF
Tlf. 997 99 526
Elin Kleppe Alfstad
assisterande einingsleiar MMNF
Tlf. 477 97 112
Øygarden kommune ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggja til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det. Etter utløpet til søknadsfristen, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak fra innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar, kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bede om ikkje å vert ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkjaren varsla om dette. Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga.