Stand out for this role — generate a tailored resume and cover letter in about a minute.
Voss herad Hagahaugen Drift søker ein 6,5 % fast stilling som assistent, som helgevikar kvar 3. søndag med moglegheiter for ekstravakter. Stillinga omfattar resepsjonsansvar, hovudansvar for terapibasseng og drift av konferansesal, i tillegg til reinhald og daglege rutinar.
Arbeidsstaden ligg i Vestland og er del av eit team som gjev god service til innbyggarane. Søkjar må vere serviceinnstilt og fleksibel, og vere villig til å arbeide i turnus med helge- og eventuelle ekstravakter.
Hagahaugen drift søker assistent i 6,5% fast stilling som helgevikar kvar 3.søndag med moglegheiter for ekstravakter.
Stillinga inneber resepsjonsansvar med hovudansvar for terapibasseng. Betjene kasse, telefon, kundekontakt samt utleie av konferansesal. Det ligg også reinhald samt driftsrutinar til stillinga.Stillinga inngår i turnus med jobb kvar 3.søndag.
Søkjer du arbeid hjå oss og har ein partner du vil ha med deg, finn gode argument for kvifor de skal flytta hit på Hardanger og Voss kallar . Her ligg det ledige stillingar i regionen.
Me ynskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal gje eit bilete av folkesetnaden generelt. Me oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje jobb hjå oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller kulturell bakgrunn. Etter søknadsfristen vert det sett opp ei offentleg søkjarliste som innehold namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. I fylgje Offentleglova § 25 2. ledd kan opplysningar om søkjaren verta offentleggjort sjølv om søkjaren har bede om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjaren vert varsla dersom førespurnaden ikkje vert teken til fylgje.
Om du har gullmedalje fra OL eller helst ser sport på TV, er du ein av oss. Om du diggar smalahove eller er vegetarianar, er du ein av oss. Om du hoppar i fall‑skjerm eller går tur på flatmark, er du ein av oss. Vossingane er stolte, av seg sjølve, av bygda, av maten og kulturen. Vil du verta ein av oss, skal me ta godt vare på deg. Her får du lov til å lukkast. Me garanterer at du finn noko å driva med, også når du har fri. Og treng du andre impulsar, er vegen kort til både Bergen og fjorden. No kan du verta ein del av laget, me treng deg.
Livet er meir enn arbeid. På Voss kan du gå på ski om vinteren eller på fjelltur om sommaren, nokon et smalahove, høyrer på jazz eller driv med ekstremsport.Vossevangen er regionsenteret vårt. Me har eit godt utbygt næringsliv, er eit senter for utdanning i regionen og me er eit knutepunkt mellom aust og vest. Bergensbanen går gjennom Vossevangen, og me har godt togsamband til både Bergen og Oslo.Voss herad har om lag 16.000 innbyggjarar og er den største arbeidsgjevaren i bygda, med om lag 1350 tilsette. Nynorsk er administrasjonsmålet i Voss herad.Verdiane våre er profesjonell - påliteleg - skapande - inkluderande