Get a reply from this employer
Your resume and cover letter, tailored to exactly what they’re hiring for.
Kvinnherad kommune søkjer ein assisterande kommunedirektør som vil få ei sentral rolle i toppleiinga med ansvaret for heilskapleg leiing, samordning og utvikling av organisasjonen. Stillinga inneheld både strategiske og operative oppgåver og tett samarbeid med kommunalsjefane.
Du vil bidra til utvikling av tenester og effektivisering, samstundes som du leiar i ein fleirfagleg og kompetent gemskap. Vi legg vekt på evne til å skape retning og gjennomføre endringar i møte med politiske vedtak og
Vil du vere med å forme framtidas kommune – i skjeringspunktet mellom leiing, samfunnsutvikling og politikk?
Kommunen vår er kjenneteikna av storslått natur med fjord, fjell og variert kulturlandskap. Vi er ein aktiv samfunnsaktør med mange spennande utviklingsprosjekt, og vi ønskjer å leggje til rette for både næringsutvikling, gode oppvekstvilkår og attraktive bumiljø.
Hos oss vert du del av eit fleirfagleg arbeidsmiljø med høg kompetanse, godt samarbeid og støttande kollegaer, der vi jobbar saman for å levere gode tenester og utvikle kommunen vidare.
Som assisterande kommunedirektør vil du ha ei sentral rolle i toppleiinga, og bidra til heilskapleg leiing, samordning og utvikling av organisasjonen. Stillinga omfattar både strategiske og operative oppgåver, og kan innebere ansvar for eigne fagområde og stabsfunksjonar.
Du vil arbeide tett med kommunalsjefane og øvrig leiing, og bidra til å utvikle kommunen i tråd med politiske vedtak, overordna mål og gjeldande regelverk.
Vi søkjer deg som har høgare relevant utdanning og solid leiarerfaring, gjerne frå offentleg sektor. Du har god forståing for samspelet mellom politikk og administrasjon, og erfaring frå strategisk leiing og organisasjonsutvikling. Det er en fordel med kunnskap om økonomistyring, beredskap eller andre sentrale kommunale ansvarsområde.
Vi legg vekt på at du er ein tydeleg og tillitsskapande leiar med gode samarbeidsevner, samt skapa motivasjon og engasjement. Du evnar å sjå heilskap, skape retning og gjennomføre endringer i samspel med andre. Du arbeider strukturert og analytisk, samstundes som du har evne til å vere fleksibel og løysingsorientert i ein kompleks kvardag. Personlege eigenskapar vert vektlagt ved tilsetjing.
Hos oss får du høve til å arbeide tett med både administrativ og politisk leiing og å vere ein viktig bidragsytar i utviklinga av kommunen i åra som kjem. Du får ei sentral rolle i å bidra til gode og framtidsretta løysingar, med særleg merksemd på digitalisering, utvikling og effektivisering av tenestene. Vi tilbyr ei utfordrande og meiningsfull leiarstilling i eit engasjert fagmiljø, med gode moglegheiter for fagleg og personleg utvikling.
I tillegg kan vi by på ein kvardag i ein kommune med rik natur, gode friluftsmoglegheiter og livskraftige lokalsamfunn – eit godt utgangspunkt for både arbeid og fritid.
I samsvar med offentlegheitslova §25 gjer vi oppmerksam på at opplysingar om søkjarane kan bli offentleggjort sjølv om det er bedt om konfidensiell behandling. Søkjarane vil i tilfelle bli kontakta på førehand.