Consigue una respuesta de este empleador
Tu currículum y tu carta de presentación, adaptados exactamente a lo que buscan contratar.
Regional sikkerheitsavdeling ved Helse Bergen HF lyser ut to faste 20% helgestillingar i Bergen. Arbeidet inneber å følge opp pasientar i samsvar med behandlingsplan, og å skape eit trygt postmiljø for pasientar og personale. Miljøterapeutisk arbeid inngår som ein sentral del av omsorga.
Du bør vere interessert i helsefagleg arbeid, kunne arbeide sjølvstendig og i team, og beholde ro i stressande situasjonar. Krav om godkjend politiattest og tilfredsstillande norsk språk er påkrevd.
Regional sikkerheitsavdeling har ledig 2 faste 20% helgestillingar.
Regional sikkerheitsavdeling er ein av sengepostane i Klinikk sikkerheitspsykiatri.
I sikkerheitspsykiatrien arbeider vi med menneske som har alvorlege psykiske lidingar og samtidig behov for eit høgt tryggleiksnivå. Vårt samfunnsoppdrag er å kombinere behandling, omsorg og tryggleik på ein måte som fremjar meistring, utvikling og håp. Vi arbeider i tverrfaglege team der ulike fagperspektiv blir samla rundt pasienten. Her får du vere med på å skape utvikling gjennom relasjonsarbeid, miljøterapi, psykoterapi og fysisk aktivitet.
Vil du vere med å skape endring der andre ser utfordringar?
For å oppretthalde samansettinga i personalgruppa oppfordrast menn om å søke.
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning fra Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Bente Baug Grey,Seksjonsleiar,55958384
Sandviksleitet 1
5036Bergen
Arbeidsgivar: Helse Bergen HF
Referansenr.: 5204438904
Stillingsprosent: 20%
Fast
Startdato: 30.11.2026
Søknadsfrist: 17.11.2026