Get a reply from this employer
Your resume and cover letter, tailored to exactly what they’re hiring for.
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, søkjer studentar innan akuttgeriatri og infeksjon til faste stillingar som vil verte tilsett på ei sengepost. Tilsette kan arbeide ved behov på andre postar og krev at ein er motivert til utvikling av fagleg kompetanse.
Det vert lys opp tre faste helgestillingar på 15% frå januar/februar, med arbeid kvar tredje helg for dei som har pleieerfaring. Vi tilbyr opplæring og kompetanseutvikling innan indremedisinske fagfelt og IA-bedrift-tilbod.
Akuttgeriatri og infeksjon ønsker å tilsette sjukepleiarstudentar, helsefagarbeidarar/hjelpepleiarar og medisinstudentar. Vi ønsker å bidra til å bygge di kunnskap og kompetanse ved at du blir fast tilsett på ein sengepost, samtidig som du ved behov også kan arbeide på andre postar.
Vi har behov for assistentar frå januar/februrar og lyser ut tre faste helgestillingar på 15% med arbeid kvar tredje helg for deg som har pleieerfaring.
Vi kan tilby opplæring og kompetanseutvikling innan det indremedisinske fagfeltet. Gjennom arbeid på ein av våre sengepostar vil du få moglegheit til å utvikle deg fagleg og tileigne deg kunnskap som kan vere nyttig vidare i arbeid ved klinikken.
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook .
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.