Get a reply from this employer
Your resume and cover letter, tailored to exactly what they’re hiring for.
Voss søkjer assistent i ein 6,5% fast stilling som helgevikar ved Hagahaugen drift. Stillinga omfattar resepsjonsansvar, hovudansvar for terapibasseng, og å handtere kasse, telefon og kundekontakt, samt utleige av konferansesal.
Det ligg og til reinhald og driftsrutinar knytte til stillinga. Stillinga inngår i turnus med arbeid kvar tredje søndag, og det er moglegheiter for ekstravakter ved behov.
6,5 % fast stilling som assistent Hagahaugen drift
Hagahaugen drift søker assistent i 6,5% fast stilling som helgevikar kvar 3.søndag med moglegheiter for ekstravakter.
Stillinga inneber resepsjonsansvar med hovudansvar for terapibasseng. Betjene kasse, telefon, kundekontakt samt utleie av konferansesal. Det ligg også reinhald samt driftsrutinar til stillinga.Stillinga inngår i turnus med jobb kvar 3.søndag.
Søkjer du arbeid hjå oss og har ein partner du vil ha med deg, finn gode argument for kvifor de skal flytta hit på Hardanger og Voss kallar . Her ligg det ledige stillingar i regionen.
Me ynskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal gje eit bilete av folkesetnaden generelt. Me oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje jobb hjå oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller kulturell bakgrunn. Etter søknadsfristen vert det sett opp ei offentleg søkjarliste som inneheld namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. I fylgje Offentleglova § 25 2. ledd kan opplysningar om søkjaren verta offentleggjort sjølv om søkjaren har bede om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjaren vert varsla dersom førespurnaden ikkje vert teken til fylgje.
Om du har gullmedalje frå OL eller helst ser sport på TV, er du ein av oss. Om du diggar smalahove eller er vegetarianar, er du ein av oss. Om du hoppar i fallskjerm eller går tur på flatmark, er du ein av oss. Vossingane er stolte, av seg sjølve, av bygda, av maten og kulturen. Vil du verta ein av oss, skal me ta godt vare på deg. Her får du lov til å lukkast. Me garanterer at du finn noko å driva med, også når du har fri. Og treng du andre impulsar, er vegen kort til både Bergen og fjorden. No kan du verta ein del av laget, me treng deg.