A complete application in a minute
Tailored resume and cover letter, ready to send.
Helse Fonna HF tilbyr faste stillingar ved ambulansestasjonane på Karmøy, Stord og Sauda. Stillingane varierer frå 63 % til 100 % og søkjarar blir bedt om å opplyse kva stasjonar dei ønskjer å arbeide ved.
Ein meiningsfull jobb i eit utviklingsorientert fagmiljø, der kompetanseutvikling, læring og kontinuerleg forbetring står sentralt. Vi forventar engasjement og vilje til å gjere ein forskjell for pasientane kvar dag.
Vil du ha ein fast jobb i ambulansetenesta og bli ein del av eit moderne og framtidsretta fagmiljø?
Helse Fonna si ambulanseteneste består av 10 ambulansestasjonar og har eit sterkt fokus på fagleg utvikling, samarbeid og kvalitet i pasientbehandlinga.
Hos oss får du arbeide i eit spennande og variert fagmiljø saman med dyktige og engasjerte kollegaer. Du blir ein del av ei teneste der kompetanseutvikling, læring og kontinuerleg forbetring står sentralt – og der du får vere med på å forme framtidas ambulanseteneste.
Vi har no ledige faste stillingar ved ambulansestasjonane på Karmøy, Stord og Sauda. Stillingane varierer i storleik frå 63 % til 100 %. Vi oppmodar kvalifiserte søkjarar til å søkje, og ber om at det blir opplyst i søknaden kva stasjon(ar) det er ønskjeleg å arbeide ved
Vi ser etter deg som ønskjer ein meiningsfull jobb, trivst med ansvar og vil gjere ein forskjell for pasientane – kvar einaste dag.
Kjenner du deg igjen? Då håpar vi å høyre frå deg! Send inn søknaden din i dag.
Personlege eigenskapar blir vektlagt.
Dersom du søkjer om fortrinnsrett, må dette oppførast i søknaden.
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp vitnemål og karakterutskrifter. Ved å bruke Vitnemålsportalen sikrar du at dokumenta dine er verifiserte og oppdaterte. Om du ikkje finn alle dine relevante vitnemål i Vitnemålsportalen, kan du laste dei opp som eigne vedlegg til søknaden.
Helse Fonna HF - Ambulansetenesta - Ambulansestasjon Karmøy Åkravegen 47 4270 Åkrehamn Norge Opne vegbeskriving
Helse Fonna har rundt 4200 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland.
Helse Fonna ønsker så langt som råd å avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.