Una candidatura completa en un minuto
Currículum y carta de presentación personalizados, listos para enviar.
Helse Fonna ønsker å tilsette ambulansearbeidar/paramedisinar i vikariat ved ambulansestasjonane i Stord, Karmøy, Haugesund, Vindafjord, Kvinnherad, Suldal og Sauda. Stillingane varierer frå 40 til 100 % og krev sertifikat kode 160 og C1, samt grunnleggjande datakunnskapar.
Du blir ein del av eit sterkt fagmiljø med kompetanseutvikling og studierettleiing. Søkjarar oppmodast til å opplyse ønskje stasjon, og dokumentasjon lastes opp via Vitnemålsportalen.
Vil du jobbe i ambulansetenesta? Vi har fleire ledige vikariat som ambulansearbeidar / paramedisinar! Helse Fonna si ambulanseteneste består av 10 ambulansestasjonar og har eit sterkt fokus på fagleg utvikling, samarbeid og kvalitet i pasientbehandlinga. Hos oss får du arbeide i eit spennande og variert fagmiljø saman med dyktige og engasjerte kollegaer. Du blir ein del av ei teneste der kompetanseutvikling, læring og kontinuerleg forbetring står sentralt – og der du får vere med på å forme framtidas ambulanseteneste. Vi har no fleire ledige vikariat ved ambulansestasjonane på Stord, Karmøy, Haugesund, Vindafjord, Kvinnherad, Suldal og Sauda. Stillingane varierer i storleik frå 40 til 100 %. Vi oppmodar kvalifiserte søkjarar til å søkje, og ber om at det blir opplyst i søknaden kva stasjon(ar) det er ønskjeleg å arbeide ved. Vi ser etter deg som ønskjer ein meiningsfull jobb, trivst med ansvar og vil gjere ein forskjell for pasientane – kvar einaste dag.
Kjenner du deg igjen? Då håpar vi å høyre frå deg!
Personlige eigenskapar blir vektlagt.
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp vitnemål og karakterutskrifter. Ved å bruke Vitnemålsportalen sikrar du at dokumenta dine er verifiserte og oppdaterte. Om du ikkje finn alle dine relevante vitnemål i Vitnemålsportalen, kan du laste dei opp som eigne vedlegg til søknaden.
Funksjonsleiar
Geir Røssland
Funksjonsleiar
Helse Fonna har rundt 4200 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland.
Helse Fonna ønsker så langt som råd å avspegle mangfaldet i befolkninga.
Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.