Consigue una respuesta de este empleador
Tu currículum y tu carta de presentación, adaptados exactamente a lo que buscan contratar.
Helse Fonna søker ambulansearbeidarar/paramedisinar til dei ledige vikariata ved ambulansestasjonane i Stord, Karmøy, Haugesund, Vindafjord, Kvinnherad, Suldal og Sauda. Stillingane varierer frå 40 til 100 prosent, og du blir ein del av eit fagmiljø som fokuserer på fagleg utvikling og godt pasientforløp.
Vi ser etter deg som har ansvarsførleik, engasjement for faget og vil bidra til at pasientane får trygg og effektiv behandling.
Vil du jobbe i ambulansetenesta? Vi har fleire ledige vikariat som ambulansearbeidar / paramedisinar! Helse Fonna si ambulanseteneste består av 10 ambulansestasjonar og har eit sterkt fokus på fagleg utvikling, samarbeid og kvalitet i pasientbehandlinga. Hos oss får du arbeide i eit spennande og variert fagmiljø saman med dyktige og engasjerte kollegaer. Du blir ein del av ei teneste der kompetanseutvikling, læring og kontinuerleg forbetring står sentralt – og der du får vere med på å forme framtidas ambulanseteneste. Vi har no fleire ledige vikariat ved ambulansestasjonane på Stord, Karmøy, Haugesund, Vindafjord, Kvinnherad, Suldal og Sauda. Stillingane varierer i storleik frå 40 til 100 %. Vi oppmodar kvalifiserte søkjarar til å søkje, og ber om at det blir opplyst i søknaden kva stasjon(ar) det er ønskjeleg å arbeide ved. Vi ser etter deg som ønskjer ein meiningsfull jobb, trivst med ansvar og vil gjere ein forskjell for pasientane – kvar einaste dag.
Kjenner du deg igjen? Då håpar vi å høyre frå deg!
Personlige eigenskapar blir vektlagt.
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp vitnemål og karakterutskrifter. Ved å bruke Vitnemålsportalen sikrar du at dokumenta dine er verifiserte og oppdaterte. Om du ikkje finn alle dine relevante vitnemål i Vitnemålsportalen, kan du laste dei opp som eigne vedlegg til søknaden.
Funksjonsleiar
Geir Røssland
Funksjonsleiar
Helse Fonna har rundt 4200 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland.
Helse Fonna ønsker så langt som råd å avspegle mangfaldet i befolkninga.
Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.