Enable job alerts via email!
En norsk kommune søker en motivert aktivitetsleder for ungdomsinitiativet 'Open Storhall'. Denne stillingen innebærer planlegging og gjennomføring av aktiviteter for ungdom, med et variert arbeid i et godt arbeidsmiljø. Stillingen krever at man har gode norskkunnskaper og erfaring med ungdomsarbeid. Rapportering skjer til kultursjef. Tilsetting i henhold til offentlig avtaleverk.
Vi søkjer etter ein motivert person som kan vidareføre ungdomstiltaket «Open Storhall» i Sykkylven. Vi lyser no ut eit engasjement med oppstart snarast og fram til 31.05.2026. Dette er ein treffstad for ungdom i ungdomsskulealder. Nesten kvar fredag er det arrangement i Storhallen der det er tilrettelagt for ulike aktivitetar, kiosk og sosialt samvær.
Aktivitetsleiar har ansvar for planlegging, motivering og gjennomføring av arrangementa, i samarbeid med frivillige og Frivilligsentralen i kommunen. Stillinga høyrar til kulturavdelinga og rapporterer til kultursjef Halstein Kurseth.
Vi gjer merksam på at det er offentleg søkjarliste. Unntak frå offentlegheit må grunngjevast jf. offentleglova § 25 andre ledd.
Halstein Kurseth, Kultursjef, 41605528, halstein.kurseth@sykkylven.kommune.no
Haugsetvegen 32
6230 Sykkylven
Sykkylven ligg sentralt i hjartet av Sunnmørsalpane og har ca. 7 630 innbyggjarar. Sykkylven har eit godt utbygd barnehage- og utdanningstilbod med vidaregåande skule, eit breitt og aktivt idretts- og kulturliv og eit framgangsrikt næringsliv. Kommunen og kommuneorganisasjonen set fokus på å vere opne, innovative og venlege i all framferd og planlegging, med ei solid forankring i kommunen si rike historie og gode tradisjonar. Skaparglede er kommunen si visjon.
Sykkylven er i Randersboka skildra som kanskje den finaste av alle sunnmørske kommuner. Vi har eit fantastisk turterreng for allsidig friluftsliv alle årstider, og vi har eit rikt og variert kulturliv. Sjå meir frå Sykkylven her