Get a reply from this employer
Your resume and cover letter, tailored to exactly what they’re hiring for.
Helse Førde HF søkjer ein erfaren toppleiar som kan forme framtida til meiningsfulle spesialisthelsetenester og sikre berekraftig drift. Du vil synleggjere kva som må til for å levere kvalitet og pasientsikkerheit, byggje sterke leiarteam og utvikle samarbeid med kommunane.
Du er samlande, tydeleg og handlingskraftig, med fokus på tillit og inkluderande leiarstil. Erfaring frå helsesektoren eller liknande kritisk samfunnsoppgåve blir trekt fram som ein fordel.
Som administrerande direktør vil den viktigaste samfunnsoppgåva vere å skape gode tenester for pasientane ved å vidareutvikle føretaket og sikre berekraftig drift i dag og i framtida.
Du får høve til å påverke utviklinga av framtidas spesialisthelsetenester og bidra til god organisering – kvalitet – pasienttryggleik for pasientane, bygge gode lag saman med dyktige leiarar og medarbeidarar og legge til rette for utvikling saman med kommunane.
Vi søkjer ein erfaren toppleiar med godt strategisk blikk og dokumentert gjennomføringsevne.
Du er samlande, tydeleg og handlekraftig, samstundes som du er lyttande, inkluderande og god til å byggje tillit.
Du evnar å samle kompetente fagmiljø, handtere krevjande prioriteringar og skape oppslutning om nødvendig utvikling.
Du har relevant høgare utdanning og solid leiarerfaring.
Erfaring frå spesialisthelsetenesta eller anna kompleks, samfunnskritisk verksemd er ein fordel.
Helsefagleg bakgrunn og kjennskap til regionen er positivt, men ikkje eit krav.
Styreleiar Ole Gunnar Krakhellen, tlf. 92648081, kan også bli kontakta.
Fram til utløpet av søknadsfristen vil søknader og førespurnader bli behandla konfidensielt, om ønskjeleg også overfor oppdragsgivar.
Du kan be om å bli unntatt frå offentleg søkjarliste.
Føretaket arbeider for å gje pasientar og brukarar eit godt og heilskapleg tilbod innanfor gjeldande rammer.
Helse Førde sine institusjonar og prehospitale tenester er organisert i eit heilskapleg nettverk, og samarbeidet med andre instansar som m.a. kommunane er høgt prioritert.
Helseføretaket er eigd av det statlege Helse Vest RHF.
Føretaksgruppa i Helse Vest skal spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår.
Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, fleirkulturell bakgrunn eller om du har hatt opphald frå arbeidslivet.
Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.