Get a reply from this employer
Your resume and cover letter, tailored to exactly what they’re hiring for.
Helse Førde HF søker ein erfaren toppleiar til å vidareutvikle føretaket og sikre berekraftig drift i dag og i framtida. Du skal setje retning, byggje sterke leiarteam og samarbeide tett med kommunar og fagmiljø for å levere trygg og god spesialisthelseteneste.
Du har dokumentert gjennomføringsevne, strategisk teft og evne til å byggje tillit i eit krevjande sektor. Du får høve til å forma framtida med fokus på kvalitet, pasienttryggleik og god organisering.
Om Helse Førde HF
Helse Førde har eit viktig samfunnsoppdrag: å gi befolkninga i regionen trygge og gode spesialisthelsetenester.
Vi har engasjerte medarbeidarar og sterke fagmiljø. Helse Førde skal og for dei komande generasjonane tilby spesialisthelsetenester til befolkninga i sitt opptaksområde, der ein beheld, utviklar, utdannar og rekrutterer godt òg utviklar føretaket med ein berekraftig økonomi.
Som administrerande direktør vil den viktigaste samfunnsoppgåva vere å skape gode tenester for pasientane ved å videreutvikle føretaket og sikre berekraftig drift i dag og i framtida. Du får høve til å påverke utviklinga av framtidas spesialisthelsetenester og bidra til god organisering – kvalitet – pasienttryggleik for pasientane, bygge gode lag saman med dyktige leiarar og medarbeidarar og legge til rette for utvikling saman med kommunane.
Vi søkjer ein erfaren toppleiar med godt strategisk blikk og dokumentert gjennomføringsevne. Du er samlande, tydeleg og handlekraftig, samstundes som du er lyttande, inkluderande og god til å byggje tillit.
Du evnar å samle kompetente fagmiljø, handtere krevjande prioriteringar og skape oppslutning om nødvendig utvikling. Du kommuniserer godt og samarbeider konstruktivt internt og eksternt.
Du har relevant høgare utdanning og solid leiarerfaring. Erfaring frå spesialisthelsetenesta eller anna kompleks, samfunnskritisk verksemd er ein fordel. Helsefagleg bakgrunn og kjennskap til regionen er positivt, men ikkje eit krav.
Fram til utløpet av søknadsfristen vil søknader og førespurnader bli behandla konfidensielt, om ønskjeleg også overfor oppdragsgivar. Du kan be om å bli unntatt fra offentleg søkjarliste. Dette må i så fall grunngjevast. Vi vil kontakte deg dersom ønsket ditt ikkje blir tatt til følgje.
Helse Førde HF har ansvar for spesialisthelsetenestene i Sogn og Fjordane. Føretaket arbeider for å gje pasientar og brukarar eit godt og heilskapleg tilbod innanfor gjeldande rammer. Helse Førde sine institusjonar og prehospitale tenester er organisert i eit heilskapleg nettverk, og samarbeidet med andre instansar som m.a. kommunane er høgt prioritert. Føretaket har om lag 3 200 tilsette og eit budsjett på om lag 4 milliardar kroner og er den største verksemda i Sogn og Fjordane. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset.
Helseføretaket er eigd av det statlege Helse Vest RHF. Føretaksgruppa i Helse Vest skal spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder,fleirkulturell bakgrunn eller om du har hatt opphald frå arbeidslivet.Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.