80% vikariat som assistent (BPA) i Tyssedal

Harald Molven

Odda

On-site

NOK 250,000 - 320,000

Part time

14 days+

Get a reply from this employer

Your resume and cover letter, tailored to exactly what they’re hiring for.

Get past ATS filters

Job summary

Harald Molven i Tyssedal tilbyr eit 80 % vikariat som personlig assistent (BPA) for ein 18 år gamal mann. Stillinga har turnus med lange dagar/døgn og inkluderer arbeid kvar tredje helg. Fleksibilitet ved aksept av annan stillingsprosent blir vektlagt. Hemmeligheit, tryggleik og tett oppfølging står i sentrum.

Tilsette vert gitt grundig opplæring og støtte for å sikre eit godt og sjølvstendig liv i heim og aktivitetar. Kva som vert assistert, er tilpassa den enkelte kandidaten og hans behov.

Qualifications

  • Full opplæring vil bli gitt slik at du kjenner deg trygg i arbeidsoppgåvene.
  • Du treng ikkje helsefagleg utdanning.

Responsibilities

  • Dei viktigaste oppgåvene er å leggje til rette for eit aktivt og sosialt liv for mannen.
  • Delta i aktivitet som symjing, sykling, turar og treningssenter.
  • Hjelpe til med tryggleik og daglege rutiner i bustaden.
  • Samarbeide tett med arbeidsleiar og teamet for best mogleg oppfølging.

Skills

Førarkort B
Norsk godt
Trygg og stabil
Løysingsorientert
Godt humør

Job description

80 % vikariat som personleg assistent (BPA) i Tyssedal – med moglegheit for forlenging

Er du på utkikk etter ein meiningsfull og aktiv jobb? Vi søkjer no ein trygg og engasjert person til eit 6-månaders vikariat i 80 % stilling med moglegheit for forlenging.. For den rette kandidaten er vi fleksible på stillingsstorleik, så ikkje nøl med å søkje sjølv om du ønskjer å jobbe anna stillingsstorleik.

Vi søkjer ein assistent for ein blid, nysgjerrig og aktiv vaksen mann på 18 år i Tyssedal. Han bur for seg sjølv i ein eigen tilrettelagd bustad, og har behov for tett oppfølging og støtte. Du vil bli ein sentral del av hans kvardag for å bidra til eit godt og sjølvstendig liv, både i heimen og ute på aktivitetar.

Om stillinga:
  • Stillingsstorleik: 80 % (Vi er svært fleksible og vil strekkje oss langt for å imøtekome dine ønskje dersom du ønskjer ein annan stillingsprosent).
  • Varigheit: 6 måneder i første omgang, med gode moglegheiter for forlenging.
  • Oppstart: Snarast / etter avtale.
  • Arbeidstid: Turnus med langvakter på dag og/eller natt. Arbeid kvar tredje helg inngår i stillinga.
Kva inneber jobben?

Som personleg assistent er du med på å leggje til rette for eit aktivt og sosialt liv. Han elskar fysisk aktivitet og gode opplevingar, og dine oppgåver vil mellom anna vere:

  • Aktivitet: Delta på symjing, sykling, turar og treningssenter.
  • Sosialt: Følgje til kino, fritidsaktivitetar og sosiale hendingar.
  • Meistring og struktur: Bidra til tryggleik og gode rutinar i kvardagen, inkludert praktiske gjeremål i bustaden.
  • Samarbeid: Jobbe tett med arbeidsleiar og det øvrige teamet for å sikre best mogleg oppfølging.
Kven er vår ideelle kandidat?

Vi ser etter deg som er i god fysisk form og som trivst med å jobbe tett på menneske. Du treng ikkje helsefagleg utdanning, då personleg eignaheit og god kjemi veg tyngst. Full opplæring vil bli gitt, slik at du kjenner deg trygg i arbeidsoppgåvene.

Vi søkjer deg som:
  • Er trygg, stabil og pliktoppfyllande.
  • Har godt humør og er løysingsorientert.
  • Har førarkort klasse B (ønskeleg).
  • Snakkar godt norsk.
  • Kan handtere ein variert kvardag og halde deg roleg i ulike situasjonar.
Kvifor søkje hos oss?
  • Ein stabil og meiningsfull jobb kor vi kan tilpasse stillingsprosenten etter dine behov.
  • Moglegheit for lengre arbeidsforhold for den rette personen.
  • Ein aktiv arbeidskvardag fylt med varierte oppgåver og opplevingar.
  • Eit trygt og inkluderande arbeidsmiljø.
Praktisk informasjon:
  • Arbeidsstad: Tyssedal.
  • Politiattest: Krav om gyldig politiattest før tilsetjing.

Vi vurderer søknader fortløpande og ønskjer å ha på plass rett person så raskt som mogleg.

Sletting av utdanningsgjeld/studielån:

Ullensvang kommune er omfatta av ordninga.

Alle som bur i ein av dei 189 kommunane på SSBs sentralitetsnivå 5 og 6 kan få sletta 25 000 kroner av utdanningsgjelda i året frå januar 2026. Du må vera busett i ein av desse kommunane, og vera yrkesaktiv, i minst eitt år. Du vil få sletta utdanningsgjeld kvart år, fram til gjelda er nedbetalt. Tiltaket gjeld all typar utdanningsgjeld, uavhengig av når ho er teken opp. Ein person som bur i ein av desse kommunane frå 1. januar 2025, eller flyttar dit når som helst etter denne datoen, vil etter eitt års butid vera kvalifisert til å få sletta gjeld.

Til orientering om Offentleglova:

Utgangspunktet er at alle søkjarnamn er offentlege etter Offentleglova. Det betyr at ditt namn vert gjort offentleg på kommunen si postliste når du har søkt ledig stilling.
For å gjera unntak må kommunen ha heimel i lova og vurdera konkret i kvar sak kva som er grunnen til unntaket.
I følgje offentleglova § 25 vert det stilt følgjande krav for å få unntak:
\"Det kan likevel gjerast unntak fra innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkommande sjølv ber om det. Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga. I utlysinga skal det gjerast oppmerksam på at opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Arbeidsavtalar i Ullensvang kommune:

Dei som vert tilsett i Ullensvang kommune får tilsendt arbeidsavtale til digital signering. Du får tilsendt sms og e-post med link til digital arbeidsavtale. Viss du har fått munnleg melding om at du er tilsett vil du få tilsendt arbeidsavtale. Viss du ikkje får e–post i innboksen din, sjekk uønska e-post/søppelpost, eller fylge følgjande link: https://signering.posten.no/

Get your free, confidential resume review.

or drag and drop your file here.

Similar jobs

Similar jobs worth comparing

100% stilling som lærar ved Tyssedal barneskole
100% stilling som lærar ved Tyssedal barneskole

Ruth Therese Hylland Gravdal • Ullensvang

On-site
NOK 520,000 - 640,000
Løn etter hovudtariffavtalen
Gode permisjonsvilkår
Gode pensjonsvilkår
80% vikariat som assistent (BPA) i Tyssedal
80% vikariat som assistent (BPA) i Tyssedal

Ullensvang kommune Tenester for funksjonshemma • Odda

On-site
NOK 320,000 - 400,000
Ringevikar Rabben barnehage
Ringevikar Rabben barnehage

Kristin Oppedal • Ullensvang

On-site
NOK 248,000 - 331,000
Løn etter tariff
Ullensvang studielånsletting
100% stilling som verksemdsleiar ved Omsorgstenesten aust, Kinsarvik
100% stilling som verksemdsleiar ved Omsorgstenesten aust, Kinsarvik

Dagrun Myrland • Odda

On-site
NOK 900,000 - 1,200,000
Fleksibel arbeidstid
Gode pensjons-, forsikrings- og permis
Løn etter lokal avlønningsmodell forle
Leder for barne- og ungdomstenester (avlastning)
Leder for barne- og ungdomstenester (avlastning)

Harald Molven • Vestland

On-site
Confidential
Konkurransedyktige vilkår
Muligheter for kompetanseheving
Gode permisjons- og pensjonsordninger
100% fast stilling som sjukepleiar / vernepleiar ved Eidesbrotet bofellesskap
100% fast stilling som sjukepleiar / vernepleiar ved Eidesbrotet bofellesskap

Simona Jurkiene • Odda

On-site
NOK 520,000 - 620,000
Rekrutteringstilskot
Overnatting mellom langvakter
Spennande faglege utfordringar
+2
100% stilling som lærar ved Vikebygd skule
100% stilling som lærar ved Vikebygd skule

Elin Mikkelsen Grønlien • Ullensvang

On-site
NOK 520,000 - 600,000
Trivelig arbeidsmiljø
Gode pensjons- og forsikringsordningar
Veletablerte permisjons- og senioravtâ
+1
100% stilling som verksemdsleiar ved Ergo- og fysioterapitenesten
100% stilling som verksemdsleiar ved Ergo- og fysioterapitenesten

Dagrun Myrland • Odda

On-site
NOK 600,000 - 700,000
Løn etter lokal avlønningsmodell
Gode muligheter for faglig utvikling
Fleksitid
Ringevikar ved Skare barnehage
Ringevikar ved Skare barnehage

Andreas Lien • Ullensvang

On-site
NOK 320,000 - 420,000
Varierte arbeidsoppgåver
Kompetanseutvikling støtta av kommunen
100% vikariat som avdelingsleiar ved Mjøstølen avlastning
100% vikariat som avdelingsleiar ved Mjøstølen avlastning

Harald Molven • Vestland

On-site
Confidential
Konkurransedyktige vilkår
Muligheter for kompetanseheving
Gode permisjons- og pensjonsordninger