80% vikariat som assistent (BPA) i Tyssedal

Ullensvang kommune Tenester for funksjonshemma

Odda

On-site

NOK 320,000 - 400,000

Part time

3 days ago
Be an early applicant
Application generator

Turn this role into an interview — a resume and cover letter built around what this employer wants.

Get past ATS filters

Job summary

Ullensvang kommune Tenester for funksjonshemma søkjer ein 80% personal assistent (BPA) i Tyssedal for eit 6-måneders vikariat med moglegheit for forlenging. Arbeidet inneheld tett oppfølging av ein 18 år gamal mann i eigen tilrettelagd bustad, på heimesida og i aktivitetar utanfor heimet.

Turnus dag/natt og kvar tredje helg inngår i stillinga. Du skal bidra til eit aktivt og sjølvstendig liv, og vere ein viktig del av kvardagen hans.

Qualifications

  • Søker ein trygg og engasjert person til eit vikariat som BPA (personleg assistent).

Responsibilities

  • Hjelpe og støtte ein 18 år gammal mann i kvardagen og vere ein sentral del av hans aktiva liv, både heime og ute i aktivitetar.
  • Delta i aktivitetar som svømming, sykling, turar og treningssenter.
  • Sikre tryggheit, gode rutinar og praktiske oppgåver i bustaden.
  • Samarbeide tett med arbeidsleiar og teamet for best mogleg oppfølging.

Job description

80 % vikariat som personleg assistent (BPA) i Tyssedal – med moglegheit for forlenging

Er du på utkikk etter ein meiningsfull og aktiv jobb? Vi søkjer no ein trygg og engasjert person til eit 6-månaders vikariat i 80 % stilling med moglegheit for forlenging. For den rette kandidaten er vi fleksible på stillingsstorleik, så ikkje nøl med å søkje sjølv om du ønskjer å jobbe anna stillingsstorleik.


Vi søkjer ein assistent for ein blid, nysgjerrig og aktiv vaksen mann på 18 år i Tyssedal. Han bur for seg sjølv i ein eigen tilrettelagd bustad, og har behov for tett oppfølging og støtte. Du vil bli ein sentral del av hans kvardag for å bidra til eit godt og sjølvstendig liv, både i heimen og ute på aktivitetar.


Om stillinga


  • Stillingsstorleik: 80 % (Vi er svært fleksible og vil strekkje oss langt for å imøtekome dine ønskje dersom du ønskjer ein annan stillingsprosent).

  • Varigheit: 6 månader i første omgang, med gode moglegheiter for forlenging.

  • Oppstart: Snarast / etter avtale.

  • Arbeidstid: Turnus med langvakter på dag og/eller natt. Arbeid kvar tredje helg inngår i stillinga.


Kva innebar jobben

Som personleg assistent er du med på å leggje til rette for eit aktivt og sosialt liv. Han elskar fysisk aktivitet og gode opplevingar, og dine oppgåver vil mellom anna vere:



  • Aktivitet: Delta på symjing, sykling, turar og treningssenter.

  • Sosialt: Følgje til kino, fritidsaktivitetar og sosiale hendingar.

  • Meistring og struktur: Bidra til tryggleik og gode rutinar i kvardagen, inkludert praktiske gjeremål i bustaden.

  • Samarbeid: Jobbe tett med arbeidsleiar og det øvrige teamet for å sikre best mogleg oppfølging.


Kven er vår ideelle kandidat

Vi ser etter deg som er i god fysisk form og som trivst med å jobbe tett på menneske. Du treng ikkje helsefagleg utdanning, då personleg eignaheit og god kjemi veg tyngst. Full opplæring vil bli gitt, slik at du kjenner deg trygg i arbeidsoppgåvene.


Vi søkjer deg som


  • Er trygg, stabil og pliktoppfyllande.

  • Har godt humør og er løysingsorientert.

  • Har førarkort klasse B (ønskeleg).

  • Snakkar godt norsk.

  • Kan handtere ein variert kvardag og halde deg roleg i ulike situasjonar.


Kvifor søkje hos oss


  • Ein stabil og meiningsfull jobb kor vi kan tilpasse stillingsprosenten etter dine behov.

  • Moglegheit for lengre arbeidsforhold for den rette personen.

  • Ein aktiv arbeidskvardag fylt med varierte oppgåver og opplevingar.

  • Eit trygt og inkluderande arbeidsmiljø.


Praktisk informasjon


  • Arbeidsstad: Tyssedal.

  • Politiattest: Krav om gyldig politiattest før tilsetjing.


Vi vurderer søknader fortløpande og ønskjer å ha på plass rett person så raskt som mogleg.


Sletting av utdanningsgjeld/studielån

Ullensvang kommune er omfatta av ordninga.


Alle som bur i ein av dei 189 kommunane på SSBs sentralitetsnivå 5 og 6 kan få sletta 25 000 kroner av utdanningsgjelda i året frå januar 2026. Du må vera busett i ein av desse kommunane, og vera yrkesaktiv, i minst eitt år. Du vil få sletta utdanningsgjeld kvart år, fram til gjelda er nedbetalt. Tiltaket gjeld all typar utdanningsgjeld, uavhengig av når ho er teken opp. Ein person som bur i ein av desse kommunane frå 1. januar 2025, eller flyttar dit når som helst etter denne datoen, vil etter eitt års butid vera kvalifisert til å få sletta gjeld.


Til orientering om Offentleglova

Utgangspunktet er at alle søkjarnamn er offentlege etter Offentleglova. Det betyr at ditt namn vert gjort offentleg på kommunen si postliste når du har søkt ledig stilling.
For å gjera unntak må kommunen ha heimel i lova og vurdera konkret i kvar sak kva som er grunnen til unntaket.
I følgje offentleglova § 25 vert det stilt følgjande krav for å få unntak:
\"Det kan likevel gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkommande sjølv ber om det. Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga. I utlysinga skal det gjerast oppmerksam på at opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.


Arbeidsavtalar i Ullensvang kommune

Dei som vert tilsett i Ullensvang kommune får tilsendt arbeidsavtale til digital signering. Du får tilsendt sms og e-post med link til digital arbeidsavtale. Viss du har fått munnleg melding om at du er tilsett vil du få tilsendt arbeidsavtale. Viss du ikkje får e–post i innboksen din, sjekk uønska e-post/søppelpost, eller fylge følgjande link: https://signering.posten.no/


- ein ny, livskraftig og attraktiv kommune i Hardanger.Ullensvang kommune er ein attraktiv stad å bu, arbeida og starta næringsverksemd! Vi kan tilby spannende og meiningsfulle arbeidsoppgåver i ein kommune som er i utvikling. Her finn du fjord, fjell, fonn, frukt, landbruk, havbruk og verdsleiande industri i ein og same kommune. Kommunen har omlag 10 967 innbyggjarar, der Odda er administrasjonssenter i kommunen omkransa av sterke bygder.Oppdraget vårt er å levera gode tenestar, vera ein god samfunnsutviklar og arbeide for vidare vekst og utvikling i kommunen. Gjennom motiverte og dyktige medarbeidarar løyser vi dette viktige samfunnsoppdraget, og ynskjer å ha fleire med på laget.Vi ønsker medarbeidarar med ulik bakgrunn, fagkombinasjonar, kompetanse, livserfaring og perspektiv. Det gir oss eit mangfaldig arbeidsmiljø som set oss betre i stand til å løysa oppgåvene. I Ullensvang kommune er vi opptekne av mangfald og inkludering, det er viktig for oss å ha ein arbeidsstyrke som representerer befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifisert til å søkja, uavhengig av alder, kjønn og kjønnsidentitet, funksjonsevne, livssyn eller etnisk bakgrunn. Vi legg til rette arbeidsplassen ved behov.Tar du utfordringa ?LenkjetekstTilgjengelegheitserklæring for nettsidsaLenkjehttps://uustatus.no/nn/erklaringer/publisert/bac52677-0999-4760-90dd-d3d03abdaf49

Get your free, confidential resume review.

or drag and drop your file here.

Similar jobs

Similar jobs worth comparing

2 stillingar à 100% som prosjektleiar ved Prosjekt og utvikling
2 stillingar à 100% som prosjektleiar ved Prosjekt og utvikling

Ullensvang kommune Prosjekt og utvikling • Odda

On-site
NOK 700,000 - 1,000,000
Sletting av utdanningsgjeld 25 000 kr/
Fleksibel arbeidstid
Kompetanseutvikling - støtte frå komen
+1
91% fast stilling som helsefagarbeidar ved Omsorgsteneste aust, Kinsarvik
91% fast stilling som helsefagarbeidar ved Omsorgsteneste aust, Kinsarvik

Arbeidsplassen • Hus

On-site
NOK 430,000 - 510,000
Kompetanseutvikling
Inkluderende arbeidsliv (IA)
Fleksibel arbeidstid
+1
60% vikariat som pedaogisk leiar ved Jondal barnehage
60% vikariat som pedaogisk leiar ved Jondal barnehage

Ullensvang kommune Jondal barnehage • Sætveit

On-site
NOK 290,000 - 379,000
100% stilling som vernepleiar ved Eidesbrotet bofellesskap
100% stilling som vernepleiar ved Eidesbrotet bofellesskap

Arbeidsplassen • Odda

On-site
NOK 469,000 - 603,000
Ringevikar som lærar ved Odda barneskole
Ringevikar som lærar ved Odda barneskole

Arbeidsplassen • Odda

On-site
NOK 550,000 - 650,000
Dyktige kollegaer
Lærerike arbeidsdager i høgt tempo
Lønn etter hovudtariffavtalen
Ringevikar ved Odda barneskole, SFO
Ringevikar ved Odda barneskole, SFO

Arbeidsplassen • Odda

On-site
NOK 320,000 - 420,000
Lønn etter hovudtariffavtalen
IA og fleksibel arbeidstid
80% vikariat som helsefagarbeidar ved Rus og psykisk helse avd. Jondal
80% vikariat som helsefagarbeidar ved Rus og psykisk helse avd. Jondal

Arbeidsplassen • Sætveit

On-site
NOK 520,000 - 620,000
Lønn etter hovudtariffavtalen
Fleksibel arbeidstid
Fadderordning for nytilsette
+1
100% stilling som sjukepleiar ved Rus og psykisk helse, Jondal
100% stilling som sjukepleiar ved Rus og psykisk helse, Jondal

Arbeidsplassen • Sætveit

On-site
NOK 640,000 - 760,000
100% vikariat som lærar ved Kinsarvik skule
100% vikariat som lærar ved Kinsarvik skule

Ullensvang kommune Kinsarvik skule • Kinsarvik

On-site
NOK 420,000 - 540,000
Kompetanseutvikling
IA inkludering
Rekrutteringstilskot
71% fast stilling som helsefagarbeidar ved Omsorgstenesten vest, Utne
71% fast stilling som helsefagarbeidar ved Omsorgstenesten vest, Utne

Kari Skare Storhei • Ullensvang

On-site
NOK 480,000 - 540,000
Gode moglegheiter for kompetanseheving
Fleksibel arbeidstid
Lønn etter hovudtariffavtalen
+1