Stand out for this role — generate a tailored resume and cover letter in about a minute.
Ullensvang kommune i Omsorgstenesta vest søker helsefagarbeidar til heimetenester og sjukeheim. Du vil sjølvstendig handsame legemiddelhandtering, gjennomføre miljø- og helse- og omsorgsoppgåver etter fagleg standard, og hjelpa til å rumlege og støtte anna personale.
Arbeidsdagen byr på varierte oppgåver, god opplæring og moglegheit for kompetanseheving. Kjennskap til Aidn journalsystem er ein fordel; vi legg vekt på samarbeid, påliteleg dokumentasjon og eit fleirkulturelt arbeidsmiljø.
Arbeidsstad: Omsorgstenesta vest
Pleie og omsorg vest er stasjonert på Utne og er ei samordna teneste. Det vil seie at me driftar både sjukeheim , dagtilbod, kjøkken og heimetenester. På kjøkkenet lager me mat til pasientane på sjukeheimen og til nokre pasientar som bur i heimen.
Personalet kan få oppgåver både på institusjonen og i heimetenesta.
Sjukeheimen består av 24 plassar, der 6 av dei er tilrettelagt for personar med demenssjukdom, og 2 er kortidsplassar. I heimetenesta yter me tenester til om lag 75 pasienter.
I Omsorgstenesta vest har me eit fleirkulturelt miljø, og tenestene me utfører er mange og ulike.
Så me har ein innhaldsrik og spennande arbeidskvardag Me er opptatt av at kvar enkelt pasient skal få gode tenester , tenester som er tilpassa.
Dersom dette høyres interessant ut, håper me at du søkjer.
God opplæring vert gitt .
Stillinga er ledig frå dags dato.
Sletting av utdanningsgjeld/studielån:
Ullensvang kommune er omfatta av ordninga.
Alle som bur i ein av dei 189 kommunane på SSBs sentralitetsnivå 5 og 6 kan få sletta 25 000 kroner av utdanningsgjelda i året fra januar 2026. Du må vera busett i ein av desse kommunane, og vera yrkesaktiv, i minst eitt år. Du vil få sletta utdanningsgjeld kvart år, fram til gjelda er nedbetalt. Tiltaket gjeld all typar utdanningsgjeld, uavhengig av når ho er teken opp. Ein person som bur i ein av desse kommunane frå 1. januar 2025, eller flyttar dit når som helst etter denne datoen, vil etter eitt års butid vera kvalifisert til å få sletta gjeld.
Utgangspunktet er at alle søkjarnamn er offentlege etter Offentleglova. Det betyr at ditt namn vert gjort offentleg på kommunen si postliste når du har søkt ledig stilling.
For å gjera unntak må kommunen ha heimel i lova og vurdera konkret i kvar sak kva som er grunnen til unntaket.
I følgje offentleglova § 25 vert det stilt følgjande krav for å få unntak:
Det kan likevel gjerast unntak fra innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkommande sjølv ber om det. Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga. I utlysinga skal det gjerast oppmerksam på at opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Dei som vert tilsett i Ullensvang kommune får tilsendt arbeidsavtale til digital signering. Du får tilsendt sms og e-post med link til digital arbeidsavtale. Viss du har fått munnleg melding om at du er tilsett vil du få tilsendt arbeidsavtale. Viss du ikkje får e–post i innboksen din, sjekk uønska e-post/søppelpost, eller fylge følgjande link: https://signering.posten.no/