An application made for this job — a tailored resume and cover letter that speak straight to the posting.
Jondal barnehage i Ullensvang kommune søker pedagogisk leiar i 60 % stilling frå oktober 2026 til august 2027. Barnehagen har 4 avdelingar og 54 barn i sentralt område ved skule og other fasilitetar.
Kvalifikasjonar inkluderer barnehagelærarutdanning, ønskje om erfaring, og god norskkunnskap i skriftleg og munnleg form. Personlege eigenskapar som samarbeid, refleksjon og løysingsorientert tilnærming vert vektlagt. Tilbodet inkluderer løn etter hovudtariffavtalen og IA-vennleg arbeidsmiljø.
Jondal barnehage er ein 4 avdelings barnehage med 54 barn, som ligg sentralt i Jondal sentrum ved sida av barneskule, bibliotek, idrettshall og symjehall, og har mange flotte turområde i nærleiken.
Barnehagen jobbar med å skape eit inkluderande barnehagemiljø. Me ynskjer å laga gode kvardagar for små og store i barnehagen gjennom relasjonsbygging i dei daglege aktivitetane og skapa gode rom for leik og vennskap.
Du er robust, tolmodig, likar å samarbeide og har evne til å skape gode relasjonar og vere løysingsorientert.
Kompetanse: Barnehagelærar.
Utdanning: Barnehagelærarutdanning eller tilsvarande jf. Barnehageloven §25
Erfaring er ynskjeleg
Evne til å jobba målretta og systematisk
Personlege eigenskapar- og interesse for faget
Norskkunnskapar tilsvarande nivå A2 i skriftleg framstilling og nivå B1 i leseforståing, lytteforståing og munnleg kommunikasjon
Sjå barn, føresette og kollegaer som betydningsfulle og viktige for fellesskapet
Evne til å fylja opp mål som er sett og implementera dei i aktivitetar for og med barna
Evne til refleksjon, gjera vurdering og sette inn tiltak til det beste for barna
Evne til å arbeida sjølvstendig
Evne til å samarbeida
God kommunikasjon, få og gi tilbakemelding
Evne til å arbeida målretta og strukturert
Fleksibel
Godt humør og positiv innstilling
Fokus på kvalitet i tenesta
Politiattest, ikkje eldre enn 3 mnd
Varierte arbeidsoppgåver i eit travelt, men kjekt arbeidsmiljø
Løn etter hovudtariffavtalen
Løn etter avtale (avhengig av stilling)
Ullensvang kommune har inkluderande arbeidsliv (IA), fleksibel arbeidstid og gode permisjons- og pensjonsvilkår.
Ullensvang kommune er omfatta av ordninga.
Alle som bur i ein av dei 189 kommunane på SSBs sentralitetsnivå 5 og 6 kan få sletta 25 000 kroner av utdanningsgjelda i året fra januar 2026. Du må vera busett i ein av desse kommunane, og vera yrkesaktiv, i minst eitt år. Du vil få sletta utdanningsgjeld kvart år, fram til gjelda er nedbetalt. Tiltaket gjeld all typar utdanningsgjeld, uavhengig av når ho er teken opp. Ein person som bur i ein av desse kommunane frå 1. januar 2025, eller flyttar dit når som helst etter denne datoen, vil etter eitt års butid vera kvalifisert til å få sletta gjeld.
Utgangspunktet er at alle søkjarnamn er offentlege etter Offentleglova. Det betyr at ditt namn vert gjort offentleg på kommunen si postliste når du har søkt ledig stilling.
For å gjera unntak må kommunen ha heimel i lova og vurdera konkret i kvar sak kva som er grunnen til unntaket.
I følgje offentleglova § 25 vert det stilt følgjande krav for å få unntak:
"Det kan likevel gjerast unntak fra innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkommande sjølv ber om det. Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga. I utlysinga skal det gjerast oppmerksam på at opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Dei som vert tilsett i Ullensvang kommune får tilsendt arbeidsavtale til digital signering. Du får tilsendt sms og e-post med link til digital arbeidsavtale. Viss du har fått munnleg melding om at du er tilsett vil du få tilsendt arbeidsavtale. Viss du ikkje får e–post i innboksen din, sjekk uønska e-post/søppelpost, eller fylge følgjande link: https://signering.posten.no/