A complete application in a minute — tailored resume and cover letter, ready to send.
Kari Skare Storhei i Kinsarvik utlyser eit 100 % vikariat som helsefagarbeidar. Arbeidet er knytt til Omsorgstenesta aust i Ullensvang og varer frå 07.12.26 til 05.12.27. Du vil jobbe tett med avdelingsleiarar, sjukepleiarar og helsepersonell i eit fleirkulturelt miljø.
Arbeidsoppgåver inkluderer legemiddelhåndtering, miljøarbeid og helse- og omsorgsoppgåver etter fagleg standard, med fokus på kvalitet og dokumentasjon. Politiattest og gode digitale ferdigheiter er krav.
Pleie og omsorg aust er stasjonert i Kinsarvik og er ei samordna teneste. Det vil seie at me driftar både sjukeheim , dagtilbod, kjøkken og heimetenester. På kjøkkenet lager me mat til pasientane på sjukeheimen og til nokre pasientar som bur i heimen.
Personalet kan få oppgåver både på institusjonen og i heimetenesta.
Sjukeheimen består av 18 plassar, der 2 er korttidsplasser. I heimetenesta yter me tenester til om lag 90 pasienter.
I Omsorgstenesta aust har me eit godt arbeidsmiljø , med eit fleirkulturelt miljø .
Tenestene me utfører er mange og ulike , så me har ein innhaldsrik og spennande arbeidskvardag . Me er opptatt av at kvar enkelt pasient skal få gode tenester , tenester som er tilpassa.
No treng me ein helsefagarbeidar med på laget , som skal arbeide tett med, avdelingsleiarane, sjukepleierane og dei andre helsearbeiderane i tenesta.
Dersom dette høyres interessant ut, håper me at du søkjer.
God opplæring vert gitt .
Ullensvang kommune er omfatta av ordninga.
Alle som bur i ein av dei 189 kommunane på SSBs sentralitetsnivå 5 og 6 kan få sletta 25 000 kroner av utdanningsgjelda i året frå januar 2026. Du må vera busett i ein av desse kommunane, og vera yrkesaktiv, i minst eitt år. Du vil få sletta utdanningsgjeld kvart år, fram til gjelda er nedbetalt. Tiltaket gjeld all typar utdanningsgjeld, uavhengig av når ho er teken opp. Ein person som bur i ein av desse kommunane frå 1. januar 2025, eller flyttar dit når som helst etter denne datoen, vil etter eitt års butid vera kvalifisert til å få sletta gjeld.
Utgangspunktet er at alle søkjarnamn er offentlege etter Offentleglova. Det betyr at ditt namn vert gjort offentleg på kommunen si postliste når du har søkt ledig stilling.
For å gjera unntak må kommunen ha heimel i lova og vurdera konkret i kvar sak kva som er grunnen til unntaket.
I følgje offentleglova § 25 vert det stilt følgjande krav for å få unntak:
"Det kan likevel gjerast unntak fra innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkommande sjølv ber om det. Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga. I utlysinga skal det gjerast oppmerksam på at opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette."
Dei som vert tilsett i Ullensvang kommune får tilsendt arbeidsavtale til digital signering. Du får tilsendt sms og e-post med link til digital arbeidsavtale. Viss du har fått munnleg melding om at du er tilsett vil du få tilsendt arbeidsavtale. Viss du ikkje får e–post i innboksen din, sjekk uønska e-post/søppelpost, eller fylge følgjande link: https://signering.posten.no/