Enable job alerts via email!
En lokal helsetjeneste søker en sjukepleiar/paramedic til en 23,5 % fast helgestilling. Stillingen innebærer langvakter med arbeid bare hver fjerde helg. Det kreves norsk autorisasjon og kurs i akuttmedisin. Gode norskkunnskaper og IKT-kunnskaper er ønskelige. Dette er en spennende mulighet til å jobbe i et godt arbeidsmiljø.
23,5 % fast helgestilling som sjukepleiar/paramedic ved Sogn LMS
100% fast stilling som stilling
Sogn lokalmedisinske senter (Sogn LMS) har ansvar for legevaktformidling (legevaktstelefon) for kommunane i Sogn (Vik, Sogndal, Luster, Årdal, Aurland og Lærdal). Me er òg legevakt for kommunane i indre Sogn (Aurland, Årdal og Lærdal).
I Lærdal bur me ikkje meir enn rundt 2 200 menneske, men jammen skjer det mykje her! Store marknadar, musikkfestival, matfestival, gytefestival, varierte konsertar, motbakkeløp, terrengløp, fotballcup med gamle stjerner, vårfest og mykje anna.
Me har majestetiske fjell med eit vel av fantastiske turalternativ både til fots og på ski, masse fiskevatn og gode jaktmoglegheiter. Og me har eit koseleg sentrum heilt ned til fjorden med gamle, søte trehus. På dei mange åkrane i dalen dyrkar dyktige bønder poteter, grønsaker, bær og frukt i rikt monn.
Kommunen vår er faktisk veldig sentralt plassert – tre timars køyring til Bergen ein veg, fire timars køyring til Oslo andre vegen. Dessutan ligg «bygdebyen» Sogndal og turistmagneten Aurland berre ein dryg halvtime unna. Og me har lokalsjukehus.
Lærdal kommune har no ledig ei 23,5 % fast stilling som sjukepleiar i rein helgestilling. Arbeidet består av langvakter på 12 timar, med arbeid berre kvar fjerde helg. Dette inneber at du får ein relativt høg stillingsprosent, sjølv om du jobbar éi helg i månaden. Stillinga eignar seg godt som supplerande inntekt til annan jobb eller studiar.
Krav til/ønskje om utdanning og kvalifikasjonar
Arbeidsoppgåver
Arbeidstid
Anna informasjon
Lønsvilkår
Det kan nemast at Lærdal kommune mellom anna har:
Les meir om Lærdal ved å klikka på denne lenkja
Link til søknadsskjema: Søk her