2 stillingar à 100% som pedagogisk leiar ved Eitrheimsvågen barnehage

Ullensvang kommune Eitrheimsvågen barnehage

Odda

On-site

NOK 700,000 - 900,000

Full time

7 days ago
Be an early applicant

Get a reply from this employer

Your resume and cover letter, tailored to exactly what they’re hiring for.

Get past ATS filters

Benefits offered by this job

Fleksibel arbeidstid
Lønn etter hovudtariffavtale
Gode pensjons- og forsikringsavtalar
Pedagogisk leiar-tillegg 36 000 kr
Rekrutteringstilskot 30 000 kr etter é
Rekrutteringstilskot 30 000 kr etter 2

Job summary

Eitrheimsvågen barnehage i Ullensvang søker to pedagogiske ledere som vil ha hovudansvar for å sikre trygt og utviklende miljø for barna. Du vil leie og veilede tilsette, planlegge og dokumentere det pedagogiske arbeidet og vere ein viktig del av eit stort fagmiljø.

På barnehagen er vi opptatt av inkludering, godt foreldresamarbeid og samarbeid med fagmiljøet. Vi tilbyr fleksibel arbeidstid, konkurransedyktig lønn etter hovudtariffavtale og gode pensjons- og forsikringsordningar.

Qualifications

  • Godkjent barnehagelærarutdanning, eller tilsvarande jf. barnehagelova § 25.
  • Gode norskkunnskapar.
  • Gode digitale ferdigheiter.

Responsibilities

  • Barna sin trivsel og utvikling i det daglege arbeidet med barna.
  • Planleggja, tilretteleggja, gjennomføra, vurdera og dokumentera det pedagogiske og praktiske arbeidet på avdelinga i samsvar med gjeldande lovverk.
  • Medverka til eit godt arbeidsmiljø.
  • Legga til rette for eit godt foreldresamarbeid.
  • Vurdera avdelinga sine samla ressursar; medarbeidaren sine kvalifikasjonar, tid, rammevilkår og barnegruppa.
  • At barn med spesielle behov vert integrerte i barnehagen og nytte av tilbodet.
  • Gje pedagogisk rettleiing på avdelinga.
  • Tverrfagleg samarbeid med ulike instansar.

Skills

Trygg leiar
Tydeleg leiar
Samarbeidsevner
Løysingsorientert
Evne til refleksjon

Education

Barnehagelærarutdanning

Job description

2 stillingar à 100% som pedagogisk leiar ved Eitrheimsvågen barnehage
Velkomen til oss i Eitrheimsvågen barnehage!

Eitrheimsvågen barnehage har 114 plassar fordelt på 6 avdelingar. Barnehagen ligg på Eitrheim i Odda og har fine naturområde, leikeplassar, ballbinge og fotballbane i nærleiken som vi nyttar oss av. Barnehagen består av to hus omslutta av eit stort uteareal med god plass til leik og samver.

Barnehagen jobbar med å skapa eit inkluderande barnehagemiljø. Vi ynskjer å laga ein trygg kvardag for små og store gjennom relasjonsbygging i dei daglege aktivitetane og å skapa gode rom for leik og vennskap. Vi satsar på å få i gang gode kvardagssamtalar frå vi møtest om morgonen, rundt kvardagsaktivitetar og i leik. Vi er opptekne av at alle born og vaksne skal bli sedd, møtt og forstått gjennom samtalar som tel.

Som pedagog i Eitrheimsvågen barnehage inngår du i eit stort fagmiljø med personale som er innstilt på samarbeid om fagleg kvalitet til brukarane.

Vi søkjer deg som:
  • Er ein trygg og tydeleg leiar som motiverer og rettleiar medarbeidarane dine med engasjement.

  • Er fagleg medviten og reflektert, og brenn for å skapa eit inkluderande og utviklande miljø for barna.

  • Er lydhøyr, omsorgsfull og leiken i møte med barn.

  • Har gode samarbeidsevner og kommuniserer godt med både kollegaer og foreldre.

  • Er fleksibel, løysingsorientert og trivst i ein uføreseieleg, men gjevande kvardag.

Arbeidsoppgåver
Som pedagogisk leiar har du ansvar for:
  • Barna sin trivsel og utvikling i det daglege arbeidet med barna.

  • Å planleggja, tilretteleggja, gjennomføra, vurdera og dokumentera det pedagogiske og praktiske arbeidet på avdelinga i samsvar med gjeldande lovverk.

  • Å medverka til eit godt arbeidsmiljø.

  • Å leggja til rette for eit godt foreldresamarbeid.

  • Å vurdera avdelinga sine samla ressursar; som medarbeidaren sine kvalifikasjonar, tid ein har til disposisjon, dei fysiske rammevilkåra til barnehagen og føresetnadene til barnegruppa.

  • At barn med spesielle behov vert integrerte i barnehagen, og har nytte av barnehagetilbodet.

  • Gje pedagogisk rettleiing på avdelinga.

  • Tverrfagleg samarbeid med ulike instansar.

Kvalifikasjonskrav
  • Godkjent barnehagelærarutdanning, eller tilsvarande jf. barnehagelova § 25.

  • Gode digitale ferdigheiter.

  • Gode norskkunnskapar.

Personlege eigenskapar

  • Gode samarbeidsevner.

  • Evne til å sjå og skapa ein god relasjon til alle barna.

  • Sjå barn, føresette og kollegaer som betydningsfulle og viktige for fellesskapet

  • Evne til refleksjon, gjera vurderingar og setja inn tiltak til det beste for barna.

  • God evne til å kommunisera og til å gje og få tilbakemelding.

  • Evne til å arbeida målretta og strukturert, sjølvstendig og i lag med andre.

  • Løysingsorientert, fleksibel og kreativ.

  • Robust.

  • Godt humør og positiv innstilling.

Vi tilbyr
  • Varierte arbeidsoppgåver og eit stort fagmiljø med engasjerte medarbeidarar.

  • Fleksibel arbeidstid og gode permisjons- og pensjonsvilkår.

  • Lønn etter hovudtariffavtalen og gode pensjons- og forsikringsavtalar.

  • Gode moglegheiter for kompetanseheving med støtte frå kommunen.

  • Pedagogisk leiar-tillegg på kr 36 000.

  • Rekrutteringstilskot for dei som har godkjent barnehagelærarutdanning: kr 30 000 etter eitt år og kr 30 000 etter to år.

Krav
  • Politiattest jf. gjeldande lov.

  • Sletting av utdanningsgjeld/studielån:

  • Ullensvang kommune er omfatta av ordninga.

  • Alle som bur i ein av dei 189 kommunane på SSBs sentralitetsnivå 5 og 6 kan få sletta 25 000 kroner av utdanningsgjelda i året frå januar 2026. Du må vera busett i ein av desse kommunane, og vera yrkesaktiv, i minst eitt år. Du vil få sletta utdanningsgjeld kvart år, fram til gjelda er nedbetalt. Tiltaket gjeld all typar utdanningsgjeld, uavhengig av når ho er teken opp. Ein person som bur i ein av desse kommunane frå 1. januar 2025, eller flyttar dit når som helst etter denne datoen, vil etter eitt års butid vera kvalifisert til å få sletta gjeld.

Til orientering om Offentleglova:

Utgangspunktet er at alle søkjarnamn er offentlege etter Offentleglova. Det betyr at ditt namn vert gjort offentleg på kommunen si postliste når du har søkt ledig stilling. For å gjera unntak må kommunen ha heimel i lova og vurdera konkret i kvar sak kva som er grunnen til unntaket. I følgje offentleglova § 25 vert det stilt følgjande krav for å få unntak:

"Det kan likevel gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkommande sjølv ber om det. Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga. I utlysinga skal det gjerast oppmerksam på at opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teken til følgje, skal søkjaren varslast om dette."

Arbeidsavtalar i Ullensvang kommune:

Dei som vert tilsett i Ullensvang kommune får tilsendt arbeidsavtale til digital signering. Du får tilsendt sms og e-post med link til digital arbeidsavtale. Viss du har fått munnleg melding om at du er tilsett vil du få tilsendt arbeidsavtale. Viss du ikkje får e–post i innboksen din, sjekk uønska e-post/søppelpost, eller fylgje følgjande link: https://signering.posten.no/

Link til søknadsskjema: Søk her

- ein ny, livskraftig og attraktiv kommune i Hardanger.Ullensvang kommune er ein attraktiv stad å bu, arbeida og starta næringsverksemd! Vi kan tilby spennande og meiningsfulle arbeidsoppgåver i ein kommune som er i utvikling. Her finn du fjord, fjell, fonn, frukt, landbruk, havbruk og verdsleiande industri i ein og same kommune. Kommunen har omlag 10 967 innbyggjarar, der Odda er administrasjonssenter i kommunen omkransa av sterke bygder.Oppdraget vårt er å levera gode tenestar, vera ein god samfunnsutviklar og arbeide for vidare vekst og utvikling i kommunen. Gjennom motiverte og dyktige medarbeidarar løyser vi dette viktige samfunnsoppdraget, og ynskjer å ha fleire med på laget.Vi ønsker medarbeidarar med ulik bakgrunn, fagkombinasjonar, kompetanse, livserfaring og perspektiv. Det gir oss eit mangfaldig arbeidsmiljø som set oss betre i stand til å løysa oppgåvene. Det gir oss eit mangfaldig arbeidsmiljø...

Get your free, confidential resume review.

or drag and drop your file here.

Similar jobs

Similar jobs worth comparing

Ringevikar som lærar ved Odda barneskole
Ringevikar som lærar ved Odda barneskole

Arbeidsplassen • Odda

On-site
NOK 550,000 - 650,000
Dyktige kollegaer
Lærerike arbeidsdager i høgt tempo
Lønn etter hovudtariffavtalen
100% stilling som pedagogisk leiar ved Rabben barnehage
100% stilling som pedagogisk leiar ved Rabben barnehage

Ullensvang kommune Rabben barnehage • Odda

On-site
NOK 700,000 - 800,000
Lønn i tariffavtale
Pensjons- og forsikringsavtalar
Utdanningsstipend
+2
Ringevikar Rabben barnehage
Ringevikar Rabben barnehage

Ullensvang kommune Rabben barnehage • Odda

On-site
NOK 248,000 - 317,000
Løn etter tariff
Varierte arbeidsoppgåver
Inkluderande læringsmiljø
Ringevikar ved Skare barnehage
Ringevikar ved Skare barnehage

Ullensvang kommune Skare barnehage • Skare

On-site
NOK 262,000 - 317,000
100% stilling som lærar ved Vikebygd skule
100% stilling som lærar ved Vikebygd skule

Ullensvang kommune Vikebygd skule • Ullensvang

On-site
NOK 540,000 - 720,000
Rekrutteringstilskot: kr 30 000 etter
Permisjon- og senioravtalar
2 stillingar à 100% som sjukepleiar i Heimebaserte tenester
2 stillingar à 100% som sjukepleiar i Heimebaserte tenester

Ullensvang kommune Heimebaserte tenester Odda • Odda

On-site
NOK 520,000 - 680,000
Skreddarsydd arbeidstid
Turnus bonus
Turnus-tillegg 25k
+3
Ringevikar ved Odda barneskole, SFO
Ringevikar ved Odda barneskole, SFO

Arbeidsplassen • Odda

On-site
NOK 320,000 - 420,000
Lønn etter hovudtariffavtalen
IA og fleksibel arbeidstid
2 stillingar à 100% som pedagogisk leiar ved Eitrheimsvågen barnehage
2 stillingar à 100% som pedagogisk leiar ved Eitrheimsvågen barnehage

Vibeke Eitrheim • Odda

On-site
NOK 520,000 - 650,000
Pedagogisk leiar-tillegg 36 000 kr
Rekrutteringstilskot 30 000 kr
Fleksibel arbeidstid
100% stilling som verksemdsleiar ved Omsorgstenesten aust, Kinsarvik
100% stilling som verksemdsleiar ved Omsorgstenesten aust, Kinsarvik

Ullensvang kommune Helse- og omsorg • Odda

On-site
NOK 700,000 - 900,000
Fleksibel arbeidstid
Gode pensjons- og forsikringsordningar
Løn etter lokal avlønningsmodell forle
100% vikariat som musikklærar ved Jondal skule og Ullensvang kulturskole
100% vikariat som musikklærar ved Jondal skule og Ullensvang kulturskole

Ullensvang kommune Jondal skule • Sætveit

On-site
NOK 480,000 - 560,000
Godt arbeidsmiljø
Pedagogisk utviklingsmiljø
Bustadhjelp
+2
Top locations