100% stilling som pedagogisk leiar ved Rabben barnehage

Ullensvang kommune Rabben barnehage

Odda

On-site

NOK 700,000 - 800,000

Full time

3 days ago
Be an early applicant

A complete application in a minute

Tailored resume and cover letter, ready to send.

Get past ATS filters

Benefits offered by this job

Lønn i tariffavtale
Pensjons- og forsikringsavtalar
Utdanningsstipend
Pedagogisk leiar tillegg 36000
Rekrutteringstilskot 30000 etter eitt/

Job summary

Rabben barnehage i Odda søker 100% pedagogisk leiar frå 01.01.2027. Barnehagen er ein 5-avdelings barnehage med 74 barn/96 plassar, plassert ved Eide i Odda, nær vidaregåande skule og stadion. Barnehagen nyttar området rundt som læringsarena.

Vi søkjer ein medarbeidar som likar å arbeide med barn, er robust, omsorgsfull og tolmodig, og som har evne til å skape gode relasjonar. Løysingsorientert og kvalitetsfokus er viktig.

Qualifications

  • Barnehagelærarutdanning eller tilsvarande jf. Barnehageloven §25
  • Norskferdigheiter i tråd med Barnehagelovens §28 ved utanlandske kvalifikasjonar
  • Gyldig politiattest må leggjast fram før oppstart
  • Grunnleggjande ferdigheiter med bruk av digitale verktøy

Responsibilities

  • Leie det pedagogiske arbeidet i tråd med aktuelt lovverk og styringsdokument
  • Planlegga, gjennomføra og evaluera det pedagogiske arbeidet saman med barna og andre tilsette på avdelinga
  • Organisera og leia avdelinga i ei tydeleg retning for å sikra eit læringsmiljø av høg kvalitet for alle barna
  • Vera aktiv i arbeidet med å vidareutvikla barnehagen som ein lærande organisasjon og i leiarteamet til barnehagen
  • Samarbeid med foreldre og andre instansar, som ppt og helsestasjon

Skills

Samarbeidsevne
Omsorgsfull
Tolmodig
Digital kompetanse

Education

Barnehagelærarutdanning

Job description

100% stilling som pedagogisk leiar ved Rabben barnehage

Ullensvang kommune har ledig 100% stilling, fast som pedagogisk leiar i Rabben barnehage frå 01.01.2027

Rabben barnehage er ein 5 avdelings barnehage med 74 barn/96 plassar, som ligg på Eide i Odda, nær den vidaregåande skulen, ungdomsskule og Odda stadion. Hovden naturområde ligg like ved. Barna skal oppleva tryggleik, trivsel, glede, leik, fellesskap, meistring og læring i barnehagen vår! Me nyttar heile nærområdet vårt som ein del av barnehagetilbodet. Barnehagen har mange faste turplassar og område som vi brukar til leik, læring og kunnskapsbygging om byen og naturen vår.

Likar du å jobbe med menneske og er glad i å vera ute i naturen i eit aktivt og kreativt arbeidsmiljø, der me jobbar for det beste for barna, er kanskje du den rette?

Rabben barnehage - heimeside

Vi ynskjer oss ein medarbeider som likar å arbeide med barn og har eit positivt barnesyn. Du likar å samarbeide med andre, er robust, omsorgsfull og tolmodig. Har evne til å skape gode relasjonar og vere løysingsorientert. Du er opptatt av kvalitet i barnehagen og ynskjer å utvikle deg fagleg og arbeide for eit godt arbeidsmiljø.

Arbeidsoppgåver
  • Leie det pedagogiske arbeidet i tråd med aktuelt lovverk og styringsdokument.

  • Planlegga, gjennomføra og evaluera det pedagogiske arbeidet saman med barna og andre tilsette på avdelinga.

  • Organisera og leia avdelinga i ei tydeleg retning for å sikra eit læringsmiljø av høg kvalitet for alle barna.

  • Vera aktiv i arbeidet med å vidareutvikla barnehagen som ein lærande organisasjon og i leiarteamet til barnehagen.

  • Samarbeid med foreldre og andre instansar, som ppt og helsestasjon.

Kvalifikasjonar og krav
  • Barnehagelærarutdanning, eller tilsvarande jf. Barnehageloven §25

  • Søkjarar med utanlandske kvalifikasjonar, må vedleggja dokumentasjon på at dei oppfyller kravet om norskferdigheiter i tråd med Barnehagelovens §28.

  • Gyldig politiattest må leggast fram før oppstart, jf. Løyve om barnehagar §30

  • Grunnleggjande ferdigheiter med bruk av digitale verktøy

Me tilbyr
  • Lønn i hht tariffavtale

  • Gode pensjons- og forsikringsavtalar

  • Gode utdanningsstipend

  • Pedagogisk leiar tillegg på kr 36 000

  • Rekrutteringstilskot for dei som har godkjent barnehagelærarutdanning kr 30 000 etter eitt år og kr 30 000 etter to år.

Sletting av utdanningsgjeld/studielån:

Ullensvang kommune er omfatta av ordninga.

Alle som bur i ein av dei 189 kommunane på SSBs sentralitetsnivå 5 og 6 kan få sletta 25 000 kroner av utdanningsgjelda i året frå januar 2026. Du må vera busett i ein av desse kommunane, og vera yrkesaktiv, i minst eitt år. Du vil få sletta utdanningsgjeld kvart år, fram til gjelda er nedbetalt. Tiltaket gjeld all typar utdanningsgjeld, uavhengig av når ho er teken opp. Ein person som bur i ein av desse kommunane frå 1. januar 2025, eller flyttar dit når som helst etter denne datoen, vil etter eitt års butid vera kvalifisert til å få sletta gjeld.

Til orientering om Offentleglova:

Utgangspunktet er at alle søkjarnamn er offentlege etter Offentleglova. Det betyr at ditt namn vert gjort offentleg på kommunen si postliste når du har søkt ledig stilling.
For å gjera unntak må kommunen ha heimel i lova og vurdera konkret i kvar sak kva som er grunnen til unntaket.
I følgje offentleglova § 25 vert det stilt følgjande krav for å få unntak:
"Det kan likevel gjerast unntak fra innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkommande sjølv ber om det. Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga. I utlysinga skal det gjerast oppmerksam på at opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Arbeidsavtalar i Ullensvang kommune:

Dei som vert tilsett i Ullensvang kommune får tilsendt arbeidsavtale til digital signering. Du får tilsendt sms og e-post med link til digital arbeidsavtale. Viss du har fått munnleg melding om at du er tilsett vil du få tilsendt arbeidsavtale. Viss du ikkje får e–post i innboksen din, sjekk uønska e-post/søppelpost, eller fylge følgjande link: https://signering.posten.no/

- ein ny, livskraftig og attraktiv kommune i Hardanger.Ullensvang kommune er ein attraktiv stad å bu, arbeida og starta næringsverksemd! Vi kan tilby spennande og meiningsfulle arbeidsoppgåver i ein kommune som er i utvikling. Her finn du fjord, fjell, fonn, frukt, landbruk, havbruk og verdsleiande industri i ein og same kommune. Kommunen har omlag 10 967 innbyggjarar, der Odda er administrasjonssenter i kommunen omkransa av sterke bygder.Oppdraget vårt er å levera gode tenestar, vera ein god samfunnsutviklar og arbeide for vidare vekst og utvikling i kommunen. Gjennom motiverte og dyktige medarbeidarar løyser vi dette viktige samfunnsoppdraget, og ynskjer å ha fleire med på laget.Vi ønsker medarbeidarar med ulik bakgrunn, fagkombinasjonar, kompetanse, livserfaring og perspektiv. Det gir oss eit mangfaldig arbeidsmiljø som set oss betre i stand til å løysa oppgåvene. I Ullensvang kommune er vi opptekne av mangfald og inkludering, det er viktig for oss å ha ein arbeidsstyrke som representerer befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifisert til å søkja, uavhengig av alder, kjønn og kjønnsidentitet, funksjonsevne, livssyn eller etnisk bakgrunn. Vi legg til rette arbeidsplassen ved behov.Tar du utfordringa ?

Get your free, confidential resume review.

or drag and drop your file here.

Similar jobs

Similar jobs worth comparing

Ringevikar Rabben barnehage
Ringevikar Rabben barnehage

Ullensvang kommune Rabben barnehage • Odda

On-site
NOK 248,000 - 317,000
Løn etter tariff
Varierte arbeidsoppgåver
Inkluderande læringsmiljø
Ringevikar ved Skare barnehage
Ringevikar ved Skare barnehage

Ullensvang kommune Skare barnehage • Skare

On-site
NOK 262,000 - 317,000
100% stilling som lærar ved Vikebygd skule
100% stilling som lærar ved Vikebygd skule

Ullensvang kommune Vikebygd skule • Ullensvang

On-site
NOK 540,000 - 720,000
Rekrutteringstilskot: kr 30 000 etter
Permisjon- og senioravtalar
Ringevikar som lærar ved Odda barneskole
Ringevikar som lærar ved Odda barneskole

Arbeidsplassen • Odda

On-site
NOK 550,000 - 650,000
Dyktige kollegaer
Lærerike arbeidsdager i høgt tempo
Lønn etter hovudtariffavtalen
Ringevikar ved Odda barneskole, SFO
Ringevikar ved Odda barneskole, SFO

Arbeidsplassen • Odda

On-site
NOK 320,000 - 420,000
Lønn etter hovudtariffavtalen
IA og fleksibel arbeidstid
100% stilling som pedagogisk leiar ved Rabben barnehage
100% stilling som pedagogisk leiar ved Rabben barnehage

Kristin Oppedal • Ullensvang

On-site
NOK 520,000 - 650,000
Lønn i hht tariffavtale
Pensjons- og forsikringsavtalar
Utdanningsstipend
+3
2 stillingar à 100% som sjukepleiar i Heimebaserte tenester
2 stillingar à 100% som sjukepleiar i Heimebaserte tenester

Ullensvang kommune Heimebaserte tenester Odda • Odda

On-site
NOK 520,000 - 680,000
Skreddarsydd arbeidstid
Turnus bonus
Turnus-tillegg 25k
+3
100% stilling som lærar ved Tyssedal barneskole
100% stilling som lærar ved Tyssedal barneskole

Ullensvang kommune Tyssedal barneskule • Odda

On-site
NOK 520,000 - 680,000
Løn etter hovudtariffavtalen
Gode permisjons- og pensjonsvilkår
Kjekke elevar og kollegaer
+3
100% stilling som verksemdsleiar ved Omsorgstenesten aust, Kinsarvik
100% stilling som verksemdsleiar ved Omsorgstenesten aust, Kinsarvik

Ullensvang kommune Helse- og omsorg • Odda

On-site
NOK 700,000 - 900,000
Fleksibel arbeidstid
Gode pensjons- og forsikringsordningar
Løn etter lokal avlønningsmodell forle
100% vikariat som musikklærar ved Jondal skule og Ullensvang kulturskole
100% vikariat som musikklærar ved Jondal skule og Ullensvang kulturskole

Ullensvang kommune Jondal skule • Sætveit

On-site
NOK 480,000 - 560,000
Godt arbeidsmiljø
Pedagogisk utviklingsmiljø
Bustadhjelp
+2