Get a reply from this employer
Your resume and cover letter, tailored to exactly what they’re hiring for.
Ullensvang kommune Vikebygd skule søkjer ein 100% fast lærar frå 01.01.2027. Skulen ligg i Ullensvang og har 29 elevar i skuleåret 2026-2027. Rollebeskrivelsen omfattar variert undervisning, samarbeid med foreldre og eksterne partar, samt mogleg kontaktlæraransvar.
Du må ha godkjend undervisningskompetanse og god IKT-evne, samt flytande norske språkferdigheiter. Løn etter gjeldande lover og avtalar, med gode pensjonsordningar – ein spennande og utviklande jobb i eit godt arbeidsmiljø.
Ei av våre kjekke kollegaer skal videre i anna jobb, og det vert difor ledig 100% fast stilling som lærar fra 01.01.2027 ved Vikebygd skule.
Vikebygd skule er ein fådelt barneskule med 29 elevar, i skuleåret 2026-2027, som ligg på Nå i Ullensvang kommune. Her møter ein eit dyktig og engasjert personale og herlege elevar.
Skulen ligg fint plassert med tilgong til både eit fint uteområde og eit rikt nærområde med mange moglegheiter. Vi nyttar oss aktivt av tilgang til fjord og fjell i både undervisning og SFO-tilbod.
Arbeide for eit trygt, godt og inkluderande skulemiljø.
Planleggja og gjennomføra variert undervisning i tråd med LK 20 og gjeldande lovverk.
Bidra til eit godt skule-heim samarbeid og samarbeid med eksterne partar.
Bidra til eit godt arbeidsmiljø.
100% fast stilling ved Vikebygd skule.
Ullensvang kommune er omfatta av ordninga.
Alle som bur i ein av dei 189 kommunane på SSBs sentralitetsnivå 5 og 6 kan få sletta 25 000 kroner av utdanningsgjelda i året frå januar 2026. Du må vera busett i ein av desse kommunane, og vera yrkesaktiv, i minst eitt år. Du vil få sletta utdanningsgjeld kvart år, fram til gjelda er nedbetalt. Tiltaket gjeld all typar utdanningsgjeld, uavhengig av når ho er teken opp. Ein person som bur i ein av desse kommunane frå 1. januar 2025, eller flyttar dit når som helst etter denne datoen, vil etter eitt års butid vera kvalifisert til å få sletta gjeld.
Utgangspunktet er at alle søkjarnamn er offentlege etter Offentleglova. Det betyr at ditt namn vert gjort offentleg på kommunen si postliste når du har søkt ledig stilling. For å gjera unntak må kommunen ha heimel i lova og vurdera konkret i kvar sak kva som er grunnen til unntaket. I følgje offentleglova § 25 vert det stilt følgjande krav for å få unntak: "Det kan likevel gjerast unntak fra innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkommande sjølv ber om det. Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga. I utlysinga skal det gjerast oppmerksam på at opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Dei som vert tilsett i Ullensvang kommune får tilsendt arbeidsavtale til digital signering. Du får tilsendt sms og e-post med link til digital arbeidsavtale. Viss du har fått munnleg melding om at du er tilsett vil du få tilsendt arbeidsavtale. Viss du ikkje får e–post i innboksen din, sjekk uønska e-post/søppelpost, eller fylge følgjande link: https://signering.posten.no/
Lenkje https://uustatus.no/nn/erklaringer/publisert/bac52677-0999-4760-90dd-d3d03abdaf49
- ein ny, livskraftig og attraktiv kommune i Hardanger.Ullensvang kommune er ein attraktiv stad å bu, arbeida og starta næringsverksemd! Vi kan tilby spennande og meiningsfulle arbeidsoppgåver i ein kommune som er i utvikling. Her finn du fjord, fjell, fonn, frukt, landbruk, havbruk og verdsleiande industri i ein og same kommune. Kommunen har omlag 10 967 innbyggjarar, der Odda er administrasjonssenter i kommunen omkransa av sterke bygder.Oppdraget vårt er å levera gode tenestar, vera ein god samfunnsutviklar og arbeide for vidare vekst og utvikling i kommunen. Gjennom motiverte og dyktige medarbeidarar løyser vi dette viktige samfunnsoppdraget, og ynskjer å ha fleire med på laget.Vi ønsker medarbeidarar med ulik bakgrunn, fagkombinasjonar, kompetanse, livserfaring og perspektiv. Det gir oss eit mangfaldig arbeidsmiljø som set oss betre i stand til å løysa oppgåvene. I Ullensvang kommune er vi opptekne av mangfald og inkludering, det er viktig for oss å ha ein arbeidsstyrke som representerer befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifisert til å søkja, uavhengig av alder, kjønn og kjønnsidentitet, funksjonsevne, livssyn eller etnisk bakgrunn. Vi legg til rette arbeidsplassen ved behov.Tar du utfordringa ?LenkjetekstTilgjengelegheitserklæring for nettsidsaLenkjehttps://uustatus.no/nn/erklaringer/publisert/bac52677-0999-4760-90dd-d3d03abdaf49