Get a reply from this employer
Your resume and cover letter, tailored to exactly what they’re hiring for.
Ullensvang kommune søker ein engasjert driftsleiar for turistinformasjonen og rådgjevar reiseliv til eit 100% vikariat frå 1. februar 2027 til 1. april 2028.
Hovudansvaret er dagleg drift og koordinering av turistinformasjonen i Odda, Kinsarvik og Jondal, og eit kontaktpunkt for gjester og næringsliv. Stillinga kombinerer operativt driftansvar med rådgjevarrolle i reiselivsutvikling, og gir stor sjølvstende samt moglegheit til påverke korleis vi møter og informerer besøkande.
100 % vikariat - Driftsleiar for turistinformasjon og rådgjevar reiseliv i Ullensvang kommune
Brenner du for Hardanger og ønsker en nøkkelrolle i utviklingen av reiselivet i Ullensvang kommune?
Ullensvang kommune er ein attraktiv reiselivskommune med store natur- og kulturopplevingar, sterke lokalsamfunn og eit reiseliv i stadig utvikling. Turistinformasjonen er ein viktig del av kommunen sitt vertskap og arbeidet med å utvikle Ullensvang som reisemål.
No søkjer kommunen ein engasjert og strukturert driftsleiar til eit 100 % vikariat i turistinformasjonen. Stillinga kombinerer operativt driftsansvar med ei spennande rolle som rådgjevar innan reiselivsutvikling.
Du får hovudansvaret for den daglege drifta og koordineringa av turistinformasjonen i Odda, Kinsarvik og Jondal, slik at gjester, innbyggjarar og reiselivsaktørar får eit heilskapleg og oppdatert informasjonstilbod. (Merk: Omfanget av drifta i Jondal og Kinsarvik er under vurdering i samband med kommande budsjettprosess, og ansvarsområdet kan difor bli justert.)
I tillegg til sjølve drifta blir du ein viktig sparringspartnar og rådgjevar for kommunen i reiselivsspørsmål, og bidreg til godt samspel med reiselivsnæringa og andre aktørar i regionen. Du får ein variert kvardag med stor grad av sjølvstende og moglegheit til å påverke korleis vi møter og informerer besøkande.
Hovudkontoret er i Odda, med aktivitet og møteverksemd i heile Ullensvang kommune. Stilling: 100 % vikariat fra 1. februar 2027 til 1. april 2028.
Sletting av utdanningsgjeld/studielån:
Ullensvang kommune er omfatta av ordninga.
Alle som bur i ein av dei 189 kommunane på SSBs sentralitetsnivå 5 og 6 kan få sletta 25 000 kroner av utdanningsgjelda i året fra januar 2026. Du må vera busett i ein av desse kommunane, og vera yrkesaktiv, i minst eitt år. Du vil få sletta utdanningsgjeld kvart år, fram til gjelda er nedbetalt. Tiltaket gjeld all typar utdanningsgjeld, uavhengig av når ho er teken opp. Ein person som bur i ein av desse kommunane fra 1. januar 2025, eller flyttar dit når som helst etter denne datoen, vil etter eitt års butid vera kvalifisert til å få sletta gjeld.
Utgangspunktet er at alle søkjarnamn er offentlege etter Offentleglova. Det betyr at ditt namn vert gjort offentleg på kommunen si postliste når du har søkt ledig stilling.
For å gjera unntak må kommunen ha heimel i lova og vurdera konkret i kvar sak kva som er grunnen til unntaket.
I følgje offentleglova § 25 vert det stilt følgjande krav for å få unntak:
"Det kan likevel gjerast unntak fra innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkommande sjølv ber om det. Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga. I utlysinga skal det gjerast oppmerksam på at opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette."
Arbeidsavtalar i Ullensvang kommune:
Dei som vert tilsett i Ullensvang kommune får tilsendt arbeidsavtale til digital signering. Du får tilsendt sms og e-post med link til digital arbeidsavtale. Viss du har fått munnleg melding om at du er tilsett vil du få tilsendt arbeidsavtale. Viss du ikkje får e–post i innboksen din, sjekk uønska e-post/søppelpost, eller fylge følgjande link: https://signering.posten.no/
- ein ny, livskraftig og attraktiv kommune i Hardanger.Ullensvang kommune er ein attraktiv stad å bu, arbeida og starta næringsverksemd! Vi kan tilby spennande og meiningsfulle arbeidsoppgåver i ein kommune som er i utvikling. Her finn du fjord, fjell, fonn, frukt, landbruk, havbruk og verdsleiande industri i ein og same kommune. Kommunen har omlag 10 967 innbyggjarar, der Odda er administrasjonssenter i kommunen omkransa av sterke bygder.Oppdraget vårt er å levera gode tenestar, vera ein god samfunnsutviklar og arbeide for vidare vekst og utvikling i kommunen. Gjennom motiverte og dyktige medarbeidarar løyser vi dette viktige samfunnsoppdraget, og ynskjer å ha fleire med på laget.Vi ønsker medarbeidarar med ulik bakgrunn, fagkombinasjonar, kompetanse, livserfaring og perspektiv. Det gir oss eit mangfaldig arbeidsmiljø som set oss betre i stand til å løysa oppgåvene. I Ullensvang kommune er vi opptekne av mangfald og inkludering, det er viktig for oss å ha ein arbeidsstyrke som representerer befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifisert til å søkja, uavhengig av alder, kjønn og kjønnsidentitet, funksjonsevne, livssyn eller etnisk bakgrunn. Vi legg til rette arbeidsplassen ved behov.Tar du utfordringa ?LenkjetekstTilgjengelegheitserklæring for nettsidsaLenkjehttps://uustatus.no/nn/erklaringer/publisert/bac52677-0999-4760-90dd-d3d03abdaf49