Get a reply from this employer
Your resume and cover letter, tailored to exactly what they’re hiring for.
Ullensvang kommune søkjer etter ein dyktig landbrukssjef som skal leie landbruksforvaltninga, koordinere oppgåver og sikre kvalitet i forvaltinga. Du vil vidareføre tilskotsordningar og tenderer som viltforvaltning og beitebruk innan ei kommune med leveransedyktig næringsliv.
Du vil samarbeide tett med næringsaktørar og regionale styresmakter, og vere ein sentral aktør i utviklinga av landbruket i området.
Vil du ha ei sentral rolle i ein av Noregs fremste landbruks- og fruktkommunar?
Ullensvang kommune søkjer etter ein dyktig, engasjert og strukturert landbrukssjef. Avdeling for landbruk og havbruk er plassert i verksemd for Samfunnsutvikling, og du vil få eit overordna fagleg ansvar for kommunen si landbruksforvaltning. Avdelinga for landbruk og havbruk har 5 årsverk.Personal - og budsjettansvar ligg til verksemdsleiar for Samfunnsutvikling.
Ullensvang er ein mangfaldig og langstrekt kommune frå fjord til fjell, med eit aktivt og framtidsretta landbruk. Her spelar fruktproduksjon, husdyrhald, skogbruk og utmarksforvaltning ei avgjerande rolle for både verdiskaping, busetjing og kulturlandskap. Som fagleiar får du moglegheit til å setje preg på utviklinga av næringa i tett samspel med dyktige kollegaer, næringsaktørar og regionale styresmakter.
Fagleg leiing, koordinering og kvalitetssikring innanfor landbruksforvaltninga
Forvaltning av tilskotsordningar (produksjonstilskot, RMP, SMIL, skogfond m.m.)
Viltforvaltning, beitebruk og oppgåver knytt til utmark og rovvilt
Utarbeiding av saksutgreiingar til politiske utval og klagehandsaming opp mot Statsforvaltaren
Rettleiing av grunneigarar, bønder og andre aktørar i næringa
Relevant høgare utdanning på bachelor- eller masternivå innan landbruk, naturforvaltning, agronomi, jus eller anna relevant fagområde
God kjennskap til offentleg forvaltning og relevant lov- og avtaleverk innan landbruk
Erfaring frå kommunal landbruksforvaltning og/eller fagleg leiing er ein stor fordel
God munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk (nynorsk er administrasjonsspråk i kommunen)
Du arbeider strukturert, sjølvstendig og har god oversikt i ein travel kvardag
Du møter innbyggjarar og næringsaktørar med respekt, god serviceinnstilling og rolleforståing
Personlege eigenskapar og eignaheit vil bli vektlagt
Ei spanande og utfordrande nøkkelstilling i ein kommune med sterke landbrukstradisjonar
Eit tverrfagleg arbeidsmiljø med engasjerte kollegaer
Moglegheit for fagleg utvikling og kurs
Løn etter avtale/tariff og gode pensjons- og forsikringsordningar i KLP
Ullensvang kommune er omfatta av ordninga.
Alle som bur i ein av dei 189 kommunane på SSBs sentralitetsnivå 5 og 6 kan få sletta 25 000 kroner av utdanningsgjelda i året frå januar 2026. Du må vera busett i ein av desse kommunane, og vera yrkesaktiv, i minst eitt år. Du vil få sletta utdanningsgjeld kvart år, fram til gjelda er nedbetalt. Tiltaket gjeld all typar utdanningsgjeld, uavhengig av når ho er teken opp. Ein person som bur i ein av desse kommunane frå 1. januar 2025, eller flyttar dit når som helst etter denne datoen, vil etter eitt års butid vera kvalifisert til å få sletta gjeld.
Utgangspunktet er at alle søkjarnamn er offentlege etter Offentleglova. Det betyr at ditt namn vert gjort offentleg på kommunen si postliste når du har søkt ledig stilling.
For å gjera unntak må kommunen ha heimel i lova og vurdera konkret i kvar sak kva som er grunnen til unntaket.
I følgje offentleglova § 25 vert det stilt følgjande krav for å få unntak:
"Det kan likevel gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkommande sjølv ber om det. Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga. I utlysinga skal det gjerast oppmerksam på at opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Dei som vert tilsett i Ullensvang kommune får tilsendt arbeidsavtale til digital signering. Du får tilsendt sms og e-post med link til digital arbeidsavtale. Viss du har fått munnleg melding om at du er tilsett vil du få tilsendt arbeidsavtale. Viss du ikkje får e–post i innboksen din, sjekk uønska e-post/søppelpost, eller fylge følgjande link: https://signering.posten.no/
- ein ny, livskraftig og attraktiv kommune i Hardanger.Ullensvang kommune er ein attraktiv stad å bu, arbeida og starta næringsverksemd! Vi kan tilby spennande og meiningsfulle arbeidsoppgåver i ein kommune som er i utvikling. Her finn du fjord, fjell, fonn, frukt, landbruk, havbruk og verdsleiande industri i ein og same kommune. Kommunen har omlag 10 967 innbyggjarar, der Odda er administrasjonssenter i kommunen omkransa av sterke bygder.Oppdraget vårt er å levera gode tenestar, vera ein god samfunnsutviklar og arbeide for vidare vekst og utvikling i kommunen. Gjennom motiverte og dyktige medarbeidarar løyser vi dette viktige samfunnsoppdraget, og ynskjer å ha fleire med på laget.Vi ønsker medarbeidarar med ulik bakgrunn, fagkombinasjonar, kompetanse, livserfaring og perspektiv. Det gir oss eit mangfaldig arbeidsmiljø som set oss betre i stand til å løysa oppgåvene. I Ullensvang kommune er vi opptekne av mangfald og inkludering, det er viktig for oss å ha ein arbeidsstyrke som representerer befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifisert til å søkja, uavhengig av alder, kjønn og kjønnsidentitet, funksjonsevne, livssyn eller etnisk bakgrunn. Vi legg til rette arbeidsplassen ved behov.Tar du utfordringa ?LenkjetekstTilgjengelegheitserklæring for nettsidsaLenkjehttps://uustatus.no/nn/erklaringer/publisert/bac52677-0999-4760-90dd-d3d03abdaf49