100% vikariat som helsefagarbeidar ved Mjøstølen avlastning

Ullensvang kommune Mjøstølen avlastning

Odda

On-site

NOK 420,000 - 540,000

Full time

11 days ago

A complete application in a minute

Tailored resume and cover letter, ready to send.

Get past ATS filters

Benefits offered by this job

Pensjons- og forsikringsordningar (IA)
Bustad hjelp ved flytting/pendling

Job summary

Ullensvang kommune søkjer ein engasjert helsefagarbeidar til eit 6 månadars vikariat ved Mjøstølen avlastning i Odda. Stillinga har 12,5-timarsvakter, med arbeid kvar tredje helg og god balanse mellom jobb og fritid.

Hos oss vil du arbeide i eit tverrfagleg og utviklande miljø med fokus på tryggheit, kvalitet og dokumentasjon, og du vil bidra i legemiddelhandtering samt oppfølging av brukarane sine behov.

Qualifications

  • Fagbrev som helsefagarbeidar må være dokumentert.
  • Gode skriftlege og munnlege framstillingsevner på norsk.
  • Erfaring med målretta miljøarbeid og håndtering av utfordrande åtferd kan vere ein føremon.

Responsibilities

  • Utføre målretta miljøarbeid og strukturere kvardagen etter brukarane sine behov.
  • Bidra i legemiddelhandtering og helsefaglege rutinane.
  • Delta i utvikling og kvalitetssikring av faglege planar og tiltak.
  • Samarbeide i tverrfagleg team og med pårørande.

Skills

Norsk (muntlig/skriftlig)
Samarbeid
Empati

Education

Fagbrev som helsefagarbeidar

Job description

Ullensvang kommune, tenesta for funksjonshemma, søkjer ein engasjert helsefagarbeidar i eit 6 månadars vikariat (100 %) ved Mjøstølen avlastning.

Mjøstølen tilbyr tenester til barn og unge vaksne med ulike funksjonsvariasjonar. Vi har sterkt fokus på å skapa eit trygt, føreseieleg og utviklande miljø for brukarane våre, i tett samarbeid med deira pårørande. Lokala våre ligg sentralt i Odda, med kort veg til både vakker natur og offentlege tilbod.

Stillinga inngår i ei langvaktsordning med 12,5-timarsvakter og arbeid kvar 3. helg. Denne turnusordninga gir gode moglegheiter for lengre friperiodar, noko som legg til rette for ein god balanse mellom jobb og fritid.

Ein tverrfagleg og utviklande arbeidsplass Hos oss set vi det tverrfaglege samarbeidet høgt. Vi meiner at ulik fagbakgrunn og brei kompetanse styrkjer kvaliteten på tenestene våre. Vi legg difor stor vekt på kunnskapsdeling, rettleiing og felles fagleg utvikling i eit inkluderande og støttande arbeidsmiljø.

Utøve målretta miljøarbeid og strukturere kvardagen ut frå brukarane sine individuelle behov og mål.

Bidra aktivt i eit tverrfagleg team internt, samt samarbeide med eksterne instansar og pårørande.

Bidra i legemiddelhandtering og følgje opp helsefaglege rutinar (føreset bestått legemiddelkurs/fullmakt).

Delta i å videreutvikle og kvalitetssikre faglege planar, tiltak og dokumentasjon.

Bidra til eit godt, trygt og fagleg oppdatert arbeidsmiljø.

Kvalifikasjonar
  • Fagbrev som helsefagarbeidar. Andre med interesse for brukargruppa og faget vert også oppmoda til å søkje.
  • God skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk.
  • Erfaring med målretta miljøarbeid og handtering av utfordrande åtferd er eit føremon.
Personlege eigenskapar
  • Er trygg i rolla si, engasjert og har gode evner til samarbeid.
  • Arbeider systematisk, strukturert og er fleksibel i møte med endringar.
  • Møter brukarar, pårørande og kollegaer med varme, respekt og ein god porsjon humor.
  • Er løysingsorientert og bidrar aktivt til eit positivt og ope arbeidsmiljø.
  • Personleg eignaheit vil bli sterkt vektlagt.
  • Ein meiningsfull og variert arbeidskvardag i eit sterkt fag- og fellesskapsmiljø.

Gode pensjons- og forsikringsordninger (IA-bedrift).

Kommunen kan vera behjelpeleg med å skaffe bustad dersom du pendlar eller flyttar til regionen.

Godkjend politiattest må leggjast fram før tiltreding.

Ullensvang kommune er omfatta av ordninga.

Alle som bur i ein av dei 189 kommunane på SSBs sentralitetsnivå 5 og 6 kan få sletta 25 000 kroner av utdanningsgjelda i året fra januar 2026. Du må vera busett i ein av desse kommunane, og vera yrkesaktiv, i minst eitt år. Du vil få sletta utdanningsgjeld kvart år, fram til gjelda er nedbetalt. Tiltaket gjeld all typar utdanningsgjeld, uavhengig av når ho er teken opp. Ein person som bur i ein av desse kommunane frå 1. januar 2025, eller flyttar dit når som helst etter denne datoen, vil etter eitt års butid vera kvalifisert til å få sletta gjeld.

Utgangspunktet er at alle søkjarnamn er offentlege etter Offentleglova. Det betyr at ditt namn vert gjort offentleg på kommunen si postliste når du har søkt ledig stilling.

For å gjera unntak må kommunen ha heimel i lova og vurdera konkret i kvar sak kva som er grunnen til unntaket.

I følgje offentleglova § 25 vert det stilt følgjande krav for å få unntak:

"Det kan likevel gjerast unntak fra innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkommande sjølv ber om det. Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga. I utlysinga skal det gjerast oppmerksam på at opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Dei som vert tilsett i Ullensvang kommune får tilsendt arbeidsavtale til digital signering. Du får tilsendt sms og e-post med link til digital arbeidsavtale. Viss du har fått munnleg melding om at du er tilsett vil du få tilsendt arbeidsavtale. Viss du ikkje får e–post i innboksen din, sjekk uønska e-post/søppelpost, eller fylge følgjande link: https://signering.posten.no/

- ein ny, livskraftig og attraktiv kommune i Hardanger.Ullensvang kommune er ein attraktiv stad å bu, arbeida og starta næringsverksemd! Vi kan tilby spennande og meiningsfulle arbeidsoppgåver i ein kommune som er i utvikling. Her finn du fjord, fjell, fonn, frukt, landbruk, havbruk og verdsleiande industri i ein og same kommune. Kommunen har omlag 10 967 innbyggjarar, der Odda er administrasjonssenter i kommunen omkransa av sterke bygder.Oppdraget vårt er å levera gode tenestar, vera ein god samfunnsutviklar og arbeide for vidare vekst og utvikling i kommunen. Gjennom motiverte og dyktige medarbeidarar løyser vi dette viktige samfunnsoppdraget, og ynskjer å ha fleire med på laget.Vi ønsker medarbeidarar med ulik bakgrunn, fagkombinasjonar, kompetanse, livserfaring og perspektiv. Det gir oss eit mangfaldig arbeidsmiljø som set oss betre i stand til å løysa oppgåvene. I Ullensvang kommune er vi opptekne av mangfald og inkludering, det er viktig for oss å ha ein arbeidsstyrke som representerer befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifisert til å søkja, uavhengig av alder, kjønn og kjønnsidentitet, funksjonsevne, livssyn eller etnisk bakgrunn. Vi legg til rette arbeidsplassen ved behov.Tar du uglown?LenkjetekstTilgjengelegheitserklæring for nettsidsaLenkje https://uustatus.no/nn/erklaringer/publisert/bac52677-0999-4760-90dd-d3d03abdaf49

Get your free, confidential resume review.

or drag and drop your file here.

Similar jobs

Similar jobs worth comparing

100% stilling som verksemdsleiar for Verksemd for inkludering
100% stilling som verksemdsleiar for Verksemd for inkludering

Ullensvang kommune Kultur, næring og samfunn • Odda

On-site
NOK 700,000 - 900,000
IA inkludering
Fleksibel arbeidstid
Gode permisjonsvilkår
+1
100% stilling som verksemdsleiar ved Omsorgstenesten aust, Kinsarvik
100% stilling som verksemdsleiar ved Omsorgstenesten aust, Kinsarvik

Ullensvang kommune Helse- og omsorg • Odda

On-site
NOK 700,000 - 900,000
Fleksibel arbeidstid
Gode pensjons- og forsikringsordningar
Løn etter lokal avlønningsmodell forle
Ledig stilling som BPA - assistent
Ledig stilling som BPA - assistent

DeepOcean • Hus

On-site
NOK 320,000 - 420,000
Ringevikar Rabben barnehage
Ringevikar Rabben barnehage

Ullensvang kommune Rabben barnehage • Odda

On-site
NOK 248,000 - 317,000
Løn etter tariff
Varierte arbeidsoppgåver
Inkluderande læringsmiljø
100% fast stilling som sjukepleiar / vernepleiar ved Eidesbrotet bofellesskap
100% fast stilling som sjukepleiar / vernepleiar ved Eidesbrotet bofellesskap

Ullensvang kommune Eidesbrotet bofellesskap • Odda

On-site
NOK 550,000 - 700,000
Overnatting mellom langvakter
Rekrutteringstilskot 50 000 kr + 50 ۰۰
Ringevikar som lærar ved Odda barneskole
Ringevikar som lærar ved Odda barneskole

Arbeidsplassen • Odda

On-site
NOK 550,000 - 650,000
Dyktige kollegaer
Lærerike arbeidsdager i høgt tempo
Lønn etter hovudtariffavtalen
Ringevikar ved Jondal skule
Ringevikar ved Jondal skule

Ullensvang kommune Jondal skule • Sætveit

On-site
NOK 289,000 - 358,000
100% vikariat som pedagogisk leiar ved Kinsarvik barnehage
100% vikariat som pedagogisk leiar ved Kinsarvik barnehage

Ullensvang kommune Kinsarvik barnehage • Odda

On-site
NOK 520,000 - 640,000
Gode pensjons- og forsikringsavtalar
Ringevikar ved Odda barneskole, SFO
Ringevikar ved Odda barneskole, SFO

Arbeidsplassen • Odda

On-site
NOK 320,000 - 420,000
Lønn etter hovudtariffavtalen
IA og fleksibel arbeidstid
Ringevikar ved Skare barnehage
Ringevikar ved Skare barnehage

Ullensvang kommune Skare barnehage • Skare

On-site
NOK 262,000 - 317,000
Top locations