Enable job alerts via email!
En lokal kommune i Lærdalsøyri søker en brukarstyrt personleg assistent til 100% vikariat i bu- og miljøtenesta. Du vil bidra til daglig oppfølging av personer med funksjonsnedsetjingar, og stillingen er åpen for alle, med prioritering for de med helsefaglig utdanning. Stillingen byr på et variert arbeid med muligheter for opplæring og veiledning i et godt arbeidsmiljø.
100% vikariat som brukarstyrt personleg assistent i bu- og miljøtenesta
I Lærdal bur me ikkje meir enn rundt 2 200 menneske, men jammen skjer det mykje her! Store marknadar, musikkfestival, matfestival, gytefestival, varierte konsertar, motbakkeløp, terrengløp, fotballcup med gamle stjerner, vårfest og mykje anna.
Me har majestetiske fjell med eit vel av fantastiske turalternativ både til fots og på ski, masse fiskevatn og gode jaktmoglegheiter. Og me har eit koseleg sentrum heilt ned til fjorden med gamle, søte trehus. På dei mange åkrane i dalen dyrkar dyktige bønder poteter, grønsaker, bær og frukt i rikt monn.
Kommunen vår er faktisk veldig sentralt plassert – tre timars køyring til Bergen ein veg, fire timars køyring til Oslo andre vegen. Dessutan ligg «bygdebyen» Sogndal og turistmagneten Aurland berre ein dryg halvtime unna. Og me har lokalsjukehus.
bu og miljøtenesta gjev tenester til unge og vaksne med varierande funksjonsnedsetjingar, og til personar med psykiske lidingar.
Arbeidsoppgåver:
Praktisk og personleg oppfølging i daglege gjeremål
Kvalifikasjonskrav til søkjar:
Stillinga er open på kompetansekravet, alle kan søkja! Søkjarar med 3 årig helsefagleg utdanning og fagarbeidarar innan helse vil bli prioriterte.
Personlege eigenskapar:
Me kan tilby:
Arbeidstid:
Turnusen er hovudsakleg langvakter og arbeid kvar 4.helg.
Lønsvilkår:
Løn etter tariff
Det kan nemast at Lærdal kommune mellom anna har:
I Lærdal kan du leva det gode liv saman med 2 200 andre lærdøler. Vår vakre bygd inst i Sognefjorden ligg midt mellom Oslo og Bergen . Store fjell- og utmarksområde byr på eit aktivt friluftsliv. Lærdal er ei kulturbygd med ein rik kulturarv. Vi kan nemne Borgund stavkyrkje, dei historiske vegane og gamle Lærdalsøyri.