100% stilling som verksemdsleiar ved Samfunnsutvikling

Twoja Norwegia

Odda

On-site

NOK 900,000 - 1,200,000

Full time

27 hours ago
Be an early applicant

Get a reply from this employer

Your resume and cover letter, tailored to exactly what they’re hiring for.

Get past ATS filters

Benefits offered by this job

Pensjons- og forsikringsordningar gj h

Job summary

Ullensvang kommune søker ein tydelig og engasjert verksemdsleiar for Samfunnsutvikling i 100 % stilling. Stillinga gir stor innflyting på korleis verksemda organiserast og ei sentral leiarrolle i berekraftig vekst og god tenesteyting til innbyggarar og næringsliv.

Du vil leiast og koordinera tre fagområde, setje strategisk retning, og sikre god økonomistyring samtidig som du byggjer uklåre og effektive samhandlingsarenaer internt og eksternt. Løn etter avtale ut frå kvalifikasjonar og erfaring.

Qualifications

  • Relevanta høgare utdanningar innan leiing, samfunnsfag, samfunnsplanlegging, juss eller økonomi.
  • Dokumentert leiarerfaring.
  • Erfaring frå offentleg forvaltning og politisk samspel.

Responsibilities

  • Overordna leiing av Samfunnsutvikling og organisering av verksemda.
  • Setje strategisk retning og sikre trygg økonomistyring.
  • Skape gode samhandlingsarenaer internt og eksternt.
  • Gjere saksførebuing og delta i politisk handsaming.
  • Vidareutvikle digitalisering og effektive arbeidsprosessar.

Skills

Lederskap
Strategisk planlegging
Økonomistyring
Tverrfagleg samarbeid
Kommunikasjon

Education

Høgare utdanning innan leiing / samfunnsfag

Job description

Vil du vera med og forma framtida i ein av dei mest spanande og mangfaldige distriktskommunane i landet?

Ullensvang kommune søkjer ein tydeleg, samlande og engasjert verksemdsleiar for Samfunnsutvikling i 100 % stilling.

Stillinga er ny og du vil få stor innflytelse på korleis du ønskjer å organisere verksemda.

Som verksemdsleiar får du ei sentral leiarrolle i kommunen sitt arbeid med å leggja til rette for berekraftig vekst, framtidsretta arealforvaltning, god forvaltningspraksis og gode tenester til innbyggjarar og næringslivet. Verksemda femnar om eit breitt og fagleg sterkt miljø, fordelt på tre fagområde:

Kvart fagområde har eigen fagleiar som ivaretek den daglege faglege oppfølginga, i samråd med deg. Di hovudoppgåve vert overordna leiing med særleg fokus på å vere ein samlande leiar som set det gode arbeidsmiljøet i fokus. I tillegg blir det viktig å sette strategisk retning, sørge for trygg økonomistyring og å skapa gode samhandlingsarenaer internt og eksternt. Verksemda har i dag eit samla ansvar for 21,15 årsverk.

Personalleiing og organisasjonsutvikling: Byggja eit trygt, tverrfagleg og motiverande arbeidsmiljø på tvers av dei tre fagområda der medarbeidarane har fokus på å spele kvarandre gode.

Økonomi- og verksemdsstyring: Ansvar for budsjett, økonomirapportering, ressursfordeling og måloppnåing innanfor eige tenesteområde.

Dialog og samhandling: Sikra at verksemda møter innbyggjarar, andre kommunale avdelingar, utbyggjarar og eit variert næringsliv (mellom anna landbruk, fruktdyrking, industri, og havbruk) på ein open, løysingsorientert og serviceinnstilt måte.

Saksførebuing og politisk dialog: Førebu saker til politisk handsaming, delta i politiske møter og bidra aktivt i rådmannen si utvida leiargruppe.

Utvikling og digitalisering: Vidareutvikla effektive arbeidsprosessar, gode digitale innbyggjartenester og rettleiing.

Relevant høgare utdanning på universitets- eller høgskulenivå (t.d. innan leiing, samfunnsfag, samfunnsplanlegging, juss, økonomi eller anna relevant fagkrins).

Dokumentert leiarerfaring, særleg innan personalleiing og økonomistyring.

Erfaring frå eller god innsikt i offentleg forvaltning, herunder aktuelt lovverk, og det politiske samspelet i ein kommune.

God munnleg og skriftleg framstillingsevne på nynorsk.

Personlege eigenskapar

Du motiverer tilsette, delegerer ansvar til fagleiarane og medarbeidarane og skapar felles retning.

Du er ein relasjonsbyggjar som er god til å lytte, etablere tillit og handtere ulike interesser i møte med innbyggjarar, næringsliv og folkevalde.

Du er strukturert og løysingsorientert. Du held oversikt over komplekse prosessar og har god gjennomføringskraft.

Du er utviklingsorientert og ser moglegheiter i samfunnsutviklinga og inspirerer til kontinuerleg forbetring. Du er framme i skoa når det gjeld digitalisering og framtidige løysingar for å gjere tenestene meir effektive og sikra kvalitet.


Personlege eigenskapar vert tillagde stor vekt.

Ei sentral leiarstilling med store moglegheiter til å påverka utviklinga i ein kommune med store naturressursar, industri, fruktdyrking og eit rikt kulturliv.

Eit kompetent, tverrfagleg og engasjert fagmiljø.

Løn etter avtale ut frå kvalifikasjonar og erfaring.

Gode pensjons- og forsikringsordningar gjennom KLP.

Ullensvang kommune er omfatta av ordninga.

Alle som bur i ein av dei 189 kommunane på SSBs sentralitetsnivå 5 og 6 kan få sletta 25 000 kroner av utdanningsgjelda i året frå januar 2026. Du må vera busett i ein av desse kommunane, og vera yrkesaktiv, i minst eitt år. Du vil få sletta utdanningsgjeld kvart år, fram til gjelda er nedbetalt. Tiltaket gjeld all typar utdanningsgjeld, uavhengig av når ho er teken opp. Ein person som bur i ein av desse kommunane frå 1. januar 2025, eller flyttar dit når som helst etter denne datoen, vil etter eitt års butid vera kvalifisert til å få sletta gjeld.

Utgangspunktet er at alle søkjarnamn er offentlege etter Offentleglova. Det betyr at ditt namn vert gjort offentleg på kommunen si postliste når du har søkt ledig stilling.
For å gjera unntak må kommunen ha heimel i lova og vurdera konkret i kvar sak kva som er grunnen til unntaket.
I følgje offentleglova § 25 vert det stilt følgjande krav for å få unntak:
"Det kan likevel gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkommande sjølv ber om det. Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga. I utlysinga skal det gjerast oppmerksam på at opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Dei som vert tilsett i Ullensvang kommune får tilsendt arbeidsavtale til digital signering. Du får tilsendt sms og e-post med link til digital arbeidsavtale. Viss du har fått munnleg melding om at du er tilsett vil du få tilsendt arbeidsavtale. Viss du ikkje får e–post i innboksen din, sjekk uønska e-post/søppelpost, eller fylge følgjande link: https://signering.posten.no/

Get your free, confidential resume review.

or drag and drop your file here.

Similar jobs

Similar jobs worth comparing

100% stilling som verksemdsleiar for Verksemd for inkludering
100% stilling som verksemdsleiar for Verksemd for inkludering

Gunnvor S. Medhus • Odda

On-site
NOK 850,000 - 1,100,000
Løn etter avtale
IA-ordning og fleksibel arbeidstid
Verksemdsleiar Ergo- og fysioterapi - utvikling og leiing
Verksemdsleiar Ergo- og fysioterapi - utvikling og leiing

Dagrun Myrland • Odda

On-site
NOK 600,000 - 700,000
Løn etter lokal avlønningsmodell
Gode muligheter for faglig utvikling
Fleksitid
100% vikariat som lager- og logistikkmedarbeidar ved Kommunalt hjelpemiddellager
100% vikariat som lager- og logistikkmedarbeidar ved Kommunalt hjelpemiddellager

Randi Rønhovde Opheim • Odda

On-site
NOK 480,000 - 600,000
Spennande arbeid
Lønn etter hovudtariffavtalen
Gode moglegheiter for kompetanseheving
+1
100% stilling som verksemdsleiar ved Samfunnsutvikling
100% stilling som verksemdsleiar ved Samfunnsutvikling

Ullensvang kommune Kultur, næring og samfunn • Odda

On-site
NOK 900,000 - 1,200,000
Pensjons- og forsikringsordningar (KLP
100% stilling som helsefagarbeidar ved Omsorgstenesten vest, Utneheimen
100% stilling som helsefagarbeidar ved Omsorgstenesten vest, Utneheimen

Kari Skare Storhei • Ullensvang

On-site
NOK 420,000 - 540,000
Varierte oppgåver
Spennande arbeid
Lønn etter tariffavtale
+4
100% stilling som helsefagarbeidar ved Omsorgstenesten vest, Utneheimen
100% stilling som helsefagarbeidar ved Omsorgstenesten vest, Utneheimen

Ullensvang kommune Omsorgstenesten vest, Utne • Ædna

On-site
NOK 480,000 - 600,000
Kompetanseutvikling
Årsturnus og langvakter
Fleksibel arbeidstid
+1
Ringevikar ved Jondal skule
Ringevikar ved Jondal skule

Sarah Marie Røstbø • Ullensvang

On-site
NOK 276,000 - 358,000
Leder for barne- og ungdomstenester (avlastning)
Leder for barne- og ungdomstenester (avlastning)

Harald Molven • Vestland

On-site
Confidential
Konkurransedyktige vilkår
Muligheter for kompetanseheving
Gode permisjons- og pensjonsordninger
100% stilling som verksemdsleiar ved Ergo- og fysioterapitenesten
100% stilling som verksemdsleiar ved Ergo- og fysioterapitenesten

Dagrun Myrland • Odda

On-site
NOK 600,000 - 700,000
Løn etter lokal avlønningsmodell
Gode muligheter for faglig utvikling
Fleksitid
100% vikariat som helsefagarbeidar ved Mjøstølen avlastning
100% vikariat som helsefagarbeidar ved Mjøstølen avlastning

Tor Larssen Sekse • Odda

On-site
NOK 480,000 - 600,000
Gode pensjons- og forsikringsordningar
Kommunen kan hjelpa med bustad ved fly
Top locations