100% vikariat som helsefagarbeidar ved Mjøstølen avlastning

Tor Larssen Sekse

Odda

On-site

NOK 480,000 - 600,000

Full time

11 days ago

Get a reply from this employer

Your resume and cover letter, tailored to exactly what they’re hiring for.

Get past ATS filters

Benefits offered by this job

Gode pensjons- og forsikringsordningar
Kommunen kan hjelpa med bustad ved fly

Job summary

Ullensvang kommune i Odda søker helsefagarbeidar i eit 6 månadars vikariat ved Mjøstølen avlastning. Det er eit 100 % behov med 12,5-timarsvakter og arbeid kvar tredje helg, som gir rom for lengre friperiodar.

Arbeidsplassen fokuserer på trygge og utviklande miljø for barn og unge vaksne med funksjonsvariasjonar, i tett samarbeid med pårørande. Ein tverrfagleg og utviklande arbeidsplass med fokus på kunnskapsdeling.

Qualifications

  • Fagbrev som helsefagarbeidar.
  • God skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk.
  • Erfaring med målretta miljøarbeid og utfordrande åtferd er eit føremon.
  • God digital kompetanse og erfaring med pasientjournal.

Responsibilities

  • Utøve målretta miljøarbeid og strukturere kvardagen ut frå brukarane sine individuelle behov og mål.
  • Bidra i eit tverrfagleg team internt og med eksterne instansar og pårørande.
  • Bidra i legemiddelhandtering og følgje opp helsefaglege rutinar.
  • Delta i å vidareutvikle og kvalitetssikre faglege planer, tiltak og dokumentasjon.
  • Bidra til eit godt, trygt og fagleg oppdatert arbeidsmiljø.

Skills

Gode skriftleg og munnleg framstilling
Erfaring med målretta miljøarbeid
God digital kompetanse og pasientjourn

Education

Fagbrev som helsefagarbeidar

Job description

Helsefagarbeidar 100 % stilling (6 månadars vikariat) – Mjøstølen avlastning

Ullensvang kommune, tenesta for funksjonshemma, søkjer ein engasjert helsefagarbeidar i eit 6 månadars vikariat (100 %) ved Mjøstølen avlastning.

Mjøstølen tilbyr tenester til barn og unge vaksne med ulike funksjonsvariasjonar. Vi har sterkt fokus på å skapa eit trygt, føreseieleg og utviklande miljø for brukarane våre, i tett samarbeid med deira pårørande. Lokala våre ligg sentralt i Odda, med kort veg til både vakker natur og offentlege tilbod.

Stillinga inngår i ei langvaktsordning med 12,5-timarsvakter og arbeid kvar 3. helg. Denne turnusordninga gir gode moglegheiter for lengre friperiodar, noko som legg til rette for ein god balanse mellom jobb og fritid.

Ein tverrfagleg og utviklande arbeidsplass Hos oss set vi det tverrfaglege samarbeidet høgt. Vi mener at ulik fagbakgrunn og brei kompetanse styrkjer kvaliteten på tenestene våre. Vi legg difor stor vekt på kunnskapsdeling, rettleiing og felles fagleg utvikling i eit inkluderande og støttande arbeidsmiljø.

Arbeidsoppgåver Som helsefagarbeidar hos oss vil du få varierte og ansvarsfulle oppgåver. Du vil mellom anna:
  • Utøve målretta miljøarbeid og strukturere kvardagen ut frå brukarane sine individuelle behov og mål.

  • Bidra aktivt i eit tverrfagleg team internt, samt samarbeide med eksterne instansar og pårørande.

  • Bidra i legemiddelhandtering og følgje opp helsefaglege rutinar (føreset bestått legemiddelkurs/fullmakt).

  • Delta i å vidareutvikle og kvalitetssikre faglege planer, tiltak og dokumentasjon.

  • Bidra til eit godt, trygt og fagleg oppdatert arbeidsmiljø.

Kvalifikasjonar
  • Fagbrev som helsefagarbeidar. Andre med interesse for brukargruppa og faget vert også oppmoda til å søkje.

  • God skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk.

  • Erfaring med målretta miljøarbeid og håndtering av utfordrande åtferd er eit føremon.

  • God digital kompetanse og erfaring med pasientjournal.

Personlege eigenskapar
Vi søkjer ein medarbeidar som:
  • Er trygg i rolla si, engasjert og har gode evner til samarbeid.

  • Arbeider systematisk, strukturert og er fleksibel i møte med endringar.

  • Møter brukarar, pårørande og kollegaer med varme, respekt og ein god porsjon humor.

  • Er løysingsorientert og bidrar aktivt til eit positivt og ope arbeidsmiljø.

Personleg eignaheit vil bli sterkt vektlagt.

Vi tilbyr
  • Ein meiningsfull og variert arbeidskvardag i eit sterkt fag- og fellesskapsmiljø.

  • Løn etter hovudtariffavtalen.

  • Gode pensjons- og forsikringsordningar (IA-bedrift).

  • Kommunen kan vera behjelpeleg med å skaffe bustad dersom du pendlar eller flyttar til regionen.

Krav og vilkår
  • Godkjend politiattest må leggjast fram før tiltreding.

Oppstart:
Snarast etter avtale

Kontaktperson:

Harald Molven Verksemdsleiar

E-post: harald.molven@ullensvang.kommune.no

Tlf: 97 43 66 62

Sletting av utdanningsgjeld/studielån:

Ullensvang kommune er omfatta av ordninga.

Alle som bur i ein av dei 189 kommunane på SSBs sentralitetsnivå 5 og 6 kan få sletta 25 000 kroner av utdanningsgjelda i året frå januar 2026. Du må vera busett i ein av desse kommunane, og vera yrkesaktiv, i minst eitt år. Du vil få sletta utdanningsgjeld kvart år, fram til gjelda er nedbetalt. Tiltaket gjeld all typar utdanningsgjeld, uavhengig av når ho er teken opp. Ein person som bur i ein av desse kommunane frå 1. januar 2025, eller flyttar dit når som helst etter denne datoen, vil etter eitt års butid vera kvalifisert til å få sletta gjeld.

Til orientering om Offentleglova:

Utgangspunktet er at alle søkjarnamn er offentlege etter Offentleglova. Det betyr at ditt namn vert gjort offentleg på kommunen si postliste når du har søkt ledig stilling.
For å gjera unntak må kommunen ha heimel i lova og vurdera konkret i kvar sak kva som er grunnen til unntaket.
I følgje offentleglova § 25 vert det stilt følgjande krav for å få unntak:
"Det kan likevel gjerast unntak fra innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkommande sjølv ber om det. Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga. I utlysinga skal det gjerast oppmerksam på at opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Arbeidsavtalar i Ullensvang kommune:

Dei som vert tilsett i Ullensvang kommune får tilsendt arbeidsavtale til digital signering. Du får tilsendt sms og e-post med link til digital arbeidsavtale. Viss du har fått munnleg melding om at du er tilsett vil du få tilsendt arbeidsavtale. Viss du ikkje får e–post i innboksen din, sjekk uønska e-post/søppelpost, eller fylge følgjande link: https://signering.posten.no/

Get your free, confidential resume review.

or drag and drop your file here.

Similar jobs

Similar jobs worth comparing

75% stilling som sjukepleiar ved Omsorgstenesten aust, Kinsarvik
75% stilling som sjukepleiar ved Omsorgstenesten aust, Kinsarvik

Kari Skare Storhei • Hus

On-site
NOK 520,000 - 760,000
Lønn etter hovudtariffavtalen
Gode rekrutteringsavtaler
Kompetanseheving med støtte frå kommun
+1
Legdige stilling som helsefagarbeidar ved Eide helsetun
Legdige stilling som helsefagarbeidar ved Eide helsetun

Roald Nissestad • Odda

On-site
NOK 420,000 - 520,000
Inkluderande arbeidsmiljø
Moderne og trivelege arbeidslokale
Opplæring og rettleiing
+1
Leder for barne- og ungdomstenester (avlastning)
Leder for barne- og ungdomstenester (avlastning)

Harald Molven • Vestland

On-site
Confidential
Konkurransedyktige vilkår
Muligheter for kompetanseheving
Gode permisjons- og pensjonsordninger
100% vikariat som lager- og logistikkmedarbeidar ved Kommunalt hjelpemiddellager
100% vikariat som lager- og logistikkmedarbeidar ved Kommunalt hjelpemiddellager

Randi Rønhovde Opheim • Odda

On-site
NOK 480,000 - 600,000
Spennande arbeid
Lønn etter hovudtariffavtalen
Gode moglegheiter for kompetanseheving
+1
100% fast stilling som sjukepleiar / vernepleiar ved Eidesbrotet bofellesskap
100% fast stilling som sjukepleiar / vernepleiar ved Eidesbrotet bofellesskap

Simona Jurkiene • Odda

On-site
NOK 520,000 - 620,000
Rekrutteringstilskot
Overnatting mellom langvakter
Spennande faglege utfordringar
+2
100% vikariat som avdelingsleiar ved Mjøstølen avlastning
100% vikariat som avdelingsleiar ved Mjøstølen avlastning

Harald Molven • Vestland

On-site
Confidential
Konkurransedyktige vilkår
Muligheter for kompetanseheving
Gode permisjons- og pensjonsordninger
100% stilling som verksemdsleiar ved Ergo- og fysioterapitenesten
100% stilling som verksemdsleiar ved Ergo- og fysioterapitenesten

Dagrun Myrland • Odda

On-site
NOK 600,000 - 700,000
Løn etter lokal avlønningsmodell
Gode muligheter for faglig utvikling
Fleksitid
Verksemdsleiar Ergo- og fysioterapi - utvikling og leiing
Verksemdsleiar Ergo- og fysioterapi - utvikling og leiing

Dagrun Myrland • Odda

On-site
NOK 600,000 - 700,000
Løn etter lokal avlønningsmodell
Gode muligheter for faglig utvikling
Fleksitid
Ringevikar Rabben barnehage
Ringevikar Rabben barnehage

Kristin Oppedal • Ullensvang

On-site
NOK 248,000 - 331,000
Løn etter tariff
Ullensvang studielånsletting
100% stilling som lærar ved Tyssedal barneskole
100% stilling som lærar ved Tyssedal barneskole

Ruth Therese Hylland Gravdal • Ullensvang

On-site
NOK 520,000 - 640,000
Løn etter hovudtariffavtalen
Gode permisjonsvilkår
Gode pensjonsvilkår
Top locations