Enable job alerts via email!
En kommune i Vestland søker en Helsefagarbeidar til Helse og Velferd i Måløy. Stillingen innebærer variert arbeid på ulike avdelinger med fokus på pleie og omsorg. Det er viktig med faglig engasjement og gode samarbeidsevner. Lønn på 20 000,- tillegg per år. Kontaktperson er Lillian Frøyen, Bemanningskonsulent.
Kan du tenke deg å jobbe i Helse og Velferd i Måløy-delen av Kinn? Vi har starta opp med bemanningssenter og du har no ein unik moglegheit til å bli betre kjent og få utdanning innan Helse og velferd. Bemanningssenteret i Måløy skal gje tenester til både heimetenesta, institusjon og miljøtenesta.
Du vil ha fast turnus der du arbeider i ulike tenester etter kva behov dei har for vikar. Til dømes innafor heimeteneste eller institusjon. Arbeidshelg har du i ei fast teneste, der leiar har arbeidsgiveransvaret for deg. Synest du dette høyrest spennande ut, kan du bli ein del av vårt bemanningssenter. Vi har no ledig stilling med fast helg på Kulatoppen omsorgssenter, men du kan og melde interesse til Måløy heimeteneste og Måløy miljøteneste. Du jobbar vekedagar etter behov i den tenesta du har helgestilling i tillegg til ei eller to andre tenester etter avtale.
Du jobber med stell, pleie og yting av god omsorg til pasientane, sikrar god dokumentasjon og deltar i tverrfagleg samarbeid, bruk av kliniske verktøy, oppfølging, kartlegging og vurdering av pasientar i samarbeid med sjukepleiar, faglege prosedyre og medikamenthandtering.
Helsefagarbeidar
Lærlingar i helsefag som blir ferdig utdanna i 2024/2025 kan søkje
Ufaglærte som binder seg til å ta utdanning innan helse
Vi søkjer deg som synes utfordringar og varierte arbeidsdagar i fleire tenester høyrast kjekt ut. Du må like endring i både arbeidsoppgåver og tenestestad. Som tilsett i bemanningseininga vil du vere vikaren som kjem inn når avdelinga treng det fordi nokon er sjuke.
Eigenskapar som vi meinar er viktig å ha, er:
Vi tilbyr varierte arbeidsdagar og mange kjekke kollegaer, og ein stor moglegheit til å bli kjent med mange avdelingar og drifta der.
Du vil få kr 20 000,- pr. år som tillegg på årslønna.
Lillian Frøyen, Bemanningskonsulent, 41536121, lillian.froyen@kinn.kommune.no
Gate 1 64, 6700 Måløy
Arbeidsgivar: Kinn kommune
Referansenr.: 4902697686
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 31.10.2025
Vår visjon: I Kinn har vi gode fungerande lokalsamfunn, der vi realiserer det store potensiale på kysten, flotte bu- og fritidsområde og ei berekraftig utvikling. Vi er ein av dei største kommunane i Vestland fylke med våre 17.386 innbyggarar. Som arbeidsgjevar har vi med oss 1632 tilsette, og vi ønskjer deg velkommen med på laget. I alle stillingar knytta til helse og velferd og alle stillingar i oppvekst - må tilsette pårekne koordinatoransvar.