A complete application in a minute
Tailored resume and cover letter, ready to send.
Fjord1 - Maritim Drift søker no etter ein 1.maskinist til sambandet Arsvågen–Mortavika på MF Raunefjord. Dagskift, 2 veker på og 2 veker fri, med ei arbeidsveke på 85 timar. Du kan bu heim etter endt vakt eller bu om bord.
Du vil vere maskinsjefen sin stedfortredar og få utviklingsmoglegheiter innan maskinfaget i eit travelt, trygt miljø. Oppstart så snart som mogleg, men tidspunkt vert avtalt nærare.
Vi søker no etter ein 1.maskinist til sambandet Arsvågen–Mortavika, p.t. MF Raunefjord.
Arbeidsordninga er dagskift, 2 veker på og 2 veker fri, med ei arbeidsveke på 85 timar. Du kan reise heim etter endt vakt, men det er og mogleg å bu om bord dersom du ønsker det. Dette er ei ordning som gir god balanse mellom jobb, familieliv og fritid.
I rolla som 1. maskinist har du eit stort ansvar i drifta av fartøyet og fungerer som maskinsjefen sin stedfortredar.Her får du moglegheit til å utvikle deg vidare innan maskinfaget og bygge kompetanse på gassfartøy – ei erfaring som er ettertrakta.Du vil her jobbe på eit av dei mest trafikkerte ferjesambanda, i ein travel, men trygg kvardag med godt samarbeid.
Oppstart er så snart som mogleg, men endeleg oppstartstidspunkt vert avtalt nærare.
Aktuelle kandidatar blir vurderte og tilsette fortløpande.
Fjord1 dekker IGF kurs og krise-/og passasjerhandtering for aktuelle kandidatar.
Vi søkjer ein sjølvstendig, og løsningsorientert 1.maskinist med teknisk innsikt, og god kommunikasjonsevne. Du må vere ansvarsbevisst, nøyaktig, samt evne å jobbe under press. Gode samarbeidsevner, og vektlegging på eit sikkert arbeidsmiljø er avgjørande. Vi ser etter ein fleksibel og løysingsorientert person som trives med ein variert arbeidskvardag.