A complete application in a minute — tailored resume and cover letter, ready to send.
Fjord1 - Maritim Drift søker maskinsjef til den elektriske ferja MF Samlafjord som trafikkerer sambandet Jondal–Tørvikbygd. Du blir ansvarleg for vedlikehald og overvaking av maskin- og energisystemer, og bidreg til høg driftssikkerheit.
Søknadsfrist 23.10.2026. Dei tilbyr fast stilling, godt arbeidsmiljø og velferdsordningar, inkludert hyttar, leiligheiter og treningstøtte.
Kvalvågnesvegen 681, 5956 Hundvin, 5620 Tørvikbygd
Stillingstittel Maskinsjef i sambandet Jondal–Tørvikbygd pt. MF Samlafjord
Vi søker ein maskinsjef til vår elektriske ferje MF Samlafjord, som trafikkerer sambandet mellom Jondal og Tørvikbygd.
Idette sambandet jobbar ein døgnskift - du er om bord eitt døgn og har fri eitt døgn i ein periode på 2 veker, deretter har du 2 veker samanhengande fri. I samband med skiftordninga bør ein bu innenfor rimeleg reiseveg til Jondal eller Tørvikbygd då rederiet ikkje har bofasilitetar det døgnet ein har fri.
Som maskinsjef vil du ha ei sentral rolle i å sikre effektiv drift og teknisk stabilitet om bord. Du får ansvar for vedlikehald og overvaking av maskineri og energisystem, og vil vere ein nøkkelperson i å oppretthalde høg driftssikkerheit på sambandet.
Fartøyet blei bygd i 2019 og har batteri som primær energikjelde iframdriftssystemet. Dette er eit viktig steg i vårt arbeid for å redusereutslepp og bidra til ei meir berekraftig framtid.
Her får du jobbe i eit godt fagmiljø saman med engasjerte og hyggelege kollegaer. Sambandet blir drifta av eit moderne fartøy frå 2019, som har batteri som primær energikjelde i framdriftssystemet. Fartøyet har gode fasilitetar om bord og tilbyr ein arbeidshverdag i vakre omgjevander.
Vi vurderer kandidatar fortløpande.
Utfør arbeidsoppgåvene i tråd med stillingsinstruksen.
Teknisk leiar om bord har ansvar for at skipet sitt tekniske utstyr og system fungerer i samsvar med krav frå klasseselskap og styresmakter.Du vil ha ei sentral rolle i vedlikehald etter AMOS-systemet, og bidra til attryggleikstyringssystemet følgjer ISM-koden.
Du skal bidra til energieffektiv og trygg drift av fartøyet gjennom målretta oppfølging av SEEMP-tiltak, energileiing og optimal bruk av teknisk utstyr i samsvar med ISO 50001.
Arbeidet omfattar opplæring av personell, oppdatering av vedlikehaldsdokumentasjon og reservedelsoversikt, samt budsjettering ogbestilling av teknisk utstyr. Du skal føre dagleg oversikt over forbruk avbrennolje, smøreolje og ferskvatn, og sikre at maskindagbøker og stoffkartoteker oppdaterte. Reinhald og brannførebygging inngår også i ansvarsområdet.
Rederiet dekkjer kurs i krise- og passasjerhandtering for den som er aktuell for stillinga.
Benedicte Ellingsen,Rekrutteringsmedarbeider,47887896, benedicte.ellingsen@fjord1.no
Kvalvågnesvegen 681
5956Hundvin
Arbeidsgiver: Fjord1 - Maritim Drift
Referansenr.: 5189692693
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 23.10.2026