An application made for this job — a tailored resume and cover letter that speak straight to the posting.
Fjord1 - Maritim Drift søkjer erfarne maskinsjefar til å koordinere teknisk drift i regionen Vestland og bidra til trygg og effektiv fartøydrift. Stillinga krev god kjennskap til AMOS, ISO 50001 og SEEMP-tiltak, samt evne til å handtere endringar i eit fagmiljø.
Fast turnus: 2 veker arbeid, 2 veker fri. Krav: M3-sertifikat, helseerklæring og språkkompetanse. Reiseavstand og biltilgang må vere til stades.
Vi søker no etter ein maskinsjef til ressursgruppa.
I denne stillinga vil du tenestegje på ulike samband i region Vestland.Du blir ein viktig ressurs som bidreg til kontinuitet og stabil drift på tvers av fleire fartøy og samband ved behov. Stillinga har fast turnus med 2 veker på arbeid og 2 veker fri, noko som gir ein god balanse mellom jobb og fritid.
Som maskinsjef vil du få ein variert og spennande arbeidskvardag med ulike fartøy, ruter og driftsutfordringar. Dette krev at du er fagleg trygg, sjølvstendig og tilpassingsdyktig.Du trivst med nye utfordringar, handterer endringar på ein god måte og evnar å ta raske og gode avgjerder når situasjonen krev det.
For å kunne utføre stillinga er det nødvendig at du disponerer eigen bil og bur innan rimeleg reiseavstand til aktuelle sambanda i regionen. Du vil få ein fast avløysingsavtale, og arbeidsgivar dekkjer reisekostnader utover 15 km mellom bustad og arbeidsstad.
Dette er ei unik moglegheit for deg som ønskjer brei erfaring frå ulike fartøy og samband. Du får arbeide saman med dyktige kollegaer på tvers av regionen, samtidig som du utviklar kompetansen din i eit variert og fagleg spennande miljø.
Aktuelle kandidatar blir kontakta fortløpande, og tilsetting skjer fortløpande.
Teknisk leiar om bord har ansvar for at skipet sitt tekniske utstyr og system fungerer i samsvar med krav frå klasseselskap og styresmakter. Du vil ha ei sentral rolle i vedlikehald etter AMOS-systemet, og bidra til at tryggleikstyringssystemet følgjer ISM-koden.
Du skal bidra til energieffektiv og trygg drift av fartøyet gjennom målretta oppfølging av SEEMP-tiltak, energileiing og optimal bruk av teknisk utstyr i samsvar med ISO 50001.
Arbeidet omfattar opplæring, teknisk vedlikehald og dokumentasjon, forbrukskontroll, reinhald og brannførebygging, og blir utført i tråd med gjeldande stillingsinstruks.
Rederiet dekkjer kurs i krise- og passasjerhandtering for den som er aktuell for stillinga.
Vi ser etter ein erfaren og dyktig maskinist som er ansvarsbevisst, fleksibel og tilpassingsdyktig. Du må ha gode samarbeidsevner, høgt fokus på tryggleik og kvalitet, og trivast med ein variert arbeidskvardag der endringar kan oppstå.
Benedicte Ellingsen,Rekrutteringsmedarbeider,47887896,benedicte.ellingsen@fjord1.no
Strandkaien
5013 Bergen
Arbeidsgiver: Fjord1 - Maritim Drift
Referansenr.: 5188294337
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 15.10.2026