Turn this role into an interview — a resume and cover letter built around what this employer wants.
Helse Bergen søker ein engasjert kandidat til eit forskingsprosjekt om adaptive og patologiske responsar ved yrkesdykking. Prosjektet er del av eit større samarbeid mellom offshore industripartnarar og Haukeland universitetssjukehus.
Stillinga er kortidsengasjement med vekt på praktisk erfaring innan blodplater, signalisering og prøvetaking frå dykkarar, og lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst.
Norsk senter for maritim medisin og dykkemedisin er lokalisert ved Yrkesmedisinsk avdeling i Helse Bergen. Senteret er eit nasjonalt fagmiljø for maritim medisin og dykkemedisin. Yrkesmedisinsk avdeling har ansvar for yrkesmedisinsk utreiing av yrkesdykkarar og akutthyperbar oksygenbehandling av m.a. dykkarar med trykkfallssjuke. Avdelinga arrangerer også seleksjonsmedisinske kurs for dykkarlegar og har fleire aktive forskingsprosjekt.
Senteret søker etter ein engasjert og dyktig kandidat til å delta i eit spennande forskingsprosjekt på adaptive og patologiske responsar ved yrkesdykking.
Stillinga er del av eit større prosjektsamarbeid mellom fleire offshore industripartnarar og Haukeland universitetssjukehus. I tillegg samarbeider vi med fleire andre forskingsmiljø i Noreg og utlandet. Målet med prosjektet er å forstå korleis kroppen tilpassar seg omgjevnadane under yrkesdykking og kva som skjer når denne tilpassinga sviktar. I prosjektet er det omfattande analysar av blod og urinprøvar frå dykkarar og frå laboratorieforsøk. Det er mogleg å lese meir utfyllande informasjon om prosjektet på nettsida til senteret: https://nsmdm.no
Stillinga er eit kortidsengasjement og det vil difor bli vektlagt praktisk erfaring med følgande metodar:
Vi søkjer etter kandidatar med følgjande kvalifikasjonar:
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av flere tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook .
Helse Vest skal så langt som råd avspelege mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.