An application made for this job — a tailored resume and cover letter that speak straight to the posting.
Helse Bergen for ein sentral operasjon i Haukeland universitetssjukehus søkjer tre portørar til 100% faste stillingar og eitt 100% vikariat til 31.12.2027 med mogleg forlenging. Arbeidet inkluderer pasientkontakt gjennom leiring, forflytting og transport, og støtte til operasjonsteama og operasjonsstovene.
Du bør ha fagbrev i forsyningslogistikk/portør eller gjennomført vidaregåande skule, vere påliteleg og samarbeidsvillig med høg arbeidsmoral, fleksibilitet og evne til å arbeide sikkert og
Sterilforsyning og støtteavdelinga er ei stor avdeling i klinikken med sine tre seksjonar. Samla sett består avdelinga sine kjerneområde av å ha ansvar for sikker utstyrsforsyning, leiring og forflytting av pasientar, reingjering, desinfeksjon og sterilisering nytta i operasjon- og anna pasientbehandling. Vi er ei attraktiv avdeling som gir tenester av høg kvalitet for å sikre at helsepersonell i pasientbehandling opplever god bistand gjennom service og forsyningslogistikk.
Vi ser nå etter tre nye portørar som kan fylle 100% stillingar i Støtte sentraloperasjon (SOP). Som medarbeidar hos oss vil du få mange varierte oppgåver og få gleda av å arbeide med svært kompetente kollegaer. Vi har ledig to 100% faste stillingar og eit 100% vikariat til 31.12.2027 med mogleg forlenging.
Nye oppgåver kan kome til og/eller endrast i takt med sjukehuset si utvikling og behov
Vi sørver ulike einingar innad såvel som utenfor Sentraloperasjonen. Rullering på ulike einingar må difor påreknast Nokre arbeidsoppgåver kan vere fysisk krevande
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook .
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.