A complete application in a minute
Tailored resume and cover letter, ready to send.
Habiliteringstenesta for barn og ungdom (HABU) søkjer ergoterapeut for eit 100% vikariat i eitt år frå mars 2027. Vi tilbyr eit tverrfagleg team rundt barnet og jobbar med barn og ungdom med omfattande funksjonsnedsettingar.
Du vil kartleggje og behandla pasientar i samsvar med pasientforløp, støtte barn og foreldre, og samarbeide med lokale fagpersonar. Søkjar må ha godkjend autorisasjon som ergoterapeut i Noreg.
Habiliteringstenesta for barn og ungdom (HABU) arbeider med barn og unge med nedsett funksjonsnivå. Vi arbeider for å betre livskvaliteten til desse barna og familiane deira. For å lukkast med dette har HABU eit tverrfagleg team kring barnet som består av legar, psykologar, spesialpedagogar, fysioterapeutar, ergoterapeutar, sosionom, vernepleiarar og logopedar.
Til saman er vi 36 høgkompetente medarbeidarar som blir motivert av teamarbeid og som brenn for å gje barn og unge ein betre kvardag. Vi har eit tett samarbeid med kommunehelsetenesta og ein stor del av samfunnsoppdraget vårt er rettleiing og opplæring av ressurspersonar kring barnet.
Vi har fra mars 2027 ledig 100% vikariat for spesialergoterapeut/ergoterapeut i eitt år. Vi søker deg som har erfaring i frå arbeid med barn med omfattande funksjonsvanskar, og som ønsker å gjere ein forskjell for desse.
Vedkommande som får tilbod om tilsetting må legge fram merknadsfri politiattest (vandel). Jfr Lov om helsepersonell §20A.
Vi oppfordrer alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning fra Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook .
Helse Vest skal så langt som råd avspelege mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.