A complete application in a minute
Tailored resume and cover letter, ready to send.
Helse Bergen søkjer ein seksjonsleiar hovud-hals til å leia preoperativt arbeid ved Øyre-nase-halsavdelinga. Arbeidet omfattar telefonkonsultasjonar, gjennomgang av medisinske tilstandar og info om inngrep før operasjon.
Nytta av god norsk skriftleg og munnleg kompetanse, samt evt. IKT- og EPJ-kunnskap, er vektlagt med fokus på kvalitet og pasientsikkerheit.
Bemanningssenteret har ein stor gruppe med helsepersonell tilsett, våre tilsette jobbar ved ulike avdelingar på sjukehuset. Vi søker etter medisinstudent med lisens som tilkallingsvikar ved Klinikk for hovud-hals, Øyre-nase-halsavedlinga.Aktuelle kandidatar vil bli tilsett via Bemanningssenteret i Helse Bergen, men vil gå vakter ved Øyre-nase-halsavedlinga
Arbeidstid: torsdagar frå kl 16:00 til 20:00 ved behov.
Øyre-nase-hals poliklinikken betener ei svært variert pasientgruppe. Vårt fag inkluderer mange av dei vanlegaste helseplager som finst ute i samfunnet. Det kan vere alt frå biholeplagar, mandlar og polyppar til snorking, håse stemmer, kremting og hoste. Mange har erfart plagar med svimmelheit, øyresus, allergi og tørr munn, eller naseblødingar, skadar og klumpar i hovud-/halsområdet. Dette greier vi ut.
Hovudoppgåva vil vere preoperativ klargjering av barn som ventar på operasjon ved Øyre-nase-halsavdelinga. Arbeidet vil i hovudsak bestå av telefonkonsultasjonar med føresette/pasient, gjennomgang av sjukehistorie og aktuell indikasjon for operasjon, samt informasjon om inngrepet og praktiske forhold før operasjon, mellom anna fastereglar og medikamentbruk.
Søknadsfrist:
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Klikk for å leggje til kart
Seksjonsleiar hovud-hals
Seksjonsleiar Helsepersonell, Bemanningssenteret
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook .
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.